Omkamp frå «systemskiftets» dagar

Retorikken frå Anders Fogh Rasmussens «systemskifte»-regjering gjer nokre tidvise gjestespel i dansk politikk, og denne veka var det tid på ny. Det borgarlege fleirtalet frå 2001 til 2011 lukkast kanskje ikkje i å gjere opp med ekspertvelde og høgt dansk skattetrykk, men i samarbeid med Dansk Folkeparti klarte dei dåverande regjeringspartia Venstre og Det Konservative Folkeparti permanent å endre korleis ein diskuterer innvandringspolitikk i Danmark. Saksfeltet vart dominerande over heile linja, anten temaet var arbeidsmarknadspolitikk, EU, religiøse særrettar, terrorkamp eller integrering. Etter år med bitter strid aksepterte ei regjeringssvolten venstreside, ved Socialdemokraterne og Socialistisk Folkeparti, i grove trekk å føre vidare den borgarlege regjeringas innstrammingar, frå asylpolitikk til tilknytingskrav for familiegjenforeining og 24-årsgrense for å hente ektefelle frå utanfor EU til Danmark.

Men heilt samrøystes var det politiske Danmark ikkje. Det venstrepopulistiske Enhedslisten, som elles hadde slite med ei kinkig sak der ein kvinneleg, muslimsk vararepresentant til Folketinget nekta å handhelse på mannlege parlamentarikarar, byrja for alvor å vekse når SF godtok forslaget om eit eige poengsystem meint å trekkje til seg særleg ettertrakta, såkalla «ressurssterke» innvandrarar. Og då hadde det liberale sentrumspartiet Radikale Venstre, som samarbeider med Socialdemokraterne, allereie i mange år protestert mot ein 24-årsregel som etter deira syn var grunnlagt meir på framandfrykt enn på kamp mot tvangsekteskap, og ein innvandringspolitikk basert meir på trakassering enn på noko reelt ønskje om å betre integreringa.

Når Radikale Venstre igjen gjekk i regjering med Socialdemokraterne i 2011 vart partiet likevel nøydd til å akseptere at samarbeidspartnarane (SF forlet til slutt regjeringa tidlegare i år) kravde vidareføring av hovudtrekka i den borgarlege politikken. Radikale dyrka det som ein siger at sentrum-venstre-regjeringa skreiv inn i regjeringsgrunnlaget at den ville styre på bakgrunn av velferdsreformene og den økonomiske politikken til Venstre og Konservative, men i innvandrings- og annan verdipolitikk var status quo eit nederlag. Det er i den konteksten vi lyt vurdere brytekampen mellom to toppspelarar i den radikale partileiinga.

Først gjekk parlamentarisk leiar, Christian Friis Bach, ut i avisa Berlingske og kalla innvandringspolitikken streng, men akseptabel. Det var eit sterkt signal om linjeskifte frå eit parti som i årevis hadde fordømt sentrale delar av den politikken det var dømt til å setje ut i livet, frå 24-årsregelen til tilknytingskravet. No sa gruppeleiaren at han, av omsyn til Socialdemokraterne, veljarane og regjeringas einskap føre eit val, ikkje såg for seg at Radikale ville krevje grunnleggjande endringar av gjeldande innvandringspolitikk. Allereie undervegs i valkampen i 2011 var det mange som meinte at vegen til siger for sentrum-venstre gjekk gjennom å nøytralisere innvandringspolitikk som åtakspunkt for dei borgarlege, og no såg Christian Friis Bach ut til å ta den endelege konsekvensen av denne vurderinga.

Om det ikkje hadde vore for at partileiar Margrethe Vestager seinare såg seg nøydd til å drive brannslokking. På Radikales grunnplan var det uro over at partiet tilsynelatande på førehand hadde gjeve opp ei av sine heilt store merkesaker. Vestager kom grasrota til unnsetning og slo fast at partiet framleis er motstandar av 24-årsregelen for ektefeller, og at veljarar som er samde framleis kan og bør gje si røyst til Det Radikale Venstre.

Kor alvorleg kommunikasjonssvikten mellom Friis Bach og Vestager er, kjem an på kor kynisk blikk ein vil leggje an når ein betraktar politikk. På eitt nivå har Friis Bach ikkje gjort anna enn å vedgå at eit regjeringssamarbeid inneber å gje og ta. Det er den same kommunikasjonsutfordringa som regjeringskoalisjonar alltid har, og som både SV og FrP har fått slite med her heime. Men det kan også tenkjast at dei to partitoppane har opna ein flanke for den borgarlege opposisjonen. Dansk Folkeparti er rett nok i så fin stigning at det ikkje er sikkert at partiet er like avhengig av å trekkje innvandringskortet som ved tidlegare val, men ingen opposisjonsparti seier nei takk til splitting mellom regjeringspartia. Å få innvandrings- og integreringsspørsmål tilbake på agendaen er heller ikkje noko draumescenario for Socialdemokraterne, som legg planar for ein valkamp basert på lovnader om høgare sysselsetjing og forsvar for velferdsstaten mot borgarlege visjonar om nullvekst.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*