2011 ringte. Han vil ha tilbake valkampen sin.

To ting gjer at den danske valkampen plutseleg fekk ein kraftig smak av 2011: Først SF-leiar Pia Olsen-Dyhrs utspel om at statsminister Helle Thorning-Schmidt (S) bør kaste Det Radikale Venstre ut av regjeringa, ettersom Morten Østergaard (R) vil ha endå strengare dagpengeregler, i strid med signal frå S. Det kan føre ein i tankar om det lange førearbeidet til valkampen i 2011, då dei mest optimistiske venstrefløysaktivistane såg føre seg å gjere Dei Radikale overflødige. Dinest at same Olsen-Dyhr og Dansk Folkepartis Kristian Thulesen Dahl har gjeve kvarandre handa på at dei ikkje vil inngå noko forlik som ikkje sikrar at gjenoppteningstida for dagpengar vert sett ned att frå eit heilt til eit halvt år. Kjennarar vil hugse det uortodokse «håndslaget» mellom dei dåverande leiarane for Det Radikale Venstre og Det Konservative Folkeparti, Margrethe Vestager og Lars Barfoed, frå valkampens opningstimar i 2011. Dei lova samarbeid over midten og «blokpolitikkens død».

I går gjekk Morten Østergaard ut i Jyllands-Posten og varsla at R ikkje berre stod fast på hovudtrekka i dagpengereforma (redusert ytingsperiode frå fire til to år og den nemnde doblinga av oppteningstida.) Han er i tillegg villig til å diskutere om ein bør gjere noko med krav ein stiller til dagpengemottakarar, særleg den såkalla «rådighedsreglen», at ein kan påleggje folk å ta ein jobb også dersom dei må reise langt. Prøveballongen vart prompte skoten ned av S, slik soga har vore etter kvart som valkampen har kome nærmare og S har vakse på meiningsmålingane på kostnad av R. Men no byrjar soloutspela frå Østergaard å verte så mange, og avstanden mellom S og R så påtakeleg stor – i spørsmål som bustadskatt, toppskatt og dagpengar – at den opphavlege, gjennomsiktige arbeidsdelinga kor Radikale skulle lokke borgarleg sinna veljarar for å totalt samla eit sentrum-venstre-fleirtal, vert vanskeleg å tru på. Viss S og R skal skulde borgarleg blokk for kaos, kan dei ikkje leve med svarreplikkar som sender påstanden i retur.

I den samanhengen har Pia Olsen-Dyhr lansert ei løysing som iallfall høver hennar politiske og taktiske interesser. Når avstanden mellom dagens regjeringsparti tilsynelatande er så stor, bør Thorning ta konsekvensen av det og seie farvel til R. Då står ho dessutan friare til å tinge fram ei ny dagpengeløysing med det alternative fleirtalet som avteiknar seg – S, SF, DF og Enhedslisten. Det minner ikkje så lite om draumen frå 2011. S og SF lagde den gongen eit sams økonomisk program («Fair løsning«), og fortalde Radikale at partiet stod fritt til å slutte seg til. Likevel: Det skulle ikke endres på «et komma». Optimistane hadde von om reint fleirtal for S og SF saman med Enhedslisten, men når Radikale likevel måtte inviterast med vart mykje av grunnlaget for Helle Thornings rykte som «løftebrytar» lagt. Med SFs låge oppslutnad er det endå meir av ein tåkedraum no, men Pia Olsen får i alle høve markert kant mot Radikale.

Om intensjonsavtalen mellom SF og DF får meir å seie enn utspelet om at ho ikkje kan sjå føre seg Socialdemokraterne og Radikale i regjering saman, er enno uvisst. S lever førebels fint med R, ikkje minst fordi dei to partia er samde om ein køyreplan for justeringar av dagpengereforma. Ein ekspert- og partssamansett kommisjon skal levere framlegg til ny dagpengereforma om nokre månader, og fram til den tid vil ikkje Thorning forplikte seg til mykje anna enn retoriske påpeikingar av at dagens system ikkje verkar. Når også opposisjonsleiar Lars Løkke Rasmussen (Venstre) har signalisert at han vil invitere til forhandlingar om dagpengane (også han avviser innstrammingane til Østergaard) viss han vinn valet, er det lett å sjå føre seg at eit anna fleirtal – Venstre, Radikale, Konservative og Socialdemokraterne – likevel set SF og DF på sidelinja. Thornings første fire år ved makta har vist at ho trivst like godt, om ikkje betre, med forlik som også eitt eller fleire borgarlege parti kan stille seg bak. Noko av det ligg nedfelt i dansk politisk kultur for tverrpolitisk samarbeid, men det speler også inn at Thorning har alle kjennemerka på ein forsiktig sentrumspolitikar.

Korkje Thorning eller Østergaard har ofra mykje tid og krefter på allliansebygginga på fløyene. Men noko kan likevel vere i ferd med å skje i dansk politikk. I takt med at venstresida, og særleg S, (diverre) har akseptert og dels teke over store delar av innvandrings- og flyktningpolitikken til DF, har konfliktnivået mellom DF og venstresida vorte lågare, fordi ein har byrja lytte til DFs meir velferdspositive retorikk. Samstundes vert avstanden mellom Radikale og borgarleg blokk (minus DF) mindre i den økonomiske politikken. Radikale er eit maktparti som er vant til å sjå til båe sider (dei gjekk frå borgarleg til raud blokk og gjorde Poul Nyrup Rasmussen (S) til statsminister i 1993), og DF har som profesjonelt støtteparti røynsle med at det er gjennomslaget som tel. Dette valet kjem truleg for tidleg, men valkampen til no har stadfest at dagens blokkdeling ikkje er hogd i stein.

Slik sett er 2015-valkampen noko heilt særeige, sjølv om minna frå 2011 stundom kan verte sterke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*