DVD: Hope Springs

Det er så lenge sidan eg skreiv filmmeldingar på jamleg basis at eg er vorte direkte uvand med å gjere det, så før eg sette meg ned for å skrive denne meldinga gjekk eg til det for meg uvanlege steget å notere ned kva eg ville seie. På lappen stod det: Hugs å ikkje ta i for hardt! Jau, då, tenkjer du kanskje, det er vel ein naturleg ryggmergsrefleks for ein filmmeldar å minne om det som kan nyansere og halde ein frå skamros eller slakt, om ikkje anna så fordi det får meldaren til å verke overflatisk rimeleg og balansert. Men det var ikkje nett det eg meinte. I møte med David Frankels overraskande vellukka gamlingkomedie Hope Springs handla det helst om å hugse på å vere iallfall ørlite audmjuk, å freiste å halde meg frå store og kategoriske erklæringar om det ålmenngyldige i ein situasjon eg trass alt ikkje sjølv har særleg kjennskap til.

 
Det kan gjelde så mangt, sjølvsagt, frå valdelege gangsterar til idealistiske trollmenn, men av ein eller annan grunn verka det ekstra viktig når temaet er sam- og sexlivet til eit ektepar, Kay og Arnold (Meryl Streep og Tommy Lee Jones), som er ved å gå lei av kvarandre. Ho er dog den einaste som tek det på alvor, og stundom har ho satsa sparepengane sine på å dra det motvillige vanedyret av ein ektemann med seg til Maine til vekelang samtaleterapi.

Og det er vel her, og berre her, at filmen overtyder. Det er ikkje så artig, nødvendigvis, men like fullt frigjerande, å sjå to så gode skodespelarar sitje der i terapeutsofaen, høvesvis raudnande og tagalt skamfull, medan rollefigurane deira sakte og ikkje så veldig sikkert opnar seg og snakkar ut om håp og draumar, fantasiar og førestillingar som har komme og gått gjennom eit langt samliv. Om ikkje alle dei forsøksvis artige scenene er så veldig artige (er sjenert humring over sjølvhjelpsbøkene verkeleg så grensesprengjande?), og om ikkje alle dei kjenslevare scenene nett presser på tårekanalane, så gjev det likevel ei overraskande forståingsfull og perspektivopnande film om sider ved det å verte eldre som mest aldri vert diskutert, og endå mindre vist på film. Når det er pinleg for dei er det pinleg for oss som sjåarar også, og filmen reflekterer såleis fint våre eigne fordommar om normene mellom eldre ektepar tilbake på oss. Det kjennest nesten unødvendig å seie det, men særleg Streep gløder i si rolle, sår og sjølvsikker som ho har framstått fleire gonger i vellukka publikumsfrieri dei siste åra, frå den overbejubla Mamma Mia! til den skammeleg undervurderte It’s Complicated. Tommy Lee Jones har på si side større hell med å spele uinteressert grinebitar her enn han hadde i den elles ikkje uefne Men in Black 3 førre sommaren.

Det kan hevdast at tankane eg sat att med etter å ha sett Hope Springs viser at filmen er meir verdifull for kva den representerer enn for kva den er og gjer, men den kjennest likevel riktig å tenkje over kva bilete ein vanlegvis får av mellomaldrande og eldre rollefigurar i populærfilm i dag. Franskmennene gav oss den koseleg-vulgære Hva om vi alle bodde sammen? ifjor, og tyskaren Andreas Dresen gjekk tett på med Den niende himmel (2008), men i amerikansk samanheng framstår Hope Springs som litt nyskapande, noko i gata til ein film som Alexander Paynes Hva angår Schmidt (2002). Det er rett og slett ikkje kvardagsleg å sjå rollefigurar nær pensjonsalderen ha munnsex mellom seteradene på kino, eller sjå seg nøgde i ein avslørande spegel, eller, tja, berresove kjærleg ved sidan av kvarandre. At handsaminga av dette framleis får meg til å sperre opp augo og skrive sjølvmedvite om kva det fekk meg til å tenkje og føle er kanskje seiande om både filmen og meg, eller kor trongbudd normaliteten framleis er. Men eg har vanskeleg for å sjå at det ikkje skulle tale til filmens fordel.

***

AKTUELL DVD

Hope Springs (2012) kom ut på DVD og Blu-Ray i februar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*