Desemberkalenderen: Mea culpa

Av | 3. desember 2015

Eg har tenkt på det ei tid: Bergens Tidende fortener, om ikkje nett ei orsaking, så iallfall ei oppfølging. I fjorårets desemberkalender skildra eg utviklinga i avisbransjen på brei front, og sjølv om eg reserverte dei hardaste orda til VG, så fekk også BTs kulturredaktør, Hilde Sandvik, del i mi djupe skepsis til omlegginga av kulturkritikken i store, norske avishus. Som melodien gjerne har vore i samband med utviklinga av BTs journalistikk det siste året, uttalte eg meg for sjølvsikkert og for kritisk innan eg visste korleis produktet kom til å endre seg.

Det liknar mottakinga av nykonseptet «meldarintervju», som BT har trykt nokre av denne hausten, til dømes med Marit Eikemo og Pedro Carmona-Alvarez. BT-meldar Silje Stavrum freistar å kombinere den tradisjonelle bokmeldinga med ein kritisk tovegs-samtale med forfattaren Frå Karin Haugen (Klassekampen) og Bernhard Ellefsen (Morgenbladet, bak betalingsvegg) læt det høglytte innvendingar om utholing av kritikken og uheldig sjangerblanding alt før første intervjuet kom på trykk, og det er her eg kjenner meg att. Slik eg uttrykte min skepsis alt føre BT lanserte sin nye meldingsseksjon, «Lest. Sett. Hørt.», som samlar film-, musikk, litteratur-, restaurant-, teikneserie- og andre meldingar på fredagar, uttalte journalist-kolleger seg for bastant om BTs freistnad på kulturkritisk nyskaping. Når det er sagt: Eg vil ikkje strekkje meg lenger enn til å seie at det må vere bra at BTs vågår å gå opp nye vegar for kritikken. Sjølv tykkjer eg førebels ikkje at meldarintervjuet verkar som noko særskilt vellukka eller gjevande eksperiment.

Elles består ein gjennomsnittleg fredag gjerne av eit hovudessay (det kan til dømes handle om krigsbøker eller polarlitteratur) eller eit aktuelt forfattarintervju, bok-, film- og musikkmeldingar, ei restaurantmelding med tilhøyrande intervju med kjøkkensjefen, og mediekommentaren til popkulturallvitaren Håvard Nyhus. Det er ei god blanding, og at samlinga av kritikken på ein stad, ein dag i veka, er hovudgrunnen til at eg vil trekkje tilbake min opphavlege skepsis.

Eg opprettheld likevel på prinsipielt grunnlag uroa over at det skjer meir stoffdeling på tvers av Media Norge-avisene, slik at talet på meldarar, og dermed meldingar, samla sett går ned. Det kan vere ein svir å lese sakprosameldingar frå Aftenbladets Tom Hetland og Sven Egil Omdal, men når tekstane deira vert trykte i fleire aviser vert samtalen om litteraturen rett nok meir konsentrert, men meiningsmangfaldet vert likevel mindre. Kvantitet gjer ikkje salig, men kvantitativt fleire kvalifiserte meldingar er eit gode.

Når det gjeld reduksjonen i talet på filmmeldingar, trur eg hardare prioriteringar av dei interessante filmane kan ha vore bra. Då omlegginga var på planleggingsstadiet sa hovudmeldar Britt Sørensen at også den informerte meldinga av det dårlege kunne vere viktig, og det er eg samd i. Kvifor noko dårleg blir populært, kva marknadsmekanismar som ligg bak, og framfor alt kvifor og korleis ein film er dårleg, er alle relevante spørsmål. Samstundes har den større boltreplassen for kvar einskild melding no gjeve større høve for meldarane til å utvikle resonnementa, og dels også til å gjere små formeksperiment.

BT har merksame og lidenskapelege lesarar, mellom dei underskrivne. Vi reagerer på endringar fordi vi har eit klart bilete av korleis vi vil at avisa skal vere, og påfallande ofte stemmer biletet overeins med korleis avisa er nett no. Då blir endringar vanskelege. Difor vil eg seie det igjen: I store trekk reagerte eg for raskt og unyansert på planlagte omleggingar av avisas meldingsstoff. Men eg vil framleis halde auge med at BT er sitt beste sjølv. Spørsmålet er om avisa som har skjerpt kulturprofilen og sett den nasjonale dagsordenen i asylpolitikken kjem til å få høve til å gjere det i framtida, når stadig knappare journalistiske ressursar skal produsere stadig mer.

_________________________________________

I desemberkalenderen vil vi, hver dag fram til julaften, løfte fram mennesker, organisasjoner, fenomener, nettsteder eller popkulturelle nedslag som har engasjert, provosert, beriket eller underholdt oss i 2015. I dag: Det var ikke dommedag for Bergens Tidendes kulturdekning likevel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*