Mest mogleg imot Obama

Det vert stadig tydelegare at den republikanske strategien føre presidentvalet i 2012 kjem til å vera unison motstand mot kvart einaste framlegg president Obama kjem med. Innanrikspolitisk er kalkulasjonen enkel. Dersom arbeidsløysa er høg når Obama stiller til attval, minskar sjansane for at han vinn. Difor har republikanarane eit klart insentiv til å motsetje seg kvart einaste tiltak for å stimulere økonomien og bringe ned arbeidsløysa. Det går tilfeldigvis også ganske godt i hop med dei politiske prinsippa til tea party-rørsla, sjølv om inaktivitet kan stå i direkte motstrid både til fokuset på «arbeid, arbeid, arbeid», som dei gjentok heile tida under valkampen i november, og endå meir i motstrid med nasjonens interesser i stort.

Men i utanrikspolitiske spørsmål er terrenget mindre oversiktleg. Den nykonservative fløya som George W. Bush-administrasjonen fekk inspirasjon til Irak-invasjonen frå er framleis ikkje heilt diskreditert, og representantar for establishment-delen av partiet blir slitne mellom ønskjet om å skrive seg inn i den amerikanske stordomstradisjonen, kor USA er global verdsleiar og moralsk ypparsteprest – ei line som har hatt brei tilslutnad både frå konservative idealistar og liberale haukar – og ein meir libertariansk, isolasjonistisk line, som ofte blir tilskriven tea party-rørsla.

I dag fekk vi moglegvis svaret på kva vi skal vente oss dersom desse to linene i den republikanske utanrikspolitiske debatten kjem i konflikt: Sjå på kva Obama meiner, og innta motsett standpunkt – uansett. Newt Gingrich, tidlegare speaker i Representanthuset og snart republikansk presidentkandidat, er, som den liberale nettsida ThinkProgress har peika på, eit døme på korleis det kan sjå ut når denne strategien blir sett ut i livet. I byrjinga av mars, medan Obama vekselvis freista å finne ei ikkje-militær løysing og å byggje ein koalisjon kor USA ikkje trong å spele den einaste hovudrolla, kravde Gingrich at det omgåande vart stelt istand ei flyforbodssone. Han skreiv seg såleis greitt inn i ein nykonservativ idealist-tradisjon, med den eine tydelege skilnaden i høve til Irak at det denne gongen faktisk var snakk om ein diktatur som utgjorde eit høgst reellt og umiddelbart trugsmål mot sitt eige folk. Difor var føremålet for Gingrich også klart. Det skulle gripast inn militært no, fordi det var eit høve til å jage ein diktatur vekk frå makta. Standpunktet var lett å forstå, og det skilte seg ikkje særleg frå andre potensielle presidentkandidatar som hadde uttalt seg om saka.

Oppsiktsvekkjande vart det difor ikkje før Gingrich nokså omgåande etter at Obama faktisk hadde bunde USA til militær inngripen, såg sitt snitt til igjen å posisjonere seg på motsett side av Obama. Ikkje berre er Gingrich no motstandar av Libya-aksjonen; han meiner den opnar ein heilt ny utanrikspolitisk praksis som det kan vere vanskeleg å sjå konsekvensane av. «The standard he has fallen back to, of humanitarian intervention, could have applied to Sudan, to North Korea, to Zimbabwe, to Syria (…), to Bahrain, to Yemen. This isn’t a serious standard, this is a public relations conversation,» sa Newt. Eg skal gje han rett i to ting: Obama-doktrinen er ikkje perfekt, og det amerikanske forsvaret er allereie slitent etter mange års krig i Afghanistan og Irak. Men det forklarer framleis ikkje kvifor Gingrich no plutseleg meiner nett det motsette av kva han meinte for to veker sidan. Innvendingane kunne vore dei same den gangen. Den einaste skilnaden er at Obama i mellomtida landa på den same sida som Gingrich. Men Obamas standpunkt er ærlegare, fordi det er enklare å argumentere for at stoda i Libya er vorte meir kritisk dei siste to vekene. Gingrich gjev ikkje opp nokre grunnar til at stoda er mindre kritisk no. Og sjølv om eg forstår innvendinga om at argumenta for inngripen i Libya kan rettferdiggjere inngrep i ei lang rekkje andre liknande høve, meiner eg Gingrich føreset ein utanrikspolitisk situasjonen som er langt meir ideell enn nokon vi nokon gang vil få sjå. Her er på line med The New Republics Jonathan Chait: «Why intervene in Libya and not elsewhere is a question that needs to be asked. But it’s not a question that needs to be asked to determine the wisdom of intervening in Libya

Men utsegnene frå Gingrich vert ikkje mindre merkeleg etter kvart. For å underbyggje at Libya-aksjonen er dårleg planlagt, klager han nemleg over at den arabiske ligaen vingler mellom å uttrykkje støtte og skepsis. Det verkar ikkje å ha gått opp for Gingrich at han sjølv ikkje framstår det spor mindre opportunistisk enn arabiske politikarar. Sjølv om han kritiserer Obama for det han kallar ei «amatørmessig» handtering av Libya-spørsmålet, skal Gingrich likevel ha ein viss ros for i det minste ikkje direkte å kritisere Obama frå den andre kanten i same åndedrag. Mange av rivalane hans har nemleg kritisert presidenten i skarpe ordelag for ikkje å ha teke ei tilstrekkjeleg tydeleg leiarrolle. For dei er det tilsynelatande audmjukande at Frankrike og Storbritannia no blir sett på som like store pådrivarar i Libya-aksjonen som USA. Det er den andre sida av Bush-administrasjonens gamle nykonservative idealisme som rører på seg. Mistrua til multilateralismen er så sterkt, og trua på den amerikanske eksepsjonalismen så blind, at eit kvart forsøk samarbeid som ikkje først er tvinga fram av amerikansk åleinegang (som i koalisjonen av dei viljuge under Irak-invasjonen), er å betrakte som ei undergraving av stordommen til USA. Til dømes har Mitt Romney nytta store delar av det siste året til å marknadsføre boka No Apology, som speler på at Obama etter hans meining reiser rundt i verda for å be om orsaking for alt som er bra med USA.

Tida vil vise om det har noko å seie at Gingrich avslører seg som ein opportunist i utanrikspolitiske spørsmål. Mange, inkludert underskrivne, trudde Russlands krig mot Georgia i Sør-Ossetia skulle medføre at utanrikspolitikk i det minste vart ein del av presidentvalkampen i 2008. Så sprakk finanskrisa, og utanrikspolitikk forsvann frå dagsordenen. Det skjer sannsynlegvis igjen. Det vi har lært av Gingrichs siste manøver er snarare at heller ikkje det republikanske utanrikspolitiske establishment står like sterkt som før. No blir debatten istaden driven meir av ein impuls som tilseier at det tryggaste andsynes eigne primærveljarar er å innta motsett standpunkt av Barack Obama. Viss dette standpunktet samstundes viser seg å vere brukbart i samsvar med dei meir isolasjonistiske straumdraga i tea party-rørsla eller dens politiske representantar – som til dømes Kentucky-senator Rand Paul – er det først og fremst ein bonus.

1 comment for “Mest mogleg imot Obama

  1. 24. mars, 2011 at 9:40 am

    What has changed?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*