Skrivekollektivet meiner: Storbritannia treng valreform

Det ser ynkeleg ut, men det er heilt naudsynt, når den liberaldemokratiske partileiaren og visestatsministeren Nick Clegg i eit intervju med The Guardian idag ber Labour-veljarane leggje til side ønskjet om å gje han ein på kjeften,, og  røyste for valreform. Labour ligg an til klar framgang i lokalvala, og Liberaldemokratane til ein klar smekk, men det er valreforma som tiltrekkjer seg mestepartem av merksemda. Når Clegg må trygle på denne måten, fortel det oss difor to ting. For det første at folkerøystinga er prega av like mykje annan politikk som det faktiske spørsmålet, og for det andre, at reformtilhengjarane slit med å fenge veljarane.

Det siste er synd. At det britiske valsystemet treng reform, har vore openbert heilt sidan først Dei Liberale, deretter SDP/Liberal Alliance, og no Liberaldemokratane igjen arbeidde seg opp til å bli eit truverdig tredjealternativ, frå 1970-talet og frametter. Dagens system – vinnaren-tek-alt – er godt tilpassa eit reellt topartisystem, som det amerikanske, men straffar mellomstore parti og veljarane deira knallhardt. Ingen regjeringar etter den liberale gjenkomsten – leidd av det vere seg Thatcher, Major, Blair eller Brown – har vore i nærleiken av å ha eit fleirtal av veljarane bak seg, men valordninga har likevel polstra dei med unaturlege solide parlamentariske fleirtal. Valreforma var trøystepremien Liberaldemokratane fekk for å gå i regjering med Dei Konservative, og misnøya med denne koalisjonen bør, som Clegg seier, ikkje få stå i vegen for eit valsystem som gir veljarane betre høve til å uttrykkje sine faktiske politiske preferansar.

I eit system med einmannskrinsar, som det britiske, gjev reformframlegget såleis god meining. Under det som blir kalla Alternative Vote (AV) får veljarane høve til å gje opp ikkje berre ein førstepreferanse, men også kven dei nest helst ville røysta på. Dersom ingen kandidat får 50% av førsterøystene, vil andrerøystene telje med, heilt til ein kandidat har fått over halvparten. Det kan redusere trongen for taktisk røysing, kor Dei Konservative på høgresida og Labour på venstresida har kunna skremme veljarane med at ei røyst på småpartia vil vere bortkasta, og såleis ei indirekte røyst til fienden. I Norge løyser vi dette med proporsjonalitet og listeval, men i en britisk kontekst ville AV vere eit stort framsteg.

Men nett fordi oppsida med AV er meir openbar for Liberaldemokratane enn for dei andre store partia, har det vore vanskeleg for ja-sida å vinne terreng. Dei Konservative er bastant imot av tradisjonelle og taktiske årsaker, medan Labour er delt omtrent på midten. I Labours tilfelle kan det i nokon grad koke ned til eit spørsmål om kva ein har lært av parlamentsvalet i 2010. Reformtilhengjarane argumenterer med at reforma kan gjere det mogleg å byggje ein permanent progressiv allianse mellom Labour og Liberaldemokratane, eventuelt ispedd nokre grøne røyster, og ser dessutan på eit meir representativt valsystem som eit gode i seg sjølv. Dei er like illsinte på den sitjande regjeringa som alle andre, men dei konkluderer likevel med at framtida nok uansett står i koalisjonane sitt teikn.

Mellom Labours reform-motstandarar – som New Labour-veteranane John Reid, Margaret Beckett og John Prescott – meiner ein imidlertid at koalisjonsregjeringar i seg sjølv er ei ulukke for landet. Dagens system er kanskje ikkje heilt numerisk rettvist, men det er ein pris dei er villige til å betale for stabile regjeringar. I tillegg kan det verke som om denne fløya ser føre seg at AV kan undergrave ei kommande stordomstid for Labour. I dei kalkulering vil røynslene med den liberale-konservative koalisjonen i seg sjølv verka så diskrediterande at Labour meir eller mindre kan spasere inn til ny dominans ved neste krossveg. Då ville det vere taktisk å uklokt å reise seg opp i båten.

Vi er usamde, både substansielt og taktisk. På Skrivekollektivet tok vi på valdagen ifjor til orde for ein allianse mellom Labour og Liberaldemokratane, og Lib Dems’ veslebrorstatus under David Cameron har ikkje fått oss til å endre meining. Men skal dei progressive kreftene vere istand til å nå sitt fulle potensial, trengst det vallovreform. Det slår oss  som lettvint å tru at Labour nærast er lagnadsbestemt til å vinne dei neste vala. Koalisjonen er upopulær, men Labour har enno ikkje levert noko samanhengjande alternativ til regjeringas dagsorden. Viss ikkje Labour vinn attende truverdet som økonomisk kompetente, sosialt engasjerte representantar for rettferd og solidaritet. fortener dei ikkje å vinne. Partiet må ta innover seg at gode idear finst mange stader. Vonleg kan eit valsystem som oppmodar til samarbeid hjelpe denne innsikta fram.

Når alt dette er sagt: Det er framleis overvegande sannsynleg at britane kjem til å røyste nei til reform. Det kan nok dels forklarast med taktiske vurderingar som vi har peika på over, men heilt fri går heller ikkje ein valkamp som har vore ein kavalkade i argumentatorisk lågmål. Nei-kampanjen, under banneret til statsminister David Cameron, har køyrt på med villeiande påstandar om såvel dei økonomiske som dei demokratiske konsekvensane har reform. No to AV har til dømes påstått av AV kjem til å gjere valavviklinga mykje dyrare enn idag på grunn av trong for å kjøpe inn nye røystemaskinar, og at fascistane i British National Party (BNP) har alt å tene på reform. Begge delar er sprøyt. Ja-sida har kategorisk avvist trongen for elektronisk avrøysting, og det er i beste fall fantasifullt å førestelle seg at BNPs innverknad skal auke dersom dei må skaffe seg støtte fra halvparten av veljarane istaden for pluralitetssigrar.

Til sjuande og sist står og fell folkerøystinga likevel med Labour, og partileiar Ed Miliband har ikkje klart å tilpasse seg motsetnadene innad i eige parti. Han har insistert på å halde avstand til Nick Clegg, og såleis kanskje indirekte gjeve legitimitet til dei som meiner at Clegg er så giftig at dei vil røyste nei for å råke han personleg. Samstundes har den positive appellen truleg også vore for lite fokusert på demokratiske og progressive mål med reforma, og for mykje på korleis ei ja-røyst kan destabilisere koalisjonen. Dette argumentet blir ytterlegare svekkja av at det kan framførast minst like gode argument for at ei nei-røyst kan sende Liberaldemokratane opp på kokepunktet.

Alle desse kryssande omsyna kan heilt sikkert gjere dei etterpåkloke analysane til interessant lesnad. Men det er ikkje det viktige her. Derimot handlar det om ein historisk sjanse – og dei får truleg berre denne i overskodeleg framtid – til å ta viktige steg mot eit meir rettvist valsystem. At ein bieffekt på sikt også kan vere meir rettvis politikk, lyt vere ein bonus. Vi vonar inn i det siste at britane grip denne sjansen.

**

For redaksjonen,

Jørgen Lien

1 comment for “Skrivekollektivet meiner: Storbritannia treng valreform

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*