Danmark: Leiarstrid og tynn suppe

Av | 16. juni 2016

Danske politikarar har fått gjort ein heil del i det siste. Eit breitt fleirtal, som likevel og oppsiktsvekkjande nok inkluderer korkje SF eller Det Konservative Folkeparti, er samde om at det skal kjøpast inn 27 nye F-35 Joint Strike Fighter jagarfly. SF meiner det er for mange, medan K meiner budsjettramma vert for trong viss det også skal setjast av pengar til Hæren og Sjøforsvaret. Konservative er likevel med i fleirtalet bak ei ny planlov, ei sak som, for den som hugsar overmåte godt, var eit gjennomgangstema i Søren Pape Poulsen sin første tale som konservativ partileiar. Endeleg har eit forlik om kommuneøkonomien resultert i at Venstre-regjeringa må skrinleggje eit prestisjeprosjekt. Det såkalla «omprioriteringsbidraget» skulle sikre ei årlig prosentvis «effektivisering» i kommunane, noko som i klartekst tydde konkurranseutsetjing og eller kutt i tenester. No er det riset parkert bak spegelen att.

Om det er måten vedtak med reelle konsekvensar for vanlege folk har kapra dagsorden på som er årsaka er ikkje godt å vite, men eg sat likefullt at med ei kjensle av metapolitikkens og det politiske spinnets hemn då eg las Politikens søndagsutgåve. Etter ei så intensiv politisk veke, kjendest det på eit vis trygt å returnere til den kontinuerlege føljetongen om personkamp og internt kiv i Venstre. Etter å ha intervjua fleire titals kjelder i og kring Venstre, kan avisa nemleg melde at det er mest heilt sikkert at nestleiar og utanriksminister kjem til å få ein motkandidat når partiet skal finne ein avløysar for statsminister Lars Løkke Rasmussen. Sjølv om namn som justisminister Søren Pind og integreringsminister Inger Støjberg vert nemnde i forbifarta, står det klart at den mest sannsynlege slike kandidaten i dag er parlamentarisk leiar og tidlegare forsvarsminister, Søren Gade. Hans folk meiner Jensen overvurderer eigne sigersjansar, og at han braut eit lojalitetsløfte ved å lansere seg sjølv uoppfordra (i eit intervju i Jyllands-Posten i mars).

Min første tanke var likevel: Har Politiken verkeleg ikkje meir å komme med? Eg har ei kjensle av at journalistane starta den omfattande kartlegginga av maktbalansen i Venstre med von om og tru på at dei kom til å finne noko meir. Det står for meg å lese i den forsiktige vinklinga: Leiarvervet er det ingen forer å tale om. Men det kan også seiast endå mindre dramatisk. Sjølv om det tid om annan er usemje om den politiske linja, kan alliansane frå sak til sak utan problem plassere Jensen- og Gade-tilhengjarar på same side. Og regjeringsprosjektet verkar i seg sjølv disiplinerande. Dagens meiningsmålingar er så elendige at jobben på kort sikt er å halde borgarleg blokk samla, og slik unngå eit folketingsval, sjølv om det er det som gjere at det endeleg blir tid for ein av kronprinsane til å setje seg på trona.

Som ofte før når eit pressa parti ser eit leiarskifte i horisonten, lyt dei aktuelle kandidatane også reflektere over eit anna spørsmål: Er det verd det å bli ny frontfigur for Venstre? Sjølv om du skulle slumpe til å bli statsminister fordi Dansk Folkeparti også frametter insisterer på å stå utafor regjeringa, er det liter som tilseier at styringsmandatet frå veljarar blir særleg mykje sterkare enn det Lars Løkke har i dag? Den som skal navigere i slikt politisk farvatn må, som eit minimum, ha verkeleg lyst på jobben – og ein plan for å meistre den.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*