Ny runde om pressestøtta

Av | 17. juli 2013

Det er kanskje for kameratsleg politisk-medial innebandy å rekne, men den pågåande debatten om framtidas pressestøtte er viktig, uansett om den flytter veljarar eller ikkje. Og såleis peika SV-leiar Audun Lysbakken på noko heilt vesentleg i ein debatt med Høgres Olemic Thommessen i KulturnyttI ein oppfølgjar til dagens oppslagKlassekampen, spurde Lysbakken om Høgres kulturpolitiske talsperson kunne fortelje kven det er som ligg an til å tape på Høgre-framlegget om å slanke pressestøtta med 100 av knappe 300 millionar: Er det lokalavisene, nummer to-avisene i byane, dei riksdekkjande, meiningsavisene, eller alle saman?. Opposisjonspolitikaren som ønskjer seg posten som kulturminister i ei framtidig borgarleg regjering kunne ikkje svare. Eller han ville ikkje svare, utover å understreke at nedtrappinga skal skje gradvis.

Vidare gjentok Thommessen at eit av Høgres mest framståande argument mot pressestøtta i så noverande form er at den fremjar eit avhengigheitstilhøve mellom avisene og makthavarane dei er sett til å dekkje, og at produksjonsstøtte står i vegen for digitale satsingar, i alle høve så lenge papiraviser er fritatt for moms. Eg har, til liks med kulturminister Hadia Tajik, også tidlegare uttrykt overrasking over den indirekte påstanden om at aviser som KlassekampenVårt Land og Dagen skulle kjenne eit press for å halde seg tilbake frå å kritisere regjeringa i frykt for at pressestøtta blir brukt som gjengjeldingsvåpen, men det er poeng eg gjerne gjentar. Om så er tilfelle, så ser eg helst at Thommessen tek seg bryet med å peike på døme på systematisk ukritisk omtale av regjeringa frå desse publikasjonane. Eg trur ikkje han ville ha lukkast om han prøvde.

Heldigvis nytta Lysbakken også høvet til å hamre heim eit avgjerande poeng når det gjeld Høgre si insistering på at nedtrapping av pressestøtta er ei naudsynt og kanskje tilmed kjærkome åtgjerd for å friste aviser til å satse meir på digitale plattformer. Eg kan i og for seg forstå poenget til Thommessen om at det vil krevje ein stadig auke i støtta til trykte aviser relativt se dersom trenden med søkkande opplag held fram, men problemet er jo, som Lysbakken understreka, at det per no ikkje finst levedyktige døme på aviser som har makta å ta inn tilnærma like mykje pengar på digitale utgåver som dei idag gjer ved å komme ut på papir. Aviser med ein sårbar økonomi er ikkje dei første eg ville pressa til å eksperimentere i ein marknad som framleis ikkje eingang har prova at den er liv laga. Konsekvensen kan fort bli ein av to: Anten går ei rekkje aviser dukken i forsøket på å tilpasse seg Høgres tvangsdigitalisering, eller så krevst det ei form for redningspakke, som blir pressestøtte med eit anna namn.

Trass i at deira føreslegne kutt er endå djupare, er det faktisk lettare å ha forståing for Framstegspartiet sin politikk på dette feltet. Partiet har rett ut innrømma at dei ønskjer å innrette kutta i pressestøtta slik at dei råkar dei meiningsberande avisene. Det er i tråd med eit mønster kor FrP går igjennom ymse stønadsordningar på så vel presse- som bistands- og –frivilligfeltet, på jakt etter dei oppfattar som støtte venstreorienterte grupper og miljø. La gå at FrPs krav til at stønadsmottakarar i alle sektorar skal vere «nøytrale» er umogleg å handheve, og eit potesielt demokratisk problem; det er iallfall langt reinare ord for pengane enn den unnfallande mumlinga til Olemic Thommessen og Høgre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*