GOP ’12: Når er det over?

Eg tok feil, som vanleg. Når eg for ein gangs skuld gav meg ut på ein motvillig spådom – at resultatet av det republikanske nominasjonsvalet i Illinois kom til å likne Michigan, kor Rick Santorum kom i nærleiken av å vinne over over Mitt Romney, men uten heilt å lukkast – skulle det naturlegvis vise seg at Romney nytta høvet til endeleg å slå den tidlegare Pennsylvania-senatoren ned i støvlane for første gang. Og med det verkar det som om vi har nådd eit slags knekkpunkt i nominasjonsstriden. Plutseleg har Romneys delegatleiing blitt nærast uinntakeleg stor, establishment-typar som Jeb Bush erklærer si støtte, og Ed Kilgore, bloggar hjå Washington Monthly og politisk kommentator hjå The New Republic, finn det høveleg å stille eit presserande spørsmål: Korleis skal kommentariatet halde seg til ein nominasjonsstrid som på det næraste er avgjort?

Det er eit interessant spørsmål, nær sagt uavhengig av om ein aksepterer premissen om Romneys sakte men uungåelege kroning eller ikkje. (Sjølv har eg vel heile tida insistert på at han kom til å vinne til slutt, sjølv om eg langt frå har vore imponert over måten han har festa grepet på.) Det er kanskje på tide å trekkje attende mitt tidlegare blankomynde til Newt Gingrich til å halde på så lenge han sjølv har lyst – han har berre vunne to av dei første 27 vala – men for Rick Santorum er soga stadig ei anna. Til liks med tidlegare Arkansas-guvernør Mike Huckabee i duellen med John McCain for fire år sidan, har Santorum ein geografisk styrke – i midtvesten og konservative statar – som gjer at han framleis kan vinne ein og annan stat, sjølv om det i siste ende ikkje er nok til å stogge Romney. Difor har han til dømes lova å halde fram i det minste til nominasjonsvalet i heimstaten Pennsylvania seint i april.

Men viss ting eigentleg er avgjort; kva altså skal media gjere? Eg trur dette handlar mest om to ting. For det første, som eg har skrive før, at media har ei sjølvstendig interesse i at valkampen held fram så lenge som mogleg. Det er enklare å finne skarpe vinklar så lenge kan framstillast som at det er spenning om utfallet. Det andre, langt frå urelaterte poenget, har å gjere med det det amerikanske ordspråket perception is reality. Kanskje er det ikkje så viktig, sett frå ein mediesynsstad, at Romney kjem til å vinne til slutt, dersom det med jamne mellomrom kjem inn resultat som avslører at han har problem med å vinne truskap frå dei mest konservative delane av den republikanske veljarmassen? Om det kan såast tvil om grunnfjellets lojalitet til Romney, så er det ei førestilling det bli vanskeleg å endre på stutt sikt. Vi veit at det ikkje nødvendigvis tyder at desse veljarane let vere å røyste republikansk i presidentvalet, men Romney lyt slite med å få truskapen deira, så lenge det finst meir truverdige konservative alternativ på røystesetelen.

Dessutan er det viktig å hugse på at republikanarane på mange måtar sjølve har vald å la nominasjonen trekkje ut på denne måten. Om dei hadde ønskt det slik, kunne dei ha halde på reglane frå 2008, kor statane tildelte landsmøteutsendingar etter prinsippet om at vinnaren tek alt. Då ville Romney truleg ha utmanøvrert konkurrentane for lengst. Men, inspirert av korleis den lange valkampen mellom Barack Obama og Hillary Clinton ikkje berre bygde opp entusiasmen på grasrota, men også gjorde båe kandidatane betre rusta til møtet med den republikanske rivalen John McCain, avgjorde republikanarane at dei ville ha eit meir proporsjonalt nominasjonssystem. Det er det som er hovudårsaka til at det har teke så lang tid for ein sannsynleg vinnar. At prosessen istaden let til å verke mot sin hensikt (Romney er blitt mindre populær mellom dei viktige uavhengige veljarane), og at Romney har vore ute av stand til å kvitte seg med sjølv eit så svakt felt som det republikanarane stiller med i år, var vanskeleg å sjå føre seg på førehand.

Når det gjeld Santorum, er det neppe tilfeldig at han ser mot nettopp Pennsylvania som den store skalpen. Ikkje berre er det ein stor stat; det er ein også eit høve til å rehabilitere hans eige rykte som politikar i heimstaten. Santorum tapte med atten prosentpoengs margin til den konservative demokraten Bob Casey jr. i det demokratiske medvindsvalet i 2006, og han er nok interessert i å leggje det minnet bak seg med ein overtydande siger i det republikanske nominasjonsvalet der. Men innan den tid ligg Romney an til å gjere det sterkt i ein rekkje statar, og skal Santorum oppretthalde sitt eige rasjonale for å halde fram, må han syte for ikkje å gjere seg bort i ein midtvest-stat som Wisconsin.

Eg veit sjølvsagt ikkje kva motiv Santorum har for å halde fram ein kamp som kan synast tapt på førehand, men i tillegg til det personlege rehabiliteringsmotivet, kan eg finne to andre grunnar. Den eine er at han merker at strategien fungerer, på eit politisk plan. Santorum er ein politikar med klare overtydingar, og di lenger han utgjer eit nominelt trugsmål mot vinnarsjansane til Romney, di betre tid får han til å presse politikken til Romney og resten av partiet mot høgre. Førebels har Romney gladeleg følgd etter. Det andre er sjansen for at Santorum, som framleis berre er tidleg i femtiåra, ser føre seg eit nytt kandidatur i 2016. Romney sjølv er, som McCain, Dole, Bush senior og Reagan føre han, døme på at det kan løne seg å kome på andreplass viss ein vil ha ein ny sjanse. Dessutan lener mange Santorum-tilhengjarar seg på ein Barry Goldwater-parallell: Den republikanske kandidaten blei sett på altfor konservativ i 1964 og fekk bank av Lyndon B. Johnson (D), men mange meiner han gjorde Reagans konservatisme stoverein i tide til presidentvalet i 1980.

Etter denne veka, kan vi likevel ikkje forlate nominasjonskampen utan å knyte nokre kommentarar til nett Santorums freistnader på å trekkje Romney til høgre. Den høgt tiltrudde Romney-rådgjevaren Eric Fehrnstrom skapte nemleg ein kunstig mediestorm då han på tysdag kom i skade for å seie noko alle veit er sant, om enn på ein litt klønete og litt for ærleg måte: Han samanlikna skilnaden på ein nominasjonsstrid og ein presidentvalkamp med eit gamalt leikety (Etch-a-Sketch), kor enkelt kan viske ut det som alt har vore og starte forfra. Han meinte sjølvsagt at det er noko heilt anna å argumentere mot Barack Obama enn mot Rick Santorum, og at det ikkje er sikkert det er dei same sakene som blir viktige i båe tilfella. Men både Santorum og Obama nytta naturlegvis høvet til å trekkje det fram som prov på at Romney er villig til seie nett kva som helst for å bli vald. Det er ikkje til stor hjelp når åtaket kan framførast med like stor kraft frå begge sider.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*