Danmark: Grenser, kontroll og dominoeffekt

Det er ikkje heilt greitt å vite kva ein skal leggje i måndagens avgjerd frå statsminister Lars Løkke Rasmussens Venstre-regjering om kontroller på grensa mellom Danmark og Tyskland. Tiltaket skal vere mellombels og kjem som eit svar på at Sverige har innført grensekontroll til Danmark som asylregulering. I første omgang skal kontrollene vare i ti dagar og sikre at ikkje Danmark vert sitjande att med store mengder flyktningar når reiseruta til Sverige vert vanskelegare.

Når både signala og den reelle effekten er uklare, skuldast det minst to faktorar: For det første er ikkje kontrollen særskilt omfattande. På mange grensestasjonar er det ingen kontroll i det heile, og avisa Politiken skriv at den auka bemanninga langt frå er nok til å dekkje heile grensa. Dinest er det usemje om kva verknad tiltaket kjem til å få. Både Dansk Folkeparti, som stør regjeringa, og opposisjonspartiet Socialdemokraterne har argumentert for grensekontroll. Samstundes kjem det melding om at det var usemje heilt inn i regjeringas eige samordningsutval. Utanriksminister Kristian Jensen skal ha ønskt ei meir avventande haldning, og justisminister Søren Pind kan tolkast som at han meiner tiltaket har verka mot si hensikt.

Inntil Sverige nyleg gjorde ein u-sving frå liberal til knallhard i asylpolitikken, har danske politikarar vore vane med at dei ikkje har særskilt konkurranse om å vere strengast i klassen. Dessutan kjem rollebytet på eit tidspunkt då heile det politiske Danmark freistar å gjere opp med seg sjølv korleis situasjonen har endra seg. Socialdemokraterne ser ut til å nytte høvet til å freiste å nå til høgre for Venstre i så vel retorikk som politikk. Det er eit klart lineskift som kom samstundes med at Mette Frederiksen tok over som partileiar, og sjølv då har S bevega seg frå ei line som ikkje nett var liberal.

Heller ikkje for Venstre og DF er situasjonen enkel. Løkke lova ei såkalla «straksopbremsning» medan han enno var opposisjonsleiar, og den første tida etter regjeringsskiftet gjekk asyltala i Danmark ned. I takt med at grannelanda har følgt den danske innstrammingskursen har dei likevel stege att, og når Venstre no innfører grensekontroll går det på tvers av partiets tradisjonelle haldning. Rett nok aksepterte V eit liknande, mykje mindre omfattande krav frå DF i den førre Løkke-regjeringas tid, men få i Venstre grein då grensebommane vart heva av etterfølgjaren Helle Thorning-Schmidt (S). Sidan han vart statsminister på nytt har Løkke sagt seg «indhentet af virkeligheden». Det står ikkje helt klart om det først og fremst er den politiske eller den geopolitiske sådanne som ligg bak i grensekontrollspørsmålet. Politiken har kjelder som seier at mellom anna omsynet til kritikken frå Socialdemokraterne skal ha vore ein faktor for kreftene i regjeringa som gjekk inn for grensekontroll.

DF burde noko nær ta sigersrundar i avisspaltene. Ikkje berre får partiet testa ut tanken om grensekontroll på brei front, noko som har vore sentralt i dets kritikk av EU. I tillegg har DFs perspektiv vunne enno tydelegare gjennomslag enn før: Socialdemokraterne læt meir og meir som Venstre og DF, og har ingen plass i sin retorikk til å snakke om flyktningane sine lagnader, kva dei flyktar frå og kvifor. Også hjå det store partiet på sentrum-venstresida handlar det om kor mykje asylstraumen koster og å vere mest imot at folk får komme til Danmark.

Men det er eit men, som knyter DFs situasjon til den FrP står i her til lands. Med auka grensekontroll og stadig strengare tiltak mot asylsøkjarar vert partiets politikk sett ut i livet. Då lyt dei, iallfall i prinsippet, dømmast på om den fungerer (ettersom moralsk kritikk uansett preller av), og kan straffast viss den ikkje gjer det. FrP har bunde seg til masta gjennom å framstille stortingsforliket som ein full siger. DF går ikkje like langt, men passer på å kritisere V-regjeringa for halvveis gjennomføring. Då er det rom for å krevje meir seinare. Slik sett har DF større handlingsrom enn FrP. Men begge er villige til å spekulere i at veljarane har dårleg hugs og ikkje kjem til å halde dei ansvarlege dersom deira eigen politikk slår feil.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*