Danmark: Rokaden kjem med sine eigne problem

Av | 1. mars 2016

Kjem utnemninga av Esben Lunde Larsen som erstattar for miljø- og landbruksminister Eva Kjer til å redusere konfliktnivået vis-a-vis Folketinget? Tja. Statsminister Lars Løkke Rasmussen (V) kan kanskje spørje Erna Solberg kor mykje meir harmonisk tilhøvet til støttepartia blei då ho flytta ansvaret for asylpolitikken frå den giftige Anders Anundsen og til Sylvi Listhaug? I ein situasjon kor føregangaren blei avsett mellom anna fordi Konservative meinte at ho ikkje tok miljøperspektivet i landbrukspolitikken alvorleg nok, har Løkke gjeve ansvaret vidare til ein mann som talar om landbruksreformer som ein fridomskamp og ein siger over «miljøtyranniet». Så vidt eg veit har han likevel ikkje kalla dansk landbrukspolitikk for «stalinisme», men når Løkke no nektar å svare klart på om forhandlingane om ei miljøpakke på landbruksområdet skal halde fram, lyt han trå varsamt andsynes Konservative.

Lunde Larsen kjem frå posten som forskingsminister. Slik mønsteret gjerne har vore for Løkkes ideologisk skarpe, reformivrige eitt-partiregjering, rakk han å gjere seg upopulær. Mandatet frå statsministeren var å finne innsparingar i utdaningssektoren, og Lunde Larsen svara med å kalle nokre leiande utdaningsmiljø for «kornfede», noko som kan setjast om til at dei har fått for store løyvingar. Autoriteten han opphavleg fekk som ein forskar med ansvar for høgare utdaning, har også fått sine hogg, frå det tilgjevelege til det meir alvorlege. Om ein forskingsminister både kan tru på Gud og på vitskapleg rasjonalitet kjennest litt som ein debatt der handlingane må vege meir enn orda, men det svekte han meir at doktorgradsoppgåva hans, om nasjonalikonet Grundtvig, blei meld til klagenemnda for uryddig siteringspraksis. Slikt er uheldig for overhovudet i forskingssektoren, og det er utan tvil bra for heile regjeringa at Lunde Larsen har skifta ansvarsområde når konklusjonen i saka ligg føre.

Jobbskiftet gjer også at vi har med ein god, gamal rokade å gjere. Lars Løkke henta heim partiveteranen Ulla Tørnæs frå EU-parlamentet for å gjere henne til ny-gamal forskingsminister. Ho erta på seg studentane sist ho ho hadde jobben, i Anders Fogh Rasmussens regjeringstid frå 2001 til 2005. Sidan den gongen har vore vidt ikring: Det blei nederlag då ho var Venstres kandidat til borgarmeistervervet i Holstebro, men ho kom inn som naudløysing på toppen av EU-lista då tiltenkt listetopp, Ellen Trane Nørby (dei blir ministerkolleger!), blei gravid og trekte seg. Det lyt ha budd henne på harde tak med Løkkes svake mindretalsregjering; EU-parlamentsvalet gjekk så dårleg for Venstre at mange trudde Løkke kom til å trekkje seg som partileiar. For veljarar som måtte vere engstelege for at trekk-krafta til Danmark avtar så fort kandidatane tek plass i Brussel, må det elles vere oppløftande å registrere at landbruksministerposten er ein slik som kan frå EU-parlamentarikarar til å vende nasen heim att. Helle Thorning-Schmidt (S) fann sin siste landbruksminister i den sosialdemokratiske listetoppen Dan Jørgensen, medan Løkke personalskifte på landbruksfeltet no altså sender Ulla Tørnæs heim til Danmark. Ironien er at landbrukpakka som starta heile spetakkelet strekkjer EU sine utsleppsreglar til brestepunktet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*