Sa nokon «borgarleg kaos»?

Av | 23. mai 2013

På ein blogg eg pusla med parallelt med Skrivekollektivet i nokre år fram til stortingsvalet i 2009, hadde eg stor moro med å peike ut for eventuelle kor vanskeleg det var for den borgarlege opposisjonen å tale med ei røyst om kva regjering som skulle erstatte den raud-regjeringa dei openbert mislikte så djupt. Eg trekte linene tilbake til 2005, då Framstegspartiet i praksis sette statsminister Kjell Magne Bondleevik (KrF) på oppseiing gjennom å erklære at ei ny borgarleg regjering måtte ha både ein annan statsminister og vere sett saman av andre parti, samstundes som dåverande partiformann Carl I. Hagen gjekk ut med at FrP ikkje under noko omstende ville gje støtte til ei regjering partiet ikkje sjølv tok del i.

Med ei slags sjokkert glede kunne den herverande bloggaren så gjennom stortingsperioden 2005-2009, etter etableringa av den raud-grøne regjeringa, konstatere at det same var i ferd med å gjenta seg. Favorittserien min om «borgarleg kaos» hadde to komponentar: Den eine delen handla om kva borgarlege parti som ville samarbeide i regjering, all den tid Venstre og KrF på det tidspunkt framleis nekta for regjeringssamarbeid med FrP (V gjorde seg sågar til «garantist» mot FrP i regjering), FrP nekta å anerkjenne ei regjering dei ikkje tok del i sjølve, medan Høgre, på same vis som dei gjer i dag, tok til orde for ei breiast mogleg regjering, helst med alle fire parti.

Den andre delen handla på si side om kven som skulle vere statsminister dersom ei eller anna form for borgarleg regjering likevel skulle råke landet. Som leiar for det største opposisjonspartiet gjorde Siv Jensen krav på å bli teken på alvor som statsministerkandidat, men ho fekk selskap av alle dei andre borgarlege partileiarane. Erna Solberg uttalte at det ikkje freista å gå i regjering ein gong til utan å ha statsministeren, medan Dagfinn Høybråten sa at han i eigenskap av partileiar i KrF måtte sjåast på som statsministerkandidat for partiet. Men minst tydeleg var, som ofte før, Lars Sponheim. Partistrategar i Venstre let VG få vite at dei såg på Sponheim som ein lite nærliggjande statsminister som Solberg, ettersom hadde lengst røynsle med regjeringsarbeid av alle. Sponheim sjølv gjorde sitt for å forsure samarbeidsklimaet gjennom å fortelje at han for sin del ikkje såg på nokon av dei borgarlege partileiarane som tilstrekkjeleg samlande til å aksle oppgåva. Han peika i staden på tidlegare finansminister Per-Kristian Foss (H), som, for å gjere forvirringa komplett, heller ikkje var istand til heilt å avvise tanken.

Til sjuande og sist enda eg opp med å tenkje at det borgarlege kaoset måtte vere del av ein høgrisikoplan: Ved å drive ein valkamp basert på å skremme med alle dei andre borgarlege parti, skulle ein klare å skrape saman eit alternativt fleirtal, så fekk sjølve regjeringsspørsmålet løyse seg av seg sjølv etter valet, ettersom fleirtalet i seg sjølv ville auke presset for å komme fram til ei eller anna semje. Venstre og KrF skulle lokke til seg sentrumsveljarar som var redde for eventuell FrP-innverknad, FrP skulle tale til sine kjerneveljarar, som meinte den førre borgarlege regjeringa hadde vore for forsikring med endringskursen, medan Høgre til sist skulle forsøke å hanke inn dei som berre ønskte å bidra til at landet fekk ei ny borgarleg regjering. Summen blei, ikkje urimeleg, det eg og særs mange andre, mellom dei statsminister Jens Stoltenberg, ved eit kvart høve kalla «borgarleg kaos».

Og no ser det ut til å skje på nytt. Forvist til rolla som trassig veslebror i høve til Høgre, og pressa av i beste fall usikre, i verste fall dårlege meiningsmålingar, har FrP-leiar Siv Jensen sett seg tvinga til å gjenta det ho har sagt i årevis: Sjølv om partiet føretrekkjer ei borgarleg fleirtalsregjering, er det framleis uaktuelt for dei å stø ei regjering dei ikkje sjølv er ein del av. For å bere ved til bålet gjekk Jensen i VG tysdag ut med ti kostbare og kontroversielle krav FrP vil møte opp til regjeringsforhandlingar med, om alt frå lukka asylmottak til plassgaranti i eldreomsorga, reforhandling av handlingsregelen og skroting av bompengefinansiering av samferdsleprosjekt. Jensen erklærte seg lei av at Høgre gjekk ut og på førehand avblåste storparten av FrPs politikk som uaktuell og uansvarleg, og la ned nokre merkesteinar for korleis ei ny regjering måtte forandre Norge.

Onsdag gav oss så endå ei omdreiing i den igjen livaktige soga om borgarleg kaos, ettersom KrF og Venstre opna for at eg ny sentrum-høgre-regjering kunne gå vegen utanom FrP for å vedta framtidige budsjett med Arbeidarpartiet istaden. På den kanten hugsar ein avtalen med Arbeidarpartiet om Bondevik 2-regjeringas tredje statsbudsjett med varme kjensler, og minnast Jon Lilletuns ord om at det hadde gjort «eit godt budsjett endå betre». Men på terskelen til landsmøtet blei Siv Jensen av naturlege grunnar rasande, medan statsministeren like naturlegvis ikkje ville kommentere spørsmål som føreset at partiet hans taper makta i stortingsvalet.

Resultatet er uansett at dersom FrP no kjenner seg tvinga til å forskanse seg bak kravet om at dei skal i regjering for einkvar pris, så kan det vise at forbausande lite er endra på fire år. Då kan dei resterande tre borgarlege parti bli nøydde for å drive valkamp med ein uttalt ambisjon om fleirtal utan FrP, noko som passer Erna Solbergs samlande image dårleg. For dei raudgrøne byd stoda på si side både på moglegheiter og utfordringar. Av gammal vane kan det verke freistande å gå tilbake i «borgarleg kaos»-modus og truge med uvisse om kva regjering landet får med eit borgarleg fleirtal. Og det vil i og for seg vere rett. Men samstundes vil ein slik strategu implisitt tyde at FrP igjen får ei viktigare rolle i regjeringspartias plan enn dei har hatt til no. Sidan Erna Solbergs atterreising av Høgre har Ap konsentrert seg om sin historiske hovudmotstandar, og åtvara mot at det gamle Høgre kan komme tilbake. Då er det risikabelt å bestemme seg for at ein istaden skal konsentere merksemda si om å seie at FrP er endå skumlare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*