Kva tyder utpeikinga av Chuck Hagel?

Det at president Barack Obama denne veka fremja den republikanske tidlegare senatoren Chuck Hagel som kandidat til posten som ny forsvarsminister etter demokraten Leon Panetta, kan fortelje oss fleire ting, men ikkje nødvendigvis dei tinga vi først trudde. Faktisk er nomineringa av Hagel vel så interessant som eit vindauge inn i den utanrikspolitiske sjela til leiande republikanarar, som den er instruktiv for å forstå Obamas utanrikspolitiske tilnærming.

Litt om det siste først, likevel. I teorien kan det å fremje Hagel, ein konservativ republikanar som har uttrykt støtte til ein meir varsam og dialogorientert utanrikspolitikk enn den som rådde grunnen under den førre republikanske president, innvarsle ein freistnad på å byggje ein ny utanrikspolitisk semje. Det er uansett ikkje første gongen Obama strekkjer ut handa til opposisjonspartiet; det har irritert mange på den demokratiske grasrota at presidenten endå ein gong tilbyr republikanarane taumane i Pentagon (Bush-administrasjonens siste forsvarsminister, Robert Gates, vart sitjande då Obama tok over). Dei fryktar at Obama skuslar vekk eit gyllent høve for liberalar til å ta over definisjonsmakta i forsvars- og tryggingspolitikken frå dei konservative, særleg i ein situasjon kor Obama i siste val faktisk allereie hadde større truverd enn motkandidaten i desse spørsmåla. I eit slikt perspektiv hjelper det ikkje så mykje at Hagels uttrykte politiske line ligg relativt nære ei demokratane kan støtte, basert på ei gradvis nedskalering av forsvarsbudsjettet, kontrollert tilbaketrekkjing frå Afghanistan, større varsemd når det gjeld internasjonale militæroperasjonar, nedrusting av atomvåpenarsenal og ei noko mjukare line andsynes Iran.

Problemet er snarare at tiltrua til at Hagel er rett mann til å byggje ei slik bru mellom demokratane og moderate, løysingsorienterte republikanarar, er fundamentert på ein særs usikker premiss; nemleg at republikanarane er villige til å innrømme at ein slik konsensus kan finnast. Somme politikarar svelgde tidleg denne teorien og meir til, i og med at Reuters nokre veker før Hagel vart nominert spekulerte i om utnemninga også kunne føre med seg større tverrpolitisk samarbeidsvilje om økonomiske spørsmål. Dette slår meg som nok eit døme på den naive førestillinga om brubygging som nær saboterte dei siste to åra av Obamas første valperiode, og ein lyt vona at teorien ikkje har fått støtte hjå presidenten sjølv.

Derimot kan det tenkjast at president har von om at det å peike på ein republikanar som ny forsvarsminister skal hjelpe med ei moderat slanking av forsvarsbudsjettet. Den vedtekne sanninga inne i Washington-bobla tilseier i alle høve at du gjerne treng ein republikanar i styringa for å overtyde sine eigne om nytta ved forsvarskutt, men det trengst demokratar for å skape fleirtal for smertefulle velferdsreformer. Enn så lenge nasjonalforsamlinga består av berre eitt parti som er villig til å kompromisse, tipper eg likevel at denne valperioden vil gje tydelegare støtte til den siste enn den første teorien. Det gjeld sjølv om visse element i tea party-rørsla har varsla at deira økonomiske konservatisme faktisk ikkje tillet eit sløsande unnatak for Pentagon. Å kutte i Forsvaret vil også, fordi kontraktane medvite er spreidd over heile landet, møte sterk motstand i begge parti.

Og dei tidlege signala frå leiande republikanarar er heller ikkje særleg lovande. Mindre interessant enn kor vidt det faktisk klarer eller er interessert i å freiste å hindre Hagel i å verte godkjent i Senatet, er det korleis debatten fram til godkjenning kjem til å arte seg. Og her slår The New York Times an tonen i dag: Nykonservative haukar i og kring det republikanske partiet kan sjå sitt snitt til endeleg å komme på offensiven att, etter at Irak-krigen har diskreditert dei i ei årrekkje. Det kan opplevast som ei ryggmergsrefleks når gamle kumpanar og våpenbrør som dei republikanske senatorane John McCain og Lindsey Graham varslar tøffe godkjenningshøyringar, men dei vil også frå drahjelp utanfrå, frå den konservative pressa, ikkje minst redaktør-aktivisten Bill Kristol, til å drive ein kampanje mot Hagel som ei forsvarspolitisk due andsynes Iran, med sviktande lojalitet til Israel. Som Slates Fred Kaplan har understreka burde dette åtakspunktet snarast takast av bordet, men også framståande demokratiske senatorar som Richard Blumenthal og Chuck Schumer har varsla at Israel-spørsmål vil verke inn når det avgjer korleis dei vil røyste.

Eg trur demokratane til sjuande og sist kjem til å røyste i meir eller mindre samla flokk for å innsetje endå ein republikanar som øvste sjef for Forsvaret, og det er underkommunisert kor sjeldsynt det i praksis er at kandidatar ikkje vert godkjende når det til sist kjem til avrøysting. Om Hagel vert ein framgangsrik forsvarsminister vil sjølvsagt avgjerast av kor godt han gjer jobben, men viktigast er det kanskje at Obama må bestemme for om han er villig til å gå i striden for å setje sitt preg på politikken. Viss han reint faktisk vil slanke forsvarsbudsjett, lyt han seie det rett ut. Viss han vil leggje ei ny utanrikspolitisk line, må han backe opp om den fortløpande. Viss ikkje vil republikanarane lukkast med si automatiske demonisering. I eit større perspektiv handlar det såleis om korleis Obama tolkar det styringsmandatet han fekk ved attvalet i november.

Handsaminga av Susan Rices kandidatur til utanriksministerposten lover ikkje veldig godt i så måte. Det herskar framleis uvisse om i kva grad FN-ambassadøren faktisk var å rekne som førstevalet til stillinga som til slutt gjekk til John Kerry, men det kan nok ikkje underslåast at den republikanske kampanjen for å knyte Rice til handteringa av bombeåtaket i Benghazi var mellom dei utslagsgjevande punkta når ho likevel trekte seg. Obama gav tidleg i prosessen backing til Rice, men det er brei semje i liberale krinsar om at han kunne gjort meir for å verne henne når kritikken auka i styrke. Dessutan kunne han kanskje ha unngått kontroversen kring manglande kvinnerepresentasjon i sin innerste sirkel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*