Dagpengar og flyktningar står på kuttlista i Danmark

Av | 11. november 2014

Då vi forlet tingingane om det danske statsbudsjettet for 2015 sist, var stoda den at Socialdemokraterne og Det Radikale Venstre innretta seg mot eit forlik med sin tidlegare regjeringskollega Socialistisk Folkeparti og det venstreradikale støttepartiet Enhedslisten. Det vona statsminister Helle Thorning-Schmidt (S) og finansminister Bjarne Corydon (S) å få til gjennom å presse grensene for offentlege investeringar og budsjettere med høgare vekst enn i omkringliggjande. I tida som har gått har det imidlertid ikkje vore dei einaste grensene som er blitt sett under press. SFs og Enhedslistens respektive smertegrenser er allereie overtrådd så lenge regjering held fast på ei dagpengereform som høgrepopulistiske Dansk Folkeparti no fiskar veljarar på å ta eit oppgjer med, og den danske statens grenser møter eit forholdsvis stort tal asylsøkjarar frå Syria. Det er ikkje ukjend i dansk politikk at den slags blir til stridsspørsmål i budsjettsamanheng.

Lat oss ta dagpengane først: Som kjent har regjeringa vedgått at innføringa av dagpengereforma – som Socialdemokraterne elles var loddrett imot då dei sjølve var i opposisjon – gjekk for fort fram. Og apropos å gå fortare fram: I samband med Socialdemokraternes nylege landsmøte varsla statsministeren at ho har instruert kommisjonen som skal sjå på moglege justeringar av reforma om å arbeide raskare. Tilrådinga skal no leverast tidleg på hausten 2015 istaden for ved årsskiftet, slik at ei ny reform kan bankast igjennom med verknad fra 2016. Den praktiske tydinga vert truleg liten – anna enn at det største regjeringspartiet moglegvis kan gå til val på endringar i mindre dramatisk lei – men ironien er til å få auge på. Grunngjevinga for at regjeringa i utgangspunktet heller ville vente på kommisjonen enn å vedta endringar det allereie er fleirtal for i Folketinget, var at ein ønskte å ta seg tid til å vurdere reforma og dei føreslåtte endringane som ein heilskap. Det blir ikkje nett enklare dersom Thorning no meiner at det kan og bør vedtakast i løpet av nokre hektiske, seine haustmånader neste år.

Uansett, og sjølv om «ingenting er klart før alt er klart», som det heiter i budsjettforhandlingar: Per i dag verkar regjeringspartia urokkelege i dagpengespørsmålet. Misnøya har fått ulme i årevis ikkje berre i Enhedslisten og SF, og saka nyleg kom til avrøysting i Folketinget gjorde backbencheren Jan Johansen seg mektig upopulær i sitt eige parti ved å røyste imot. Situasjonen blir ikkje mindre underleg – eller, frå ein venstreside-ståstad, frustrerande – av at det Johansen i praksis gjorde var å fremje partiet sitt primærstandpunkt og det som statsministeren langt på veg har framlagt som Socialdemokraternes valkampstrategi andsynes såvel DF som regjeringspartnaren De Radikale. Han gjorde det berre i feil rekkjefølgje.

Førebels er det vanskeleg å sjå føre seg kvar kompromisset mellom regjeringspartia og støttepartia kan finnast i denne saka. SF og Enhedslisten må iallfall få gjort noko med oppteningstida for dagpengar. Mislukkast det, må dei ha nokre særs feite bein å kaste til veljarane for å få dei til å ignorere deira demonstrative maktesløyse.

Når dagpengereforma likevel har hamna litt i bakleksa i det offentlege ordskiftet den siste dryge månaden, skuldast det imidlertid ei varsla innskjerping av reglane for å innvilge asyl og familiegjenforeining for syriske flyktningar. Danmark ligg på EU-toppen i asylsøknader, og slikt kostar pengar. Difor signaliserte regjeringa, med godkjentstempel frå Det Radikale Venstre – tradisjonelt eit innvandringsliberalt parti – at ein berre ville gje mellombels opphaldsløyve til flyktningane, og såleis stille søknader om familiegjenforeining i Danmark i bero. På veg ut døra sende så avgåande justisminister Karen Hækkerup ut ei pressemelding om at regelendringa ville gjelde for «størsteparten» av dei nye syriske søkjarane. Venstreopposisjonen var rasande og saka gjorde vondt for Radikale. Etter ei tid kunne nyslått partileiar for Radikale, Morten Østergaard likevel fortelje Jyllands-Postenat endringane omfatta langt færre enn først trudd, ettersom det vert gjort eit skilje mellom «kollektivt» og «individuelt» forfølgde. Då var det plutseleg den borgarlege opposisjonen som lukta dårleg politisk handverk, og Mette Frederiksen, av mange tippa som Socialdemokraternes neste leiar, fekk ein stri start som justisminister med å rette opp inntrykket føregjengaren hadde skapt. Og enno sto sjølve finansieringa av asylauken att.

I utgangspunktet føreslo regjeringspartia at 2,5 milliardar i auka asyIkostnader skulle dekkast inn av kutt på bistandsbudsjettet. dag blei regjeringspartia og SF/Enhedslisten så samde om eit kompromiss på godt ein milliard, medan mellomlegget dels skal finansierast med EU-midlar og dels dekkast inn på eit seinare tidspunkt. SF og Enhedslisten har heile tida har vore sterkt imot å prioritere mellom heilt naudsynte tiltak for verdas fattigaste og forfølgde, og dei vil at du skal vite det. I ein budsjettsamanheng som denne er begge partia dessutan stadig nokså ferske. SF kjem frå nyleg regjeringsdeltaking og trongen for å forsvare førehandssnikra kompromiss til ei friare rolle som opposisjonsparti, medan Enhedslisten freistar å finne balansen mellom det konstruktive kompromisset og det fullstendig uakseptable. Det er ikkje spesielt vakkert å sjå på, men det trengs, om ikkje regjeringa skal vende seg til høgresida nok ein gong.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*