Ein månad med Lars Løkke

Den reine Venstre-regjeringa til statsminister Lars Løkke Rasmussen har sete i ein månad. Det politiske Danmark er i sommarferiemodus, men før dei kom så langt, fekk regjeringa prøvd ut føremoner og ulemper ved å vere ei mindretalsregjering som lyt søkje breie kompromiss i Folketinget. Det har gjeve litt varierande samarbeidskonstellasjonar, og dessutan sytt for at regjeringa ikkje kan føreslå noko som helst utan spekulasjonar kring kor vidt det kan få fleirtal, og om det kan kallast eit løftebrot viss forslaget må leggjast urealisert tilbake i skuffen.

Allereie føre valet vart Venstre, Det Konservative Folkeparti, Dansk Folkeparti og Liberal Alliance samde om ei pakke med strengare reglar på asylfeltet og lågare stønader til nytilkomne flyktningar, og saka vart følgd opp umiddelbart. Det var viktig for Venstre, av mange grunnar. For det første gjorde partiet evna til å regulere asylstraumen til ein hovudbodskap i valkampinnspurten. Partiet insisterte – og trass i sviktande forskargrunnlag gjer integreringsminister Inger Støjberg det framleis – på ein samanheng mellom ytingar og asyltal, og då må endringane komme i stand raskt. Vidare er ein «handfast» asylpolitikk hovudprioriteten til Dansk Folkeparti, så sjølv om nokre Venstre-folk hadde ønskt noko anna, er det no DF og Venstres strammere som dikterer vilkåra for korleis Danmark handterer verdas mest sårbare folkegrupper. Til sist har Løkke-regjeringa sett heile sitt økonomiske handlingsrom inn på lågare utgifter til bistand og integrering. Det taksameteret tikkar frå første dag. Verda lir under ei til no usett flyktningkrise, samanhengen mellom økonomi og flyktningtal er mindre tydeleg enn Venstre vil ha det til, og ekstreme utspel frå DF set Danmarks humanitære ry i fare, men slikt er mindre viktig for ei sta V-regjering som skal overleve frå dag til dag.

Løkke liker også å gjenta at han gav særs få konkrete lovnader i valkampen. Det skal skrive han inn i tradisjonen frå partifelle og statsminister Anders Fogh Rasmussens (2001-2009) «kontraktpolitik» og gjere han immun mot skuldingar om løftebrot, som han hjelpsamt heiv etter føregjengaren, Helle Thorning-Schmidt (Socialdemokraterne), frå første dag. Ein ting våga han likevel å love: Regjeringa skulle gjeninnføre eit skattefrådrag for oppussing i heimen. Ideanen kom opphavleg frå den borgarlege Alliansen i Sverige, og vart gjennomført førre gongen Løkke var statsminister. Føremålet var og er å gjere det meir lønsamt å nytte seriøse, skattepliktige handverkarar, men ordninga fungerer samstundes som ei klar subsidiering av mellomklassens oppussingsjag. Her fekk regjeringa med seg røystene til Socialistisk Folkeparti og nykommaren Alternativet.

I sin første landsmøtetale som opposisjonsleiar og partileiar for Socialdemokraterne, lova tidlegare justis- og arbeidsminister Mette Frederiksen at partiet skal vere Lars Løkkes viktigaste støttespelar når han kjem med gode forslag, og hans vanskelegaste motspelar viss han gjennomfører Venstre-politikk og aukar skilnadene og minskar den sosiale samanhengskrafta. Det vart tolka som at S på kort sikt vil leggje seg på ei ganske fredsæl, konstruktiv linje. Som eg har peikt på langt ut i det keisame, er Danmark eit land som vert driven av politiske forlik over midtstreken. Det skjedde også då det skulle tingast om ein ny rammeavtale for kommuneøkonomien, men ikkje utan dramatikk. Venstre og Dansk Folkeparti mista fleirtalet då Det Konservative Folkeparti trekte seg, og prisen for å erstatte dei med Socialdemokraterne og Radikale Venstre viste seg å verte audmjukande høg. Venstre måtte forplikte seg til å stille sine røyster til rådvelde for liknande avtalar neste gong Danmark får ei sosialdemokratisk regjering. Kompromisset har likevel fått kritikk frå både høgre og venstre. Konservative ville inkludere bustadskatteletter i avtalen, medan SF og venstreradikale Enhedslisten held S og R ansvarlege for ein «kapitulasjon» for borgarleg politikk. I praksis liknar avtaleteksten på ein mindre omfattande dansk versjon av den svenske «decemberöverenskommelsen» som skulle isolere Sverigedemokraterna: Kommuneøkonomien er no parkert som politisk stridstema og i sin heilskap overlaten til partane på arbeidsmarknaden, alt for å sikre føreseielege og stabile rammevilkår. Til liks med den svenske avtalen, har det danske kompromisset nokre klare demokratiske veikskapar.

Til slutt kan vi registrere eit forsmedeleg resultat av den borgarlege blokkpolitikkens gjenkomst. Anders Fogh Rasmussens forplikta Danmark til krig i Irak* med eit knapt borgarleg fleirtal i ryggen (Venstre, Konservative, Dansk Folkeparti), og det sviktande krigsgrunnlaget gjorde at Thorning-regjering skipa ein kommisjon til å undersøkje både bakgrunnen for krigsdeltakinga og korleis Danmark tedde seg i krigen. Kommisjonsarbeidet gjekk dog seint, og med dette som påskot avgjorde Løkkes nye V-regjering så fort den kom til makta å leggje den ned. Det skjer samstundes som det stendig kjem nye avsløringar, og kort tid før kommisjonen var ril å føreta innleiiande høyringar med leiande politikarar frå Venstre og Konservative. Regjeringa og borgarlege leiarskribentar insisterer på at kvar stein er snudd og at kommisjonen frå første stund var ein politisert hevnaksjon frå sentrum-venstresida (1), og med DF, Konservative og Liberal Alliances røyster er det slik det blir.

Den første månaden har i det heile synt at eittparti-samansetjinga er den nye regjeringas største styrke og mest alvorlege veikskap. Føremonen er at den kan skaffe seg fleirtal til båe sider i folketingssalen frå sak til sak. Utfordringa er at dens eige parlamentariske grunnlag er så svakt at ein alltid må tinge med ein heil bukett av parti om gangen. Det kan verte uklar styring av slikt. I det minste krev det at regjeringa er audmjuk. Diverre er det nett der det har skorta i eitt av dei verkeleg store spørsmåla – det om krig og fred.

_______

* Også kjent som en «forfriskende demokratidagsorden»

(1) Bæksgaard, A.: «Venstre: Hver en sten er vendt», Politiken, 3. juli 2015.

(2) «Overflødig kommission, Berlingske, 8. juli 2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*