Det står om Senatet

Av | 3. november 2014

Ved det amerikanske mellomvalet i morgon ligg republikanarane an til endeleg å nå eit mål som glapp for dei både i 2010 og 2012: Å vinne tilbake fleirtal i Kongressens andrekammer, Senatet, for første gong sidan 2006. Ytterleggåande kandidatar og retoriske flammekastarar frå tea party-rørsla har ved fleire høve avsett røynde republikanske senatorar, og i ettertid har det vore brei semje i kommentariatet om at det iallfall kosta partiet potensielt utslagsgjevande mandat i Delaware og Colorado i 2010, så vel som i Indiana, Missouri og North Dakota i 2012. Om kandidatane som stiller denne gongen er så mykje meir moderate eller om det mest dreier seg om Obama fatigue i veljarfolket kan diskuterast, men republikanarane har uansett betre vinnarsjansar enn på lenge.

Viss vi tek som utgangspunkt at dei held alle mandata dei har i dag (45), må dei vinne seks som i dag er halde av demokratar. (Skulle det stå 50-50 i protokollen, trår visepresident Joe Biden inn og avgjer saka til demokratane sin fordel.) Tre av desse mandata er rekna som sikre republikanske overtakingar alt før røystene er telt opp. Industristaten West Virginia er ein gamal demokratisk bastion som gradvis har tilta meir og meir i retning republikanarane, og når veteranen Jay Rockefeller (D) no går av, bidreg mellom anna Obama-regimets satsing på rein energi framfor kolkraft til å sikre sigeren for Shelley Moore Capito (R). I Montana trudde demokratane dei hadde skote gullfuglen då yrkesmilitære Joe Walsh (D) overtok setet til Kina-ambassadør Max Baucus tidlegare i år, men Walsh var tvungen til å seie frå seg attval då det vart avslørt at han hadde plagiert delar av masteroppgåva si. Han kjem til å verte avløyst av republikanaren Steve Daines, som på det næraste er utan motkandidat. I South Dakota såg det ei stund ut til å verte meir spennande enn planlagt: Tidlegare guvernør Mike Rounds (R) var aldri truga av demokraten Rich Weiland, men Larry Pressler – ein tidlegare republikansk senator som no seier seg partilaus – nærmde seg ei tid. Den siste veka har vinden likevel blese tilbake i Rounds si retning, og han tek høgst sannsynlegvis over plassen til utgåande senator Tim Johnson (D).

Det er i det neste feltet av ein-mot-ein-duellar det verkelege slaget kjem til å stå. Republikanarane må vinne minst tre av seks: Louisiana, Arkansas, Iowa, Colorado, North Carolina og New Hampshire. Også her er det ei grov lagdeling mellom dei statane som mest sannsynleg skifter partifarge og statar der utfallet er meir ope.

Louisiana og Arkansas høyrer til i den første kategorien. Mary Landrieu (Louisiana) og Mark Pryor (Arkansas) er to døme på konservative demokratar med djupe røter i heimstatane sine som i denne valkampen må kjempe mot veljarane sine negative oppfatningar av partiet deira. Landrieu er ein fighter som har vunne over dårlege odds tidlegare, men denne gongen dreier det seg i første omgang om å redde seg til ein andre valomgang i desember, dersom korkje ho eller republikanaren Bill Cassidy oppnår 50% av røystene. I dei siste målingane vippar Cassidy på femtiprosent-grensa, og kommentatorar meiner det skal mykje til for at ikkje dette mandatet til slutt fell ut i republikansk favør.

Soga om Mark Pryor er interessant. Arkansas er, til liks med West Virginia, ein stat kor overgangen frå demokratisk til republikansk har teke lengre tid enn andre stader i regionen, og familienamnet gjev Pryor nokre gratispoeng (Faren er tidlegare senator.) Pryor den yngre er rekna som ein av dei mest konservative demokratane i Senatet og byrja valkampen som knapp favoritt mot Tom Cotton (R), ein relativt fersk medlem av Representanthuset. Dei siste vekene har Cotton likevel drege ifrå, og han kan også få drahjelp frå guvernørkandidat Asa Hutchinson (R), som ser ut til å ha distansert tidlegare kongressrepresentant Mike Ross (D). Valkampen i Arkansas har langt på veg dreidd seg om at Cotton framstiller Pryor som ein blåkopi av Barack Obama. Ein republikanar i guvernørbustaden vil elles også innebere usikre tider for Arkansas’ særeigne variant av helseforsikringsreforma, den såkalla «private option».

Går desse fem duellane republikanarane sin veg står fire opne val att, der partiet altså må kapre minst eitt for å nå dei altavgjerande femtiein røystene for å innsetje Mitch McConnell (R) som fleirtalsleiar. Mark Begich (D) er endå ein rekrutt frå ein politisk familie, først vald på ei Obama-bølgje i tradisjonelt konservative Alaska i 2008. Som Landrieu og Pryor er han konservativ til demokrat å vere, men det spørs om det held. Alaska ligg så langt utanfor den amerikanske allfarvegen at staten er notorisk vanskeleg å lese. Det er vanskeleg å gjere nøyaktige meiningsmålingar, og den er prega av ei paradoksal blanding av patriotisk sjølvstendetenking og behov for pengeoverføringar frå sentralmakta i Washington. Å verte oppfatta som ein del av Washington-eliten er som rein gift å rekne, men du skal likevel helst vere eit ombod for statens politiske interesser i hovudstaden og sikre delstaten sin del av statlege løyvingar. Også her kan det sjå ut til at republikanaren, Dan Sullivan, har vinden i ryggen, men meiningsmålingane er som sagt ikkje alltid til å lite på.

Men alt her er det mogleg å sjå eit slags mønster. Valkampar som starta jamnt, gjerne med den sitjande demokratiske senatoren i svak føring, ser no ut til å ha bevega seg i republikansk retning. Det er også tilfelle i Colorado. Demokraten Mark Udall har fått overraskande skarp konkurranse frå den konservative republikanaren Cory Gardner. Udall kan plasserast ganske nøyaktig i sentrum av det demokratiske partiet, og har lånt ei side frå kollegaen Michael Bennets valkamp i 2010 for å appellere til kvinnelege veljarar. Bennets motkandidat, tea party-oppkomlingen Ken Buck, vart seinka av sitt konservative syn på abort- og kvinnerettar, og Udall har freista å klistre Gardner til hans tidlegare støtte til eit ytterleggåande forslag som i praksis kan forby nokre typar prevensjon. Gardner har i ettertid distansert seg frå forslaget, og til liks med andre kandidatar har han forsøkt å gjere valet til ei folkerøysting om Obamas skrantande popularitet i delstaten, medan Udall vil snakke om lokale saker. Dette valet er det vanskeleg å spå utfallet av.

Iowa har på si side til felles med Colorado at valet ligg an til å bli mykje jamnare enn dei fleste trudde når valkampen starta. Veteranen Tom Harkin (D) har takka nei til attval, men demokratane var godt nøgde med å kapre Bruce Braley som sin kandidat i ein stat som Barack Obama vann både i 2008 og 2012. Braley har imidlertid pådratt seg eit image som arrogant overfor vanlege folk og den viktige bondenæringa i Iowa, og det hjelpte heller ikkje at han la seg ut med seniorsenator Chuck Grassley (R), ein levande legende i Iowa. Motkandidaten Joni Ernst (R) er ein slik som kanskje kunne ha vore for høgreorientert under meir normale tilhøve, men i den siste målinga til respekterte Des Moines Register leier ho med heile sju prosentpoengs margin.

Til aller sist  kjem vi til to statar kor demokratar iallfall i utgangspunkt har klart å tilkjempe seg eit favorittstempel. Kay Hagan stod ikkje øvst på blokka då demokratane skulle rekruttere kandidatar i North Carolina i 2008, men har halde stand på imponerande vis i duell med Thom Tillis (R), president i delstatsforsamlinga. Resultatet kan gå begge vegar, men demokratane er optimistar i ein stat som har flytta seg i deira retning i dei to siste presidentvala. I New Hampshire stiller tidlegare Massachusetts-senator Scott Brown opp mot sitjande senator og tidlegare guvernør Jeanne Shaheen (D). Igjen har målingane jamna seg ut under valkampen, men Shaheen er framleis favoritt. Då han vart vald til Senatet etter Ted Kennedys død i 2010 vart Brown ein folkehelt hjå republikanarane, men venstrepopulisten Elisabeth Warren (D) sytte likevel relativt enkelt for at senatskarrieren hans fekk ein brå, om kanskje mellombels, slutt i 2012. Brown har slite med skuldingar om at han er ein opportunist og karrierepolitikar, og skulle han sigre over Shaheen er det truleg eit dårleg teikn for alle dei andre demokratane med.

I ei lita pulje for seg sjølv finn vi Kansas, Georgia og Kentucky, som under gjevne føresetnader kan avgjere kva veg fleirtalet går. Her står republikanarane i varierande grad i fare for å misse eit av sine eigne mandat. Ein siger i ein av desse tre statane kan byggje ein større buffer for demokratane, men i innspurten ser også desse vala ut til å skli sakte i retning republikanarane. Mindretalsleiar Mitch McConnell får kamp til døra av Alison Lundergan Grimes, men han ser ut til å ha skaffa seg ei luke. Den ferske politikaren Michelle Nunn (D), dotter til eks-senator Sam Nunn (D), må håpe på ein andre valomgang mot forretningsmannen David Perdue om kven som skal etterfølgje Saxby Chambliss (R). Viss ingen av kandidatane får over femti prosent på tysdag, går dei til ny røysting i januar. Chambliss måtte sjølv ut i omkamp i 2008, og skal eg setje pengar på noko blir det at republikanaren trekkjer det lengste strået, anten det skjer i morgon eller seinare. Mest interessant er stoda likevel i djupt konservative Kansas. Ikkje berre er guvernøren og eks-senatoren Sam Brownback i alvorlege problem i sin attvalskampanje grunna ein katastrofal skattepolitikk med påfølgjande budsjettsprekk som resultat. Mangeårig senator Pat Roberts (R) står også i reell fare for å tape attval mot den partiuavhengige Greg Orman. Roberts er dårleg likt både til venstre og høgre i heimstaten (der han ikkje eingong har ein bustad), og kansanarane verkar interesserte i å satse på ein ikkje-politikar. For spørsmålet om kva veg senatsfleirtal vippar, er Orman imidlertid ei likning med fleire ukjende. Han vil ikkje gå ut med kva parti han vil alliere seg med.

Av denne kortfatta oppsummeringa av status dagen føre valdagen, kan det sjå ut til at vi står framføre ei republikansk bølgje. Det er ein forhasta konklusjon. Situasjonen liknar litt på den i 2006, då demokratane fekk stang inn i alle dei jamne duellane og såvidt overtok fleirtalet. Men her har vi altså ikkje eingong nokon garanti for at vi kjenner utfallet på valnatta. Ei rekkje statar kan verte så jamne at dei krevst omteljing, og i Louisiana og Georgia er det tenkjeleg med ein andre valomgang. Og då har eg berre i denne siste setninga ymta om at eg trur utfallet av valet uansett blir ein variant av framleis stillingskrig, berre avbrote av periodevise innslag av hysteri og liksom-kriser.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*