Danmark og Norge: Å halde sosialdemokratiet i øyro

Førre veke gav eg ros til eks-minister Mette Gjerskov for at ho våga å protestere ope mot at Socialdemokraterne gjekk med på nye, stramme asylreglar føreslått av Venstre-regjeringa, mellom dei den vidgjetne «smykkelova». I tillegg vart det meld om breiare misstemning i folketingsgruppa og at fleire røysta imot framlegget då det vart handsama internt. Til slutt fekk Gjerskov likevel berre følgje av to partifeller i nei-kolonnen, Yildiz Akdogan og Daniel Toft Jakobsen. Båe protesterte ikkje minst mot at at det no skal gå lengre tid før flyktningar får familiegjenforeining.

Debatten i Danmark går parallelt med at det har reist seg eit opprør i vårt heimlege Arbeidarparti. Partileiinga vert oppfatta som vekselvis uklar og ettergjevande andsynes særleg Framstegspartiet, og til slutt bestemte ein seg for å gå imot iallfall to av dei mest omstridde innstrammingsforslaga. Både i Noreg og Danmark har vi sedd meiningsmålingar kor det sosialdemokratiske partiet vert straffa av veljarane, men det kan vere verd å grunne litt over korleis det vert forklart forskjellig i våre to land.

I Danmark er fallet i oppslutnad i seg sjølv det mest påfallande. Meiningsmålarane er usamde om Socialdemokraternes støtte, men i det minste ei måling, utført av Megafon for Politiken, synte dramatisk nedgang, heile sju prosentpoeng. I partiets strid med seg sjølv, personifisert ved Mette Gjerskov på den eine sida og parlamentarisk leiar, Henrik Sass Larsen, på den andre, har det stått mellom tradisjonelle «humanistar» og sjølverklærte «realistar». Førstnemnde vil stå fast ved at flyktningkrisa handlar om internasjonal, grenseoverskridande solidaritet og ein sosialdemokratisk kjerneverdi om å hjelpe menneske i naud. Den andre gruppa avviser ikkje premissen, men legg likevel meir vekt på eit nasjonalt perspektiv: Handteringa av flyktningane handlar om nasjonal økonomi, velferdsstatens berekraft, integreringsevne og spenninga mellom å motverke sosial dumping og føre ein asylpolitikk som har folkeleg legitimitet.

Megafon-undersøkjinga står førebels åleine, men skulle den vise seg å stemme, gjer Socialdemokraterne truleg klokt i å tenkje grundigare gjennom tilsvaret til veljarane enn å ganske enkelt slå fast at politikken deira er «naudsynt». Under Helle Thorning-Schmidts (S) regjering førte finansminister Bjarne Corydon etter eiga utsegn «nødvendighedens politik», men slik politisk determinisme etterlet ikkje mykje plass til fleksibilitet eller verdiar. Då vert partiet gjerne vanskelegare å kjenne att. Venstre er heller ikkje lenger åleine om å oppleve utmeldingar grunna asylpolitikken. Somme har gått så langt som å setje spørjeteikn ved partileiingas menneskesyn.

I Noreg fører Arbeidarpartiet debatt langs eit anna spor, men noko av kritikken og veljarresponsen liknar. Også her ser oppslutnaden ut til å vere fallande, men partiet har kommunisert mindre eintydig enn sine danske partifeller. Ordå frå Trond Giske om at H/FrP-regjeringas konkrete innstrammingsforslag ikkje skilde seg vesentleg frå linja til dei raud-grøne har gradvis blitt trukke tilbake av Helga Pedersen og Jonas Gahr Støre, i takt med at partiet har byrja å kritisere mellom anna integreringseffekten av familiesameiningsreglane. Men forvirringa sette seg likevel. Kommentatorane klarer ikkje heilt å bestemme seg for om nedgangen lyt forklarast med at veljarane oppfattar Ap som for hardhendte og/eller opportunistiske, eller om det ikkje er hardt nok i klypa, og difor har tapt dagsorden til FrP. Uansett kan vi konstatere at avvisninga av to av regjeringas forslag er blitt følgd opp av ei meir markert avstandstaking frå måten særleg FrP snakkar om flyktningane på. Martin Kolberg finn ser ein «avgrunn» mellom Ap og FrP.

Og det er betydeleg avstand. Ikkje berre mellom premissane Ap og FrP legg til grunn – for Ap handlar det om menneske i naud som ein må lukkast med å intergrere i landet, samstundes som ein får kontroll med talet, medan FrP avviser integrering og snakkar om «norske verdiar» under press – men også mellom Arbeidarpartiet og Socialdemokraterne. Ein kan vere usamd i einskildelement i flyktningforliket, og det er eg. Men viss ein Ap-representant byrja å snakke om flyktningane som om det først og fremst handlar om nasjonalrekneskapen og økonomien, ville vedkomande blitt klubba ned. Hjå Socialdemokraterne er dette ein integrert del av den offisielle linja.

Viss ikkje Socialdemokraternes katastrofemåling gjentek seg, tyder mykje på at danske og norske sosialdemokratar også frametter kjem til å skilje lag i måten dei argumenterer for ein «stram, men rettferdig» asylpolitikk på. Tilnærmingane må forståast i lys av partikultur, den nasjonale politiske situasjonen og nyare politisk historie. For å halde takhøgde nokolunde ved like, er det uansett oppløftande at både Mette Frederiksen og Jonas Gahr Støre fått klar tilbakemelding frå grasrota dei siste vekene. Eit sosialdemokrati som ikkje diskuterte sitt eige verdigrunnlag rotnar på rot.

1 comment for “Danmark og Norge: Å halde sosialdemokratiet i øyro

  1. 6. desember, 2016 at 3:30 am

    Play inftamroive for me, Mr. internet writer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*