Danmark: Trengs SF?

Eit påfallande særdrag ved dansk politikk er kor lite ettertrakta sjølve regjeringsmakta er. Hovudgrunnen til at den den sitjande regjeringa til Venstre-statsminister Lars Løkke Rasmussen står så svakt parlamentarisk, er at Dansk Folkeparti, som største støtteparti, insisterer på å påverke frå utsida, sjølv om det har høgare oppslutnad enn Venstre. Liberal Alliances regjeringsambisjonar kan endre seg etter kva tid du siterer partileiar Anders Samuelsen, og Konservative Folkeparti vil helst ha auka veljarstøtte før dei igjen tek regjeringsansvar. På andre sida av streken er Socialdemokratiet og Radikale Venstre klare til å gripe makta att, men Alternativet er splitter nytt, reformkommunistane i Enhedslisten er uinteresserte og Socialistisk Folkeparti er mest oppteke med å slikke såra etter eit mislukka mellomspel i sosialdemokraten Helle Thorning-Schmidts regjering (2011-2014) saman med Radikale Venstre.

Slik skal det framleis vere. Det var iallfall bodskapen frå SF-leiar Pia Olsen Dyhr tidlegare i veka, i førebuande intervju føre partiets landsmøte. Og det er ikkje vanskeleg å skjøne kvifor. Regjeringssamarbeidet var på dei fleste måtar ei traumatisk oppleving for SF. Einskildstatsrådane har for sin del uttrykt at dei sette pris på innverknaden, men for partiet vart den altfor lite, og i beste fall for lite synleg. Radikale pressa Socialdemokraterne og SF til å godta å føre vidare den borgarlege førløparens økonomiske politikk, og sjølv om dei to venstrepartia hadde gått til val på eit ganske konkret og radikalt program, går det tydeleg fram av journalisten Henrik Qvortrups bok om Thorning-regjeringa – – at SF-leiar Villy Søvndal sto utan nokon ein plan for kva som skulle skje viss Socialdemokraterne gjekk bort frå lovnadene og danna allianse med Radikale. Med den audmjukande delprivatiseringa av energiselskapet DONG rann begeret over for SF. Utan kjønnskvotering i verksemdsstyra, øyremerkt pappaperm, høgare skattar for rikingar eller nye miljødifferensierte bompengesatsar kring hovudstaden, vart det rett og slett for mykje å svelgje for SF. Grasrotkandidaten Annette Vilhelmsen, arvtakar etter Søvndal, trekte SF ut av regjeringa og gav taumane til Olsen Dyhr.

Folketingsvalet i fjor sommar gav ei tilsynelatande klar melding: Oppslutnaden vart halvert frå regjeringsvalet fire år tidlegare, og Pia Olsen Dyhr slo fast at det ikkje lenger var noko mål for SF å sitje i regjering. Men no får ho motsvar frå partiets unge håp. Jacob Mark gjorde eit kanonval når det kom til personrøyster på Sjælland, og han meiner at SF – som «et indflydelsesparti» – må satse på å ta del i eit regjeringssamarbeid viss det kan få politisk gjennomslag. Han nemner kamp for eit grønare Danmark, meir hjelp til nærområda og ein meir menneskeleg asylpolitikk som naturlege krav. Det kan nok Pia Olsen Dyhr kjenne seg att i. Ho gjekk sjølv ut av regjeringa utan glede.

Men samstundes verkar det talande at det er ein som Jacob Mark, upletta av røynslene frå Thorning-åra, som ivrar for at SF skal gå i regjering igjen. Pia Olsen Dyhr veit ikkje berre korleis det kan gå ut over partiets oppslutnad. Ho veit kor vanskeleg det er å vinne slagsmåla internt i regjeringa. Minnet frå førre gongen gjer henne mindre kampklar. Som dansk TV2 peikar på, er heller ikkje Socialdemokratiet utan vidare klart til å invitere med seg SF på nytt. «Det har vi prøvet», som parlamentarisk leiar Henrik Sass Larsen har sagt om SF i regjering. Det skin igjennom at han ikkje nett drøymer om å gje partiet ein ny sjanse.

Pia Olsen Dyhr står dessutan i noko nær ein eksistensiell duell mot Enhedslisten (og Alternativet). Spaltist og tidlegare sosialdemokratisk spinndoktor, Noah Reddington, har skapt debatt med påstanden om at venstresida deler seg på for mange parti, Han har spurt om dansk politikk treng SF. Pia Olsens kortsiktige utfordring er truleg ikkje å gjere SF styringsdugeleg (og – villig). Det er å syte for at veljarane ikkje gjev Reddington rett i at partiet like gjerne kan leggjast ned.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*