Debatten både Jens og Jensen gjerne tar

Framstegsparti-leiar Siv Jensen kom ikkje heldig frå det då ho etter landsmøtetalen i helga kva ho hadde meint med den breipensla kritikken av det ho kalla «den norske modellen». Åtaka gjekk i alle retningar, frå handlingsregel og investeringsplanar i samferdsle, til politiutdanning og kostnader ved innvandring, men det var i beste fall vanskeleg å kjenne att nokon eigentleg samlande samfunnsmodell bak alle dei systemkritiske døma. Difor var ho snar om å endre kursen ein smule – ikkje ei ukjend øving på dei kantar – då ho møtte Jens Stoltenberg til debatt i Politisk kvarter måndag morgon. Ho hadde meint å kritisere «Arbeidarparti-modellen», fekk vi vite. Det var eit snedig grep, men først og fremst var det tvingande naudsynt.

Men eg trur ikkje det viktigaste for Siv Jensen var å hindre ytterlegare snakk om at ho ikkje er klar på kva den norske modellen er for noko. Det gjeld ikkje minst fordi det faktisk er ei viss usemje om kva som er omfatta av modellen og ikkje. Nei, det var viktig fordi Jensen gjennom å gripe til omgrepet «Ap-modellen» har gjort systemkritikken sin meir handfast, og ho har plassert skulda. Målet er at du skal tenkje at det er Jens Stolberg si skuld kvar gong du møter ei stengd dør i det offentlege; kvar dag som går utan at du får innkallingsbrevet frå sjukehuset; eller kvar gong du køyrer på ein humpete veg. Det let definitivt ikkje så positivt, men det er heller ikkje meininga. FrP har i førti år vist at dei kan vinne oppslutnad gjennom å vere kritiske, på grensa til negative, så lenge dei blir oppfatta som tilstrekkjeleg annleis.

For Arbeidarpartiet er situasjonen ein litt annan. Partiet har i utgangspunktet all interesse av å ta debatten om «den norske modellen», men det føreset at ein klarer å forklare veljarane ikkje berre kvifor den fungerer og er viktig. At det er ein samanheng mellom gode relasjonar i arbeidslivet og tryggleik for jobb, løn og arbeidstilhøve. At det relativt høge skattenivået er det som finansierer gratis skulegang, makspris i barnehagen, og gratis handsaming i helsevesenet innan rimeleg tid. Alt dette må Arbeidarpartiet lukkast med å få fram, på same tid som det ikkje framstår som sjølvtilfredse forsvararar av status quo. Blir tonen for krass mot Siv Jensens altomfemnande systemkritikken, kan veljarane fort oppfatte Arbeidarpartiet som utan evne til å ta sjølvkritikk. Det seier seg sjølv at det er viktig å finne det rette balansen mellom å vere stolte over det ein har fått til, og svolten på stadige forbetringar, særleg etter åtte år med ansvar i ei fleirtalsregjering.

Ordskiftet om «den nordiske modellen» er såleis noko begge partia potensielt kan dra nytte av. Om ho kom litt skeivt frå start, så lukkast det iallfall for Siv Jensen å få medias ubrotne merksemd for ei stund, og viss ho er dyktig, kan ho med tida omsetje den i merksemd kring FrPs svar på veikskapane i den hendige stråmannsmodellen hennar. Det er eit springbrett for få fram bodskapen om at FrP er det einaste partiet som ønskjer grunnleggjande samfunnsendringar, og at dei ikkje er redde for å gå etter Arbeidarpartiet for å få fram poenget. Difor veit nok statsministeren at han ufrivillig løper FrPs ærend når han gjev dei merksemd, men han veit også at den største sjansen han har for å så ein snikande tvil hjå Høgre-veljarane, og mobilisere eigne kjerneveljarar samstundes, er ved å skremme dei med FrP.

 

1 comment for “Debatten både Jens og Jensen gjerne tar

  1. håkon
    28. mai, 2013 at 6:54 pm

    I dag er det 25 ukers ventetid på MR på Ullevaal.
    En dags sykemelding koster Nav og arbeidsgiver 4800 sier Nrk.
    Et mr bilde på Ullevaal, som er et sykehus rimelig mange sogner til koster altså 600.000.

    Dette er effektiviteten i det norske systemet. Prisen på et bilde er detsamme som en person ansatt i et år som da bare tar et bilde i året og det er det eneste den personen gjør.

    Regner med at jeg ikke får svar på dette men sjekk frittsykehusvalg.no og søk på MR.
    Tenk over det i alle fall….

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*