Danmark: Draumen om «det blokklause samfunnet»

Frå venstre til høgre kappast danske politikarar no om å skildre tidsalderen med klar oppdeling mellom ei venstreside («raud blokk») og ei høgreside («blå blokk») som eit leivn frå fortida. Enhedslistens Pernille Skipper erklærte ei blokk av Socialdemokraterne (S), Socialistisk Folkeparti (EL), Radikale Venstre (R), Enhedslisten (EL) og Alternativet (A) for daud tidlegare i år. Dei interne motsetnadene er for store, og måten R lukkast i å binde dei andre til å styre med utgangspunkt i den borgarlege føregjengaren sin økonomiske politikk «i bredeste forstand», frister ikkje til reprise. Frå radikalt hald er ein no klare til å ta konsekvensen av at deira økonomiske politikk under S/R/SF-regjeringa (2011-14, frå 2014 berre med S og R) nok høver betre til borgarlege konstellasjonar. Leiar Morten Østergaard held nok ein gong gravtale for blokkpolitikken, samstundes som han ikkje utan vidare vil peike på sosialdemokraten Mette Frederiksen som statsminister etter eit folketingsval dei fleste meiner ligg like om hjørnet. Og endeleg har Dansk Folkepartis leiar, Kristian Thulesen Dahl, gått så langt som til å byrje obduksjonen av dei pågåande forhandlingane om 2025-planen for framtidas økonomiske politikk. Med langsynte briller på, ser han føre seg at splittinga av blå blokk kan opne for ein kommande allianse mellom S, DF og dagens regjeringsparti, Venstre.

At nær samtlege parti no slit i gamle lojalitetsband, lyt ikkje kome som noko overrasking for nære observatørar av dansk politikk. Allereie under folketingsvalkampen ifjor stod det klart at røynslene hadde skremd SF og EL frå å love truskap til ei ny S/R-regjering. På borgarleg side stilte Konservative Folkeparti (K) ein viss veljarstøtte som føresetnad for å gå i regjering (den fekk dei ikkje). Resultatet blei istaden ei rein V-regjering som har skaffa skiftande fleirtal for ein strengare asylpolitikk, nye dagpengereglar, og som i 2025-forhandlingane skal freiste å kombinere skattekutt til dei rikaste med reduksjon i studiestøtta og høgare pensjonsalder. At dette uroar Dansk Folkeparti medan det let som søt musikk i radikale øyre, gjev ein peikepinn på at tilhengjarane av «det blokklause samfunn» kan få testa ut ideane sine før heller enn seinare. Det manglar ikkje på motiv for å felle Lars Løkke Rasmussens regjering. Thulesen Dahl tek forhandlingssamanbrotet på forskot grunna toppskatteletter, medan Liberal Alliance står fast på at alt anna enn djupe skattekutt også i toppen tyder at partiet er klart til å inndra Løkkes nøklar til statsministerens kontor.

Eit bittert munnhell på venstresida seier at det ikkje finst noko velferdskutt Dansk Folkeparti, som elles marknadsfører seg som den borgarlege blokkas sosiale samvit, ikkje er villig til å akseptere, dersom det kan få ein endå strengare asyl- og innvandringspolitikk i byte. Motstandarane peiker på dagpengane, tidlegpensjonen («efterløn») eller taket på stønadsutbetalingar («kontanthjælpsloftet») som prov. I alle desse sakene var DF i utgangspunktet imot, men dei viste seg til slutt å ikkje vere viktige nok til å krevje eit anna utfall. Utfordringa no er at dei same venstrekreftene (dei høyrer gjerne heime i Enhedslisten eller SF) gjerne supplerer resignasjonen med at det heller ikkje lenger finst velferdsordningar som er heilage for Socialdemokraterne under Mette Frederiksen, dersom det opnar seg eit høve til å vise at også S meiner alvor med ein streng asyl- og innvandringspolitikk. Her er empirien svakare – den avgrenser seg helst til kompromisset om dagpengane mellom S, DF og V – men det er eigentleg ikkje poenget til kritikarane. Dei vil peike på at S i sak etter sak, frå strengare krav for å bli statsborgar, til utfordring av internasjonale konvensjonar og innføring av nasjonal grensekontroll, følgjer DF steg for steg.

Dette er bakgrunnen for at det ikkje verkar heilt utopisk når Kristian Thulesen Dahl slår til ords for at blokkpolitikkens endelege oppløysing på sikt bør føre til eit nærare samarbeid mellom DF og S. Faktisk er det vanskelegare å sjå kvar Venstre passer inn. Det tyder sjølsagt ikkje at det politiske kartet skal teiknast på nytt over natta. DF litar ikkje heilt på S i asylpolitikken, medan S har til gode å sjå prov på at velferd sommetider kan vere viktigast for DF. På kort sikt er tilnærminga mellom dei to partia og utspelet frå Thulesen Dahl først og fremst ei dårleg løynd mistillitsfråsegn mot statsminister Lars Løkke Rasmussen. Korkje Konservative, DF eller Liberal Alliance er særleg nøgde med Løkke, og i den vurderinga har dei truleg med seg store delar av Venstre. Mykje tyder på at forhandlingane om 2025-planen får meir preg av valtaktisk posisjonering enn av reell kompromissvilje. Då kan Løkkes dagar (igjen) vere talte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*