Danmark: DF er ikkje usårleg lenger

Eg var i det lengste skeptisk til om saka om feilaktig bruk av EU-midlar kom til å bli ei reell hovudpine for Dansk Folkeparti. Sjølvsagt var det ugreitt at nettet snørte seg kring gullguten Morten Messerschmidt, EU-parlamentarikaren med nær ein halv million (!) personrøyster i førre EU-val, men var det ikkje helst slik at ingen negative saker eigentleg festna seg ved DF? Partiet har trass i alt gjort det til eit særkjenne å gå til val som velferdsgarantisten på borgarleg side, for så, ved første høve, å byte vekk velferdskutt (dagpengar, skattar) mot ein stendig strengare asyl- og innvandringspolitikk?

Mi kyniske vurdering var todelt: For det første, fordi det er så langt til Brussel, at veljarane ikkje nødvendigvis bryr seg. «Så Messerschmidt og DF har tuska til seg EU-pengar til å drive valkamp på heimebane i strid med reglane? Kva har det med pensjonsalderen, elavgifta eller bustadskatten å gjere?» Dinest at veljarane nærast kunne overtydast om at slikt var vanleg, ja, nærast ein del av DFs strategi for å avsløre kor enkelt det er å utnytte ein korrupt mastodont som EU.

No er det nokre indisium som tilseier at eg tok feil. For det første viste saka, som har versert i eitt år, seg å femne om fleire enn berre Messerschmidt. Partileiar Kristian Thulesen Dahl laut erkjenne at han kjende til at Messerschmidt hadde flytta tilskotspengar mellom dei to EU-gruppene FELD og MELD, sjølv om han tidlegare hadde sagt at det var snakk om «sjusk på meget højt nivå» frå Messerschmidt. Eg treng vel knappast nemne namn (Manuela Ramin-Osmundsen!) for å illustrere korleis eit lite imøtekommande opphavleg svar kan få ballen til å rulle.

For det andre gjekk DF kraftig attende på ei meiningsmåling i avisa Jyllands-Posten etter avsløringane. Viss oppslutnaden om til DF fell ihop, blir det særs langt fram til eit fornya borgarleg fleirtal i eit folketingsval som framleis trugar ved sluttstreken til dei igangverande forhandlingane om Venstre-regjeringas økonomiske langtidsplan, 2025-planen.

Og, kanskje aller viktigast: Det til vanleg så disiplinerte og sentralstyrde DF opplevde plutseleg open grasrotkritikk. Frå grasrota og oppetter tok ein Messerschmidt i forsvar. Nokre sa tilmed rett ut Thulesen Dahl hadde svikta som leiar. Slik er ikkje kvardag i DF, der journalistane normalt må gå med uforretta sak mellom benkeradane på landsmøta i jakt etter utsendingar som vil seie noko anna og meir enn at dei har full tillit til at leiinga har innsikta som skal til for å gjere det som er best for partiet og landet.

Enno kan saka blåse over. Men den er interessant fordi det langt på veg er ikkje berre den største, men nær sagt den første skandalesaka av dette formatet som råkar DF. Vi har ganske enkelt ikkje noko å samanlikne med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*