Danmark: Stormer som skal komme

Det finst nokre budsjettavtalar det går gjetord om mellom politiske nerdar av ein viss alder. Kvar var du då du fekk vite at Det Konservative Folkepartis (K) leiar, Hans Engell, hadde gått bak ryggen på Venstres (V) Uffe Ellemann Jensen og tinga statsbudsjett med Poul Nyrup Rasmussens sosialdemokratisk-radikale regjering i 1995, kan dei til dømes spørje i lystig lag. Eller kva dei elles hugsar frå dagen i 2012 då Johanne Schmidt-Nielsen oppheva Enhedslistens støttepartirolle for sentrum-venstre-regjeringa til Helle Thorning-Schmidt (Socialdemokratiet), av di finansminister Bjarne Corydon (S) hadde dumpa venstresida for å skaffe fleirtal med V og K istaden.

Når ingen ventar liknande krumspring medan partia i den borgarlege blokka no tingar om budsjettet for 2017, trass i at samarbeidet er prega av gjensidig mistru, så skuldast det først og fremst at budsjettet ikkje vert oppfatta som viktig nok til å ta ein reell konfrontasjon. Den kjem istaden når dei same partia – regjeringspartiet Venstre og støttepartia Konservative, Liberal Alliance (LA) og Dansk Folkeparti (DF) – skal freiste å einast om ein langtidsplan for dansk økonomi, den såkalla «2025-planen».

Ingen veit heilt når denne planen kjem på forhandlingsbordet, men ifølgje Anders Samuelsen, partileiar i LA, må det skje snart. Tidlegare denne månaden måtte han finne seg i at statsminister Lars Løkke Rasmussen, for andre gong, kjøpte seg meir tid til å løyse floka om kva som skal skje toppskatten. I utgangspunktet låg 2025-planen føre statsbudsjettet i løypa, men frontane mellom særleg LA og DF har vorte så steile at det nett no er uråd å sjå korleis saka endar med noko anna enn eit folketingsval dersom ikkje LA innan årsskiftet får gjennomslag for at toppskatten skal kuttast med fem prosentpoeng også for dei med inntekter over ein million kroner. DF kallar dette ei gåve til dei rikaste og vil helst ikkje ha toppskattelette i det heile, medan Venstre trudde dei hadde strukke seg langt ved å føreslå ei slik lette for alt opptil ein million. Samuelsen aksepterte utsetjinga av 2025-tingingane, men det var tilsynelatande mest av di han då får endå bedre til å gjenta bodskapen om manglande skattekutt tyder at V-regjeringas parlamentariske grunnlag er borte.

Sett gjennom ei tradisjonell linse er det likevel endå mindre som talar for eit snarleg nyval no, enn det var då Samuelsen auka først la regjeringas vidare liv i potten. Konservative kan når som helst falle ned mot sperregrensa på 2%, Venstre ligg konsekvent lægre i meiningsmålingane enn oppslutnad frå katastrofevalet ifjor sommar (19,5%), og den potensielle nykommaren Nye Borgerlige er neppe mykje å byggje eit framtidig fleirtal på. Viktigast er det ei rekkje skandalesaker om uvitug bruk av EU-støtte har sendt DFs oppslutnad mot botn.Hjå dei borgarlege partia i dagens folketing, er det berre Liberal Alliance som ligg an til å ha noko som helst å vinne på å byrje 2017 med valkamp. Meiningsmålingane gjer kort og godt sosialdemokraten Mette Frederiksen til storfavoritt til posten som Danmarks neste statsminister.

«Danmark behøver en borgerlig-liberal regering», sa Lars Løkke Rasmussen då han kunngjorde at han sette 2025-planen på vent. Det var ikkje først og fremst eit forsvar for at landet treng dagens regjering, men ei indirekte bøn til LA om å jenke seg til det felles beste for borgarleg blokk. Dersom Anders Samuelsen er borgarleg, og ikkje berre liberal, må han finne ein måte å selje eit kompromiss på. Slik stoda er no, kan ikkje DF gje etter, og Socialdemokratiet er heller ikkje interessert i å kaste ei livbøye til rivalen Venstre. Dersom Anders Samuelsen er så bestemt på å stå ved kravet om skattekutt til siste krone og eksakte promillesats at han står fast, vert resultatet minst regjeringskrise, og sannsynlegvis nyval.

Kjensla av oppbrotstid i dansk politikk vert berre sterkare. Fløyparti – Liberal Alliance, Enhedslisten – og parti utan klare regjeringsambisjonar – Alternativet, Dansk Folkeparti og nyleg, Nye Borgerlige – fengjer stadig fleire, og politikarforakta aukar. Anders Samuelsen har eit klart høve til å markere at LA er meir prinsippfast enn andre parti. Det kan mistruiske veljarar setje pris på. Men då vert han truleg mannen som skjenke Mette Frederiksen statsministerposten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*