Danmark: Opposisjon på S- og V-måten

Sidan Mette Frederiksen tok over leiarvervet etter Helle Thorning-Schmidt har danske sosialdemokratar nytta høvet til å flytte innvandringspolitikken sin til høgre. Etter folketingsvalet varsla Frederiksen at innvandringspolitikken hadde vore for slapp. Partiet inngjekk eit forlik med dei borgarlege om strengare krav for å få innvilga statsborgarskap. Så vart skrua stramma ytterlegare etter folkerøystinga om EUs justissamarbeid i desember. Danskane sa nei og gav innvandringsskeptiske Dansk Folkeparti rett nok ein gong, og Socialdemokraterne svarte med å etterlyse ein endå hardare innvandringspolitikk og grensekontroll for å bremse flyktningtala. Resultatet har me sedd dei siste vekene. Når det ikkje lenger er sjølvsagt at Danmark er strengast i Europa fordi grannelanda også strammar grepet, er svaret frå Frederiksen og Socialdemokraterne å freiste å overgå Venstre-regjeringa frå høgre. Partiet avviser rett nok framlegget frå Liberal Alliance om å suspendere flyktningkonvensjonen, men har til gjengjeld gått saman med DF og Det Konservative Folkeparti om å påleggje regjeringa å greie ut moglegheitene for å opprette eigne flyktningleirar.

Slikt kan utløyse fortviling hjå utanforståande som er opptekne av grunnleggjande humanistiske og sosialdemokratiske verdiar, men meir oppløftande er det at tiltaket ikkje vert møtt med samrøystes togn på indre linjer. Eks-statsråd Mette Gjerskov har protestert ope mot flyktningpolitikken, og ifølgje Politiken var det ti folketingsmedlemer som røysta imot innstillinga då folketingsgruppa handsama statsborgarskapsreglane. Noble nederlag er normal ikkje noko å dyrke, men opposisjonen lyt iallfall byrje ein stad.

I Venstre ser ein noko liknande. Skilnaden er berre at partiet ikkje har makta å halde usemja internt. Ikkje mindre enn tre Venstre-folk har meld seg ut or partiet i protest mot innvandrings- og integreringspolitikken dei siste vekene. Først tok folketingskandidaten Kåre Traberg Smidt turen over til Alternativet. Så melde EU-parlamentarikaren Jens Rohde overgang til Radikale Venstre. Han fekk følgje av Michael Gatten, bystyrerepresentant i København som har hoppa av frå Venstre til Radikale. Sams for alle tre er at dei ikkje kan kjenne at det kjerneliberale i Venstre, og at partiets internasjonale og pro-europeiske utsyn lir under ei stendig tilpassing til Dansk Folkepartis innvandringspolitiske dagsorden.

Her er Rohdes mytteri særskilt interessant. Smidt og Gatten kan avskrivast som småspelarar på den nasjonale scena, men Rohde har vore ein sentral premissgjevar i Venstre. Han var parlamentarisk leiar i partiet i Anders Fogh Rasmussens første tid som statsminister, og etter eit ulukkeleg mellomspel som sjef for dansk TV2 vart han toppkandidat ved EU-parlamentsvalet i 2009. Som ein framståande kritikar av leiargjerninga til statsminister Lars Løkke Rasmussen kan det ikkje utelukkast at somme V-folk er glade for at han no er borte, men med han forsvinn også ein betydeleg intellektuell kraft på den sosialliberale fløya.

Traberg Smidt, Rohde og Gatten tilhøyrer utan tvil mindretalet i Venstre. Integreringsminister Inger Støjberg, bannerførar for innstrammingskursen, er regjeringas mest populære statsråd, og sjølv om utanriksminister Kristian Jensen og justisminister Søren Pind etter seiande skal ha vore skeptiske til ny grensekontroll, er det eit stykke frå slike pragmatiske protestar til humanistisk funderte kamprop lik dei som ligg til grunn for desse utmeldingane. Viss det fanst tilløp til fløydanningar i Venstre om innvandringspolitikken, har ein vesentleg del av den eine fløya no strukke våpen.

Skilnaden i tilnærming mellom Socialdemokraterne og Venstre er likevel interessant. Hjå førstnemnte går opposisjonen heilt inn i folketingsgruppa, men partileiinga verkar ikkje truga av anna enn motstridande medieoppslag. I Venstre står opprørarane lengre frå makta, men difor har dei også mindre å tape. Og hugs: Viss berre ein av dagens folketingsmedlemer skulle finne på å melde overgang frå Venstre til Radikale, har ikkje Lars Løkke lenger støtte frå eit fleirtal i folketinget. I parlamentarisk forstand er Venstre-regjeringa historisk svak.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*