Danmark: Eit budsjett for omkampar – etter valet

Om det blir budsjettsemje her heime står att å sjå, men onsdag kveld blei det iallfall klart at Danmark får eit statsbudsjett for valåret 2015. Socialdemokraterne og regjeringspartnaren, det liberale sentrumspartiet Radikale Venstre (R), har inngått ein avtale med støttepartia Socialistisk Folkeparti og det venstreradikale Enhedslisten som sikrar meir penger til kreftbehandling, eldreomsorg, klimasatsing og som dessutan gjer opp med forsørgarplikta for sambuarar på sosialstønad. Regjeringa fekk gjennomslag for ei finansieringspakke for handtering av eit aukande tal på syriske asylsøkjarar. Avtalen rokkar ikkje grunnleggjande ved den omstridde dagpengereforma  – som er Danmarks variant av den aktuelle norske debatten om «arbeidslina» – og som støttepartia ønskjer å reversere.

Så kvifor følte SF og Enhedslisten likevel at dei kunne akseptere kompromissforslaget frå regjeringa, sjølv om begge partia i framkant av tingingane trass alt gjekk høgt på banen med nær ultimative krav på dagpengeområdet, og det endåtil med eit stridslystent LO i ryggen? Det korte svaret er at dei ikkje hadde noko reelt val. SF-leiar Pia Olsen-Dyhr, som inntil i vår var statsråd i den regjeringa ho no møtte ved forhandlingsbordet, var inne på det då ho streka under kor viktig framvisninga av semje kan vere for framtida til det danske sentrum-venstre. Eit forhandlingssamanbrot ville truleg tvinga fram eit tidleg og uplanlagt folketingsval, som den raude blokka ville lagt an til å tape med klar margin. Budsjettforliket gjev ei utsetjing, og ein siste sjanse til å vise veljarane at det gjer ein klar og positiv skilnad at Danmark blir styrt frå venstre.

Det lengre og meir spesifikke svaret er at forhandlingane i det minste sytte for å dempe dei usosiale utslaga av dagpengereforma. Statsminister Helle Thorning-Schmidt (S) fekk dagpengespørsmålet i fanget etter den førre regjeringa. Venstre, Det Konservative Folkeparti og Dansk Folkeparti fekk i 2010 med seg Radikale Venstre på å gjere endringar i tidlegpensjonsordninga, dagpengane og oppteningstida for dagpengar. S og SF måtte akseptere reforma for å få med seg R i regjeringa i 2011, men i det siste har Socialdemokraterne varsla at dei vil gjere opp om dagpengane på nytt etter neste val. Viss vi skal tru desse nye signala frå det største regjeringspartiet får regjeringas politikk nokre schizofrene drag, men inntil vidare har SR-regjeringa altså insistert på at grunntrekka i reforma står ved lag. Samstundes har det vist seg at langt  fleire enn først trudd er avhengige av å motta dagpengar i lengre tid enn den nye maksgrensa på to år, og for at desse ikkje skal stå heilt utan inntekt oppretter budsjettforliket no ei ny kriseyting. Denne skal sikre at dagpengemottakarar kan få offentleg støtte i opptil tre år, noko som fell nøyaktig saman med overgangen til 2016, då planen er at ei justering av dagpengereforma skal vere banka igjennom i Folketinget.

Føresetnaden for at ein i det heile kjem så langt er naturlegvis at sentrum-venstre-blokka maktar å snu eit tilsynelatande vonlaust underskot i veljartilslutnad i løpet av månadene som står att før Helle Thorning uansett må kalle saman danskane til nytt val, seinast neste haust. Eller, det vil seie: Også dersom det blir borgarleg fleirtal kan det i prinsippet avteikne seg eit alternativt fleirtal for reform-reform på dagpengeområdet. Dansk Folkeparti står ikkje lenger inne for dagpengeløysinga, og også i det neste Folketinget vil Socialdemokraterne, DF, SF og Enhedslisten difor sannsynlegvis kunne gjere opp om saka, viss dei vil. Det er lett å følgje Mette Østergaard, politisk redaktør i avisa Politiken, når ho spår at folketingsvalet kjem til å dreie seg om dagpengespørsmålet. På vanleg vis har regjeringa løyst ei akutt politisk krise ved å kjøpe seg meir tid. Men heller ikkje tid er ein utømmeleg ressurs, no når valperioden uavvendeleg går mot slutten.

Arbeidsdelinga internt i sentrum-venstreblokka er alt anna enn enkel: Enhedslisten og SF skal kjempe om veljarar som er misnøgde med den sosiale profilen men uvillige til å hoppe over til blå blokk; Radikale skal hente inn dei som er nøgde med retninga i den økonomiske politikken, men som vil ha ei liberal motrøyst i verdipolitikken. Som vanleg er Socialdemokraternes posisjon den vanskelegaste. I skvisen frå uoppfylte løfte, ein skjør økonomi og ein økonomisk politikk det fekk i arv frå borgarlege forgjengarar, blir S mest for «sentrum» å rekne i eit «sentrum-venstre» kor Radikale representerer høgresida og SF/Enhedslisten representerer venstresida. Det er eigna til å uroe den som hugsar orda frå sosialdemokraten Erling Olsen om at sosialdemokratiet er best når det «komme[r] fra venstre og [griber] ind mod midten», og ikkje omvendt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*