Krav, vekst og eit gjenkjenneleg Danmark skal sikre nytt fleirtal for Thorning

Då Danmarks statsminister, sosialdemokraten Helle Thorning-Schmidt, talte til nasjonen første nyttårsdag, ville ho aller helst snakke om at det går litt betre. Økonomien er i framgang og regjeringa gjer som den har lova. Likevel var det særleg to bodskapar stakk seg fram i manuset. Den eine var det utvitydige signalet om at det ikkje berre er den borgarlege opposisjonen som vil stille krav til innvandrarar og flyktningar. Den andre, meir kontroversielle, var eit varsel om at Socialdemokraterne vil gå til val på grunnleggjande endringar i den dagpengereforma som den førre borgarlege regjeringa og Dansk Folkeparti fekk innført saman med Thornings noverande koalisjonspartnar, det sosialliberale sentrumspartiet Det Radikale Venstre. Når ingen av sakene beint fram var overraskande, handlar det delvis om at Thorning uttrykte seg uklart nok til å ha retorisk handlingsrom, og dels om at at usemja mellom S og R om dagpengane alt er godt kjent.

Dansk innvandringsdebatt har flytta seg langt til høgre dei siste tjue åra, men særleg etter at Venstre og Det Konservative Folkeparti under Anders Fogh Rasmussens (V) statsministertid let innvandringskritikarane i Dansk Folkeparti svinge taktstokken på saksfeltet frå 2001 av, har både tonen og politikken blitt strengare. Ein langt på veg samla borgarleg blokk har halde fram på denne kursen etter regjeringsskiftet, og særleg Venstre og DF ser ut til å få støtte frå veljarane til sortering mellom ønska og mindre ønska innvandrarar, eller til generelle tiltak for å minke asyl- og flyktningtala. I denne konteksten, og med DFs jamt stigande galluptal i bakhovudet har Socialdemokraterne først foreslått strenge opphaldsreglar for syriske flyktningar og no krav til aktivisering for alle flyktningar i Danmark. Kritikarane – og dei finst i støttepartia Socialistisk Folkeparti og Enhedslisten, men ikkje minst hjå partnaren Dei Radikale – hevdar ofte Socialdemokraterne jagar DF-veljarar i blinde istaden for å stå opp for sine eigne verdiar. Framlegga Thorning-Schmidt kom med i nyttårstalen samlar likevel støtte, også frå SFs Karina Lorentzen.

Meir interessant var det då å høyre statsministeren be danskane nytte det komande folketingsvalet til å velje eit folketing som kan gjennomføre endringar i dagpengereforma. Tydelegare enn så torde ikkje Thorning å vere, av frykt for å støytte Dei Radikale, men ei rimeleg tolking må vere at ho varslar at Socialdemokraterne vil setje seg ned saman med Enhedslisten, SF og Dansk Folkeparti og sjå på nytt på mellom anna oppteningstida for dagpengar, dersom denne partibuketten får fleirtal i neste folketing. Heile det politiske Danmark har allereie innrømma at reforma vart innført for raskt, med resultatet at langt fleire mista retten til dagpengar enn det som vart føresett når reforma vart vedteken. For å kjøpe seg tenkjetid og godvilje hjå Dei Radikale – som framleis stør dagpengereforma heilhjarta – sette Thorning difor ned eit ekspertutval som skal føreslå endringar innan utgangen av 2015, men for sin eigen del har Socialdemokraterne alt konkludert med at reglane må mjukast opp att. Etter meir enn tre års utydeleg tale er truverdet dog ikkje det største, og SF og Enhedslisten har opplagt eit poeng når dei peikar på at det alternative fleirtalet Thorning ymta om i nyttårstalen faktisk har fleirtal også i det Folketinget som sit no. I prinsippet kunne Socialdemokraterne altså har gjennomført nye forhandlingsrundar allereie, om dei hadde tore å satse samarbeidet med Dei Radikale på det.

Reaksjonane på talen har vore omtrent like føreseielege på leiarplass i storavisene som frå politikarane. Berlingske og Jyllands-Posten, med sitt borgarleg-liberale grunnsyn, gjev statsminister strykkarakter. Førstnemnte hevdar at regjeringa har gått tom for idear, og ønskjer at det vert kalla inn til nyval. Den mildt venstreorienterte Politiken er på si side meir vennleg stemt. Her får Thorning og regjeringa ros for teikn på at den økonomiske motgangen har snudd, og avisa stller seg også bak tanken om å gjere innvandrarar og flyktningar meir sjølvforsørgjande.

Å stengje av flankar til høgre eller medvite å gå til val som to parti som spenner over eit breitt politisk spekter, er likevel neppe i seg sjølv nok for SR-regjeringa. Thorning ventar på eit passande høve til å skrive ut valet, men for at regjeringspartia skal ha ein sjanse må mellom anna det forsiktige økonomiske oppsvinget feste seg, også i medvitet til danskar flest. Ein ny kampanje freistar difor å selje Socialdemokraterne som forsvararar av det Danmark veljarane kjenner og er glade i. Det høyrest ut som eit DF-slagord, men ikkje minst handlar det om å fundamentere velferdsstaten på det å stille krav, og å ha orden i økonomien. Med Dei Radikales gradvise tilstramming av flyktningpolitikken til å passe med eit generelt fokus på å stille krav til danskane, kan det verke som om regjeringspartia er meir samde om denne linja enn på lenge. Men Thornings dulgte lovnader om nye alliansar i dagpengespørsmålet gjorde at nyttårstalen etterlet like mange nye spørsmål som svar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*