Etter folketingsvalet: Liberal Alliance

Av | 6. juli 2015

Liberal Alliances valkamp var ei triumfferd. Partiet som for berre fem år sidan laut setje sin vidare eksistens inn på om leiaren, Anders Samuelsen, fekk plass i bystyret i Horsens eller ikkje, hausta fruktene av mangeårige hardt arbeid for å få danske veljarar til å fatte at liberalar ikkje lenger trong innfinne seg med at dei anten måtte røyste på Venstre eller Dei Radikale. Bodskapen om lågare skattar, minusvekt i det offentlege (utlagt som at «ein av verdas største offentlege sektorar kan tole å bli litt mindre») og meir tillit til folk, både åp jobb og i privatlivet, gjekk heim særleg hjå yngre veljarar. LA lukkast, til liks med andre tydelege og idebaserte parti som Enhedslisten og Alternativet, i å teikne opp ein høgare himmel over politikken sin, paradoksalt nok samstundes som dei kom væpna med ei vurdering frå Finansdepartementet som kom fram til at partiets plan for dansk økonomi kunne skape ny vekst i Danmark. Dette siste gjorde dei nær usårlege for åtak om at dei var uansvarlege. At planen også ville auke ulikskapen og potensielle gje fleire fattige, var det færre som beit seg merke i.

Med over sju prosent av røystene var Liberal Alliance heilt avgjerande for at eit fleirtal i Folketinget etter valet peikte på Lars Løkke Rasmussen (Venstre) som statsminiister. Den store utordringa for Anders Samuelsen framover blir å omsetje mandata i politisk innverknad. Han spelte først ut med å be Løkke undersøkje mogleigheitene for å få skipa ei fleirtalsregjering, med V, LA, Konservative og Dansk Folkeparti. Samuelsen, som var medstiftar av LA-føregjengaren Ny Alliance, hugsar sikkert korleis Naser Khader forvirra veljarane med sitt snakk om «dronningerunden» i 2007, men denne gongen fekk Samuelsens ønskje om sonderingar for ei fleirtalsregjering iallfall demonstrert LAs vilje makt. Det gjeld uansett om ideen var uoppnåeleg frå starten av.

I kor stor grad partiet faktisk får grep om makta står framleis att å sjå, men det er tydeleg at Samuelsen fryktar at Venstre-regjeringa skal gå rundt dei for å lage breie forlik. Undervegs i forhandlingane mellom V og DF truga Samuelsen indirekte med å trekkje støtta til Løkke dersom partiet han ikkje fekk bli med på råd. LA har fått vage lovnader om toppskattelette i løpet av perioden, og kommuneoppgjeret enda i LA-ånd med krav om effektiviseringar, men partistrategane veit at Løkke både kan og vil rekkje handa ut til Socialdemokraterne, Radikale Venstre (og Alternativet) i saker som krev brei forankring, som til dømes eit nytt dagpengesystem. Då kan LA bli isolert. I sum kan vi altså ha nådd heilt dit at Liberal Alliance, viss føregjengar altså blei danna for å ta eit oppgjer med Dansk Folkepartis makt over Venstre og Konservative i den borgarlege «blokkpolitikkens» tid (2001-2011), no må setje sin lit til den same blokkpolitikken for å mest mogleg innverknad på ei borgarleg regjering.

Liberal Alliance er eit toppstyrt parti, og den nye folketingsgruppa vil utan tvil gje frie tøyler til sine tre sterkaste menn; partistiftar og frontfigur Anders Samuelsen, parlamentarisk leiar Simon Emil Ammitzbøll og organisasjonsbyggjaren Leif Mikkelsen. I tillegg til desse tre, gjer dei lurt i å gje ny tillit til profilerte talspersonar som Joachim B. Olesen og Ole Birk Olesen (arkitekten bak vekstplanen). Valet gjekk stort sett som leiinga ville, men det var ein strek i rekninga at Thyra Frank, mangeårig dagleg ved eldresenteret Lotte og noko nær eit personleg, ugjendriveleg vitneprov på partiets sosiale sinnelag, ikkje blei attvald.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*