«Evaluering» er neste steg i kampen mot ekteskapslova

Hordaland Framstegsparti held årsmøte denne helga, og etter at mediedekninga igår var prega av ein ny by-og-land-konflikt, denne gongen om kven som skal vere nestleiarar i fylkeslaget, skriv Bergens Tidene til morgonen om ei av dei politiske konfliktlinene som går gjennom partiet. Torkil Åmland, nyvald nestleiar og vararepresentant på Stortinget, står mot den unge liberalisten Morten Myksvoll, bystyremedlem i Bergen, i spørsmål om framtida for den kjønnsnøytrale ekteskapslova. Åmland vil ha omkamp. Myksvoll vil gå vidare.

Eg er sjølvsagt freista til å berre seie meg hjarteleg samd med Myksvoll og late det bli med det. Han har ikkje berre rett i sak; sjølv om Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti røysta i samla tropp imot lova då den blei vedteke i 2008, og seinare ikkje heilt har funne ut korleis dei skal handtere den, så står det eit stort og fjellstøtt fleirtal bak endringa. Men med Åmlands utsegner til BT idag tek saka ei overraskande vending som gjer den interessant nær sagt uavhengig av om han vinn fram under voteringa i dag.

Når Åmland no seier at han ønskjer ei “evaluering” av ekteskapslova, må det vere fordi han ikkje lenger vågar å seie beint fram at han ikkje ønskjer at homofile skal ha same rett til å gifte seg og bli vurdert for adopsjon som heterofile par har. Talen om ei normoppløysing i samfunnet og ein radikalt ny familiepolitikk er høyrt før, men no skal fokuset rettast mot andre sider. Han vil ta omkamp om homoadopsjon, og hevdar at lova no nyttast som brekkstong for å tillate eggdonasjon og surrogati. Åmland ser for seg støtte til fleirgifte eller aktivt dødshjelp som ein mogleg logisk konsekvens av mindre statleg innblanding i grunnleggjande verdispørsmål.

Vi skal la desse mest hysteriske utskeiingane frå Åmland liggje. Det er meir enn alvorleg nok at han går inn for ei evaluering av ekteskapslova. Uansett kor standhaftig Åmland nektar for at han vil underkjenne allereie inngåtte ekteskap, vil framlegget utløyse stor uvisse mellom dei det gjeld. Det blir tilfelle uansett om evalueringa endar opp med å tilrå vidareføring av lova eller ikkje. Dessutan vil evalueringa i seg sjølv sende det same gamle signalet om at ein type ekteskap, og før det ein type samliv, er mindre verd enn andre. Eg vona vi hadde kome lenger enn som så, og reknar med at fleirtalet i eit sjølverklært liberalistisk parti er samd med meg i det.

Men utover signaleffekten av å føreslå ei evaluering når ein kanskje skulle tru at FrP burde freiste å finne ein måte å leve harmonisk med lova på, har Myksvoll naturlegvis også rett i at ei endring av ekteskapslova kan etterlate lovleg inngåtte ekteskap i juridisk limbo. Det same gjeld for adopsjonar med homofile par som allereie er gjennomført. For meg handlar saka om grunnleggjande menneskesyn, og eg er såleis mest vant med å argumentere verdipolitisk for at ekteskapslova er rett kurs, men det kan altså førast fram også tydelege praktiske argument for at lova bør stå som den er.

Dei to partivenene og meiningsmotstandarane seier til BT at dei ser føre seg at saka kan bli sentral på FrPs landsmøte seint på våren. Då vonar eg sjølvsagt at fleirtal går inn for å avvise ei evaluering og istaden finne ein måte å leggje saka død på. Men den er interessant for dei store motsetnadene den syner fram ikkje berre innad i Framstegspartiet, men også innad i den borgarlege blokka. Vi veit frå før at freistnaden på å tone ned eller moderere KrFs motstand mot ekteskapslova kosta nestleiar Dagrun Eriksen dyrt i stortingsnominasjonen i heimfylket, og dei konservative kreftene kan få vatn på mølla av ei motreformatorisk rørsle i FrP. Om det ikkje nett ligg borgarleg kaos i korta, bør liberale veljarar som er opptekne av like rettar merke seg splittinga i Hordaland FrP og andre FrP-lag omkring i landet.

Oppdatering: Etter at denne artikkelen var skriven, vedtok Hordaland FrP støtte til evaluering av ekteskapslova.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*