USA: Ei avklarande veke for Ryan, Biden og Clinton

Av | 23. oktober 2015

Nokre viktige ting er ved å falle på plass i amerikansk politikk. Etter meir enn ein månad med kaos, ser det republikanske partiet endeleg ut å ha funne den samlande kandidaten som kan erstatte John Boehner som «speaker» i Representanthuset. Paul Ryan, fiskalkonservativ bannerførar og tidlegare visepresidentkandidat ligg an til å få den breie støtta frå republikanerane sine ulike gjenstridige fraksjonar han sette som krav for at han ville ta på seg vervet. Det var langt fra gjeve. Intern motstand, særleg frå det tea party-influerte såkalla «Freedom Caucus», mot kvart eit glimt av pragmatisme, kverna først sund Boehner, og ikkje mindre enn to av dei forventa arvtakarane hans, Eric Cantor og Kevin McCarthy.

På demokratisk side av gjerdet veit no korleis presidentnominasjonskampens endelege rolleliste ser ut. Månader av åndelaus spekulasjon blei punktert då visepresident Joe Biden på onsdag kunngjorde at han likevel ikkje stiller som presidentkandidat ved valget i 2016. Det er uklart kor stor skilnad eit Biden-kandidatur kunne gjort, men i strid med mange førehandstips konkluderte hovudpersonen sjølv med at toget hadde gått. Spekulasjonane kring i kva grad Biden hadde det i seg å stille som presidentkandidat for tredje gong (tidlegare: 1988 og 2008) skaut for alvor fart etter at New York Times-spaltisten Maureen Dowd på seinsommaren rapporterte at Bidens nyleg avlidne son, Beau, hadde oppmoda faren om å søkje presidentvervet. Oppdrifta dette skapte, kombinert med vedvarande uro knytt til Hillary Clintons handtering av kritikken av hennar eigen epost-korrespondanse som utanriksminister, let til å ha fått Biden til å vurdere spørsmålet seriøst, og det er verd å merke seg at han, i kunngjeringstalen, først og fremst la vekt på at han trudde han var for seint ute til at han kunne kapre nominasjonen. Inst inne har Biden aldri slutta å drøyme om å bli president, men denne gongen la han band på ambisjonane sine. Til sjuande og sist klarte han korkje å overtale store nok delar partieliten – eller seg sjølv.

Eg trur Biden trekte den rette konklusjonen for sin eigen del, både når det galdt vinnarsjansar og det personlege kostnadene. Viss du ikkje er eitt hundre motivert eller førebudd, er det best å late vere. Men det hindrar meg ikkje i å tenne eit lys for den kampanjen vi no aldri får. Eg er overtydd om at Biden, om ikkje anna, endeleg ville ført ein valkamp som sto nokonlunde i stil med hans potensiale som kandidat. Det har av ymse grunnar ikkje kome fram i tidlegare forsøk.

Det er venta at Hillary Clinton kjem til å tene på at Joe Biden til slutt takka nei til å stille. Både Clinton og Biden er klassiske establishment-kandidatar, og sidan hovudrivalen Bernie Sanders er såpass radikal, kan dei reknast som «moderate» i eit demokratisk parti dei begge gladeleg har følgt mot venstre det siste tiåret. Tesen er difor at dei ville ha ete kvarandre sin oppslutnad. Men sjølv om Biden verkeleg såg etter ei opning, så har Clinton nytta dei siste vekene til å ta tilbake noko av statusen som nominasjonsstridens uunngåelege vinnar. Den første TV-debatten mellom Clinton og Sanders var rett nok jamn, men i første omgang trong ho faktisk ikkje gjere meir enn å overtyde skeptikarar om at framleis var i stand til å kjempe. Den uvissa feidde ho vekk. Og torsdag, dagen etter at Joe Biden forlet eit race han eigentleg aldri stilte til start i, kom Clinton uskadd, kan hende direkte styrkt, ut av ei maratonhøyring i Kongressen om ambassadeåtaket i Libya i 2012.

Og då er vi tilbake ved kaoset kring den republikanske arvefølgja i Representanthuset. Noko av det som leidde til speaker-kandidat Kevin McCarthys fall, var nemleg ein augneblink av umedviten ærlegdom. McCarthy nærast skraut av at republikanarane sitt fokus på Clintons rolle i handteringa av ambassadeåtaket hadde lukkast i reduserte veljarane sin tillit til den ein gong tilsynelatande uslåelege Clinton. Det er ikkje heile forklaringa på kvifor McCarthy måtte kaste inn handkleet (det handlar ikkje minst om parlamentarisk prosedyre og maktkamp internt hjå republikanarane), men glimtet inn bak det politiske teatrets sceneteppe gjorde likevel Kevin McCarthy til ei uakseptabel byrde for partiet.

Detter maktvakuumet Paul Ryan no skal tre inn i. Men etter ei veke som har altså har bidrege til ei viss avklaring av den politiske framtida til tre verkelege storespelarar – Ryan, Biden og Clinton – kjem den krevjande kvardagen snart tilbake. Biden og Obama-administrasjonen må mellom anna handtere eit bittert kursskifte i Afghanistan; Clinton skal byggje vidare på framgangen, og Ryan får, når han (framleis berre «sannsynlegvis») blir røysta fram som speaker, ansvaret for å redde landet frå å stange hovudet i gjeldstaket. Ingen av dei kjem til å få det lett.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*