Republikanarane må forstå at dei tapte

I det politiske sentrumet Washington D.C. byrjar veka på sundagar, med dei tonesetjande magasinprogramma på TV. NBC har Meet the Press med David Gregory, CBS syner Face The Nation med veteranen Bob Schieffer, ABC har This Week med George Stephanopoulos, og Fox News Sunday blir leidd av Chris Wallace (Candy Crowley på CNNs State of the Union er einaste kvinne). Normalt er desse programma anten svevnframkallande keisame i sine tradisjonelle format og tettleik av tettleik av høgreorienterte demokratar og kommentatorar frå «det radikale sentrum», viss dei ikkje er irriterande kranglefestar kor motpartane konkurrerer om å vere mest mogleg usamde og urimelege. Men denne helga ser eg faktisk fram til dei. Fremst er det sjølvsagt fordi det er veka etter valet, og ein ikkje lenger kan sleppe unna med dei same talepunkta som for ei veke sidan. Men mest av alt er eg nyfiken på om republikanske politikarar og -synsarar vil syne vilje og evne til å innrømme at partiet deira faktisk tapte presidentvalet.

For det held med bortforklaringane no. På overflata kan valet kanskje ha sett jamt ut, og det stemmer at Barack Obama er ein av få attvalde presidentar som fekk lågare oppslutnad i attvalet enn første gongen har blei vald. Men han vann over femti prosent av røystene, fekk 332 valmannsrøyster, tapte berre ein vippestat (North Carolina), og sjølv om sigersmarginen i vippestatane gjekk ned var dei faktisk ikkje så jamne likevel. Alt dette gjer at den republikanske insisteringa på at Obama ikkje fekk noko styringsmandat på tysdag framstår noko underleg. Resultatet kan vanskeleg lesast som anna enn ei tillitsfråsegn til han personleg. I tillegg auka partiet hans fleirtalet sitt i Senatet, og fleirtalet i Representanthuset glapp mykje på grunn av den ulogiske måten mange valdistrikt er nyteikna på. Valdagsmålingane gjev uttrykk for ein mindre tydeleg bodskap; veljarane seier både at dei mindre staten tek på seg for mykje, og at dei ønskjer ei hardare skattlegging av dei rikaste; men det siste kan Obama i det minste ta med seg inn i forhandlingane med republikanarane om dei automatiske utgiftskutta som er sett til å tre i kraft frå nyttår om ein ikkje når eit forlik.

Så ja, Obama fekk eit styringsmandat. Republikanarane gjer lurt nok i å leggje ei slik audmjuk innrømming til grunn for alle strategiske val dei neste åra. Då vil dei kanskje også forstå at valet for dei fleste veljarane også var eit spørsmål om politikk. Det er kanskje eit mindre behageleg svar, men ikkje nødvendigvis feil. Konsekvensen er berre at det då ikkje held å skulde på ein statsmannseffekt etter orkanen Sandy for å forklare kvifor Obama vann. Meiningsmålingane hadde endra kurs ei stund før det. Det blir også ei behageleg kortslutning for republikanarane å konkludere med at dei tapte fordi dei var dårlegare organisert enn Obama-kampanjen. Rett nok får eg mest litt vondt av folk i Romney-leiren når dei (anonymt) fortel den envise trua på siger gjekk heilt opp til kandidaten sjølv, basert på eigne meiningsmålingar som bygde på heilt feil føresetnader, og tiltru til eit veljarmobiliseringsprogram som floppa storslagent når det verkeleg galdt. Likevel, svaret må finnast politisk.

Då er heller ikkje Mitt Romney partiets største problem. Han kom skadeskoten ut av eit svakt primærvalfelt, ja visst, og han gjorde strategiske feilval i massevis (høgredreiing i innvandringspolitikken, hemmeleghald av skatteopplysningar, undervurdering av sprengkrafta i framtida hjå investeringsselskapet Bain Capital, uklar tale om abort og andre kvinnespørsmål, omfamning av ein nykonservativ utanrikspolitikk, osb.), men alternativa til Romney vil knappast ha klart seg betre. Som George W. Bushs tidlegare taleskrivar Michael Gerson skreiv i Washington Post, var Romney nett den breitt akseptable typen kandidat republikanarane vanlegvis føresteller seg at dei treng for å vinne.

Vidare er det, som Noam Scheiber skriv i The New Republic, sannsynlegvis ei feilslutning for konservatiske meiningsmakarar å hevde at republikanarane ville vunne på å gje Paul Ryan ein meir sentral plass i valkampen. Her skal eg skunde meg å leggje til at dette, trass i mange henførte sukk over Ryans tilførsel av politisk substans til ideologiske debattar, ikkje berre handlar om visepresidentens personlege eigenskapar. Han nyttast i konservative krinsar meir som ein typenår dei seier «Paul Ryan», meiner dei i prinsippet einkvan som kunne fått Mitt Romney til å snakke meir om trongen for å byggje ned velferdsstaten for å få landet på økonomisk rette veg. Det vil seg berre slik at Paul Ryan er ein av dei som seier dette høgt og tydeleg nok til å tilfredsstille dei kritiske røystene. Men Scheiber argumenterer overtydande for at Romney klarte seg brukbart trass i heller enn på grunn av Paul Ryan, og viser til at Ryan ikkje eingang klarte å overtyde veljarane i sitt eige heimdistrikt om at dei burde føretrekkje Romney framfor Obama.

Sameleis gjeld det dei demografiske trendane som kjem til syne i valdagsmålingane. Republikanarane bør syte for at dei tek dei rette lærdommane. Nei, demografi er ikkje det same som lagnad, og veljaråtferd kan ikkje framskrivast i all æve basert på nokre få karakteristikkar. Men når Fox-verten Bill O’Reilly nyttar tida si til å klage over at samansetjinga av veljarfolket er i endring i retning av fleire afro-amerikanarar og hispanics, serverer han ikkje noko anna enn nettopp det; ein klagesong. Testen for republikanarane ligg heller i korleis dei reagerer. Vil dei halde fram med å demonisere innvandrarar og føreslå «sjølv-deportering» og stengde grenser, eller har tida kome for ei meir pragmatisk innstilling til det openberre problemet at landet har minst tolv millionar ulovlege innvandrarar. Mange ser til Florida-senator Marco Rubio eller delstatens tidlegare guvernør, Jeb Bush, som framtidige leiestjerner viss partiet skal freiste å riste innvandrarrøystene laus frå Obama. Presidenten sjølv gjorde ein politisk genistrek då han i sommar mellombels oppheva deporteringspolitikken andsynes born av ulovlege innvandrarar som tek i utdanning. Rubio var på liknande tankar, men Obama kom han i forkjøpet.

Republikanarane kan altså ikkje basere heile sin framtidige valstrategi på å mobilisere eit så rasedelt veljarfolk som dei gjorde denne gangen. Kvite veljarar utgjorde 72% av dei som røysta, men partiet tapte alle andre grupper med katastrofale siffer. Og likevel; om republikanarane skal ta i vare leiinga dei har mellom desse veljarane, lyt dei samstundes freiste å ta opp i seg dei delane av denne gruppa som idag ikkje røystar republikansk. Obama vann klart ikkje berre mellom unge veljarar, men også mellom ugifte kvinner. Det høyrest nedlatande og halvvegs ut kvar gang konservative kommentatorar prøver å forklare manglande republikanske fotfeste her med at dei må lære seg å snakke til kvinnelege veljarar på ein måte som ikkje etterlet eit inntrykk av at dei ikkje respekterer dei, men noko er det likevel i det. Best ville det sjølvsagt vore om partiet oppgav den massive motstanden mot abort og tilmed prevensjon (!), men ein forsiktig start kunne i det minste vore å unnlate å nominere kandidatarinkludert visepresidentkandidatar – som ikkje vil lage unnatak for valdtekt og incest i eit framtidig abortforbod.

Den konservative kommentatoren Charles Krauthammer ville sannsynlegvis fnyse av det eg nettopp skreiv. USA treng ikkje to liberale parti, skreiv han i Washington Post etter valet. Nokre verdiar må liggje fast, både i verdipolitikken, og i synet på statens rolle. Gjerne for meg, men nett no er det lite som tyder på at republikanarane har lukkast særleg godt med å flytte folkemeininga i konservativ lei, og spesielt ikkje i verdipolitikken. Veljarane i ei rekkje statar har gått inn for homoekteskap, og tilmed narkotikaliberalisering er på frammarsj i fleire statar. Då kan det vel tenkjast at ein smartare strategi må innebere at det er republikanarane sin tur til å bevege seg mot sentrum og invitere eit større meiningsmangfald innanfor sine rekkjer, slik demokratane har gjort sidan Bill Clintons DLC-periode på 1990-åra, og framleis gjer?

Uansett: Vi skreiv på leiarplass tidlegare i veka at vi ikkje kunne sjå nokre teikn på at republikanarane var klare for ein sjølvransakingsprosess, og vi ga difor president Obama råd om å stå fast ved sine primærstandpunkt neste gang han møter unison republikansk motstand i Kongressen. Det står vi ved. Dei første dagane etter valnederlaget har først og fremst utstilt at opposisjonspartiet slit med djup usemje om kvar vegen går etter dette. Første prøvestein er som sagt forhandlingane om utgiftskutt. I prinsippet har Obama gode kort på handa. Til slutt vil det truleg dreie seg om framtida for Bush-administrasjonens skatteletter for dei aller rikaste, som Obama gjekk med på å forlenge mellombels for to år sidan. Denne gangen lover Obama at han ikkje vil bøye av, medan republikanarane seier at skattauke er uaktuelt. Samstundes kan ein få auge på den same motsetnaden innad i partiet som før. Mindretalsleiaren i Senatet, Mitch McConnell, Kentucky-senatoren som skal stille til attval i 2014, representerer den kompakte motstanden mot eitkvart kompromiss i dette og alle andre spørsmål, medan John Boehner, presidenten i Representanthuset, har lege seg på ei meir forsonande linje, og ber president Obama om å ta styringa. Det viktigaste strategiske spørsmålet er likevel framleis utan eit svar: Vil Boehner vere istand til å kontrollere den meir rebelske og kravstore høgrefløya i sitt eige parti? Er svaret nei, kan USA bli styrt til kanten av ei ny krise. Det er då testen av Obamas styringsmandat kjem til syne for alvor.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*