Samarbeidsinvitasjonar til høgre og venstre

Her til lands er vi nettopp ved å venne oss til ei mindretalsregjering med ein samarbeidsavtale med støtteparti, men i Danmark har dei meir erfaring med denslags. Historia om det borgarlege «systemskiftet» under Venstre-statsministrane Anders Fogh og Lars Løkke Rasmussen frå 2001 til 2011 var like mykje ei forteljing om korleis Dansk Folkeparti vidareutvikla rolla som parlamentarisk støtteparti til å bli mektigare enn nokon gong tidlegare. Det blir ikkje minst openbert viss ein jamfører med dagens sosialdemokratisk-liberale regjering, som henter støtte vekselvis frå høgre og venstre side i folketingssalen. DF kravde aldri å få komme med i regjeringa, men til gjengjeld fekk partiet førsteretten ved budsjettforhandlingar. Med denne posisjon blei menyen av saker som kunne trekkjast inn i forhandlingane kraftig utvida, til dei til dømes kunne omfattande ein strengare asyl- og innvandringspolitikk eller ei skarpare linje andsynes EU.

Det var denne røynsla med avklarte politiske fleirtal leiaren for Liberal Alliance, Anders Samuelsen, trekte fram når han for nokre år sidan slo fast at partiet hans ikkje var interessert i å gå inn i ei ebentuell ny borgarleg regjering dersom neste val skulle utløyse regjeringsskifte. I staden ville Samuelsen posisjonere Liberal Alliance slik at dei tradisjonelle regjeringspartia, Venstre og Det Konservative Folkeparti, kunne søkje parlamentarisk samarbeid med dei heller enn med det meir velferdspositive DF. Det gav god meining for eit lite, ganske nystarta parti, og særleg sett i lys av tumultane som oppstod kring korleis forløparen Ny Alliance skulle stille seg til regjeringsspørsmålet. Den borgarlege blokka har alltid vore stor og mangfaldig, men den må iallfall kunne garantere veljarane at eit borgarleg fleirtal gjev landet ei borgarleg regjering.

Men no har Anders Samuelsen komme på andre tankar om regjeringsspørsmålet. Til avisa Politiken signaliserte han i helga at Liberal Alliance likevel kan vere opne for å gå inn i regjering, dersom partiet får gjennomslag for nok av sin politikk for lågare skattar, færre offentleg tilsette og redusert vekst i offentlege utgifter. Denne meldinga utløyste på si side rørsle andre stader i borgarleg blokk. På grunn av stabilt låg oppslutnad over lang tid, har leiaren for Det Konservative Folkeparti, Lars Barfoed, tidlegare lufta moglegheita for at hans parti kan stå utanfor ei ny borgarleg regjering. Når gruppeleiar Brian Mikkelsen blei beden om å reagere på utspelet frå Samuelsen, verka det likevel som om pipa hadde fått ein annan lyd. No slo Mikkelsen fast at Konservative var ein meir sannsynleg regjeringspartnar for Venstre enn Liberal Alliance er, og at Konservative sjølv avgjer om det vil vere ein del av regjeringa eller ikkje. Avisa Berlingske kan melde om veksande optimisme hjå konservative fotfolk, men partiet kjenner seg tydelegvis stadig press av den yngre, frekkare kollegaen der ute til høgre.

Heller ikkje i eigne rekkjer har Samuelsens høgttenking om regjeringsdeltaking blitt teken imot med samrøystes klappsalver. Leiaren for Liberal Alliances Ungdom, ein ideologisk spydspiss med eksplosjonsarta medlemsvekst, har gjeve uttrykk for at han er djupt skuffa over utspelet. Han er redd for at det skal vatne ut partiprofilen og gjere Liberal Alliance likare alle dei andre partia, ifølgje han gjev vekk liberale merkesaker for å tekkjast ein urokkeleg sosialdemokratisk konsensus der inn i sentrum ein stad.

Det er likevel ikkje berre i den borgarlege leiren at det opnar seg nye moglege samarbeidskonstellasjonar i desse dagar. Nærast som for å illustrere Anders Samuelsens påstand om at Venstre og Konservative kan trenge Liberal Alliances hjelp om dei vil ha igjennom borgarleg politikk i neste folketingsperiode, gjekk Dansk Folkepartis leiar, Kristian Thulesen Dahl, ut med ein invitasjon til tettare samarbeid mellom DF og Socialdemokraterne. Rett nok understreka Thulesen Dahl at DF framleis går til val på å felle sentrum-venstreregjeringa, men han ser likevel føre seg at DF og Socialdemokraterne kan einast om velferdspolitikk i eit borgarleg folketing, dersom S gjer seg fri av regjeringsparnaren Det Radikale Venstre. Enkelt sagt er Radikale venstreorientert i verdispørsmål og høgreorienterte i økonomisk politikk, medan situasjonen det for DF er motsett.

Undervegs i valkampen i 2011 gjekk Margrethe Vestager, leiar for Det Radikale Venstre og no visestatsminister, ut og lova Lars Barfoed og Konservative meir samarbeid over blokkgrensene. Dei seinaste utspela frå Anders Samuelsen og Kristian Thulesen Dahl kan tyde på at ein politisk røyndom kor alle samarbeider med etter behov, men ingen har fast følgje rykker nærmare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*