Ville ei borgarleg regjering ha brote saman?

Det at valkampen no er overstått gjer at vi kan gjere taktiske vurderingar utan å ha dårleg samvit for at vi ikkje istaden konsentrerer oss om den tunge politiske substansen. Trugsmålet om ei kaosprega borgarleg koas kor Framstegspartiet får avgjerande påverknad er avverga, og den raudgrøne regjeringa held fram. Men det tyder ikkje at det ikkje i etterkant av valet har kome fram interessante peikarar mot korleis ein slik politisk kvardag kunne arta seg.

I går vart nemleg avtroppande stortingsrepresentant og Venstre-leiar Lars Sponheim intervjua i Tabloid om korleis han no ser på den politiske situasjonen. Som han har sagt sidan valresultatet låg føre, er han framleis lamslått av kor dårleg valet gjekk for hans parti, men han nektar stadig å vedgå at hans eige absolutte nei til noko som helst samarbeid med Framstegspartiet var avgjerande for det borgarlege nederlaget. Det som imidlertid var nytt i opposisjonens skuldfordeling, var kor open Sponheim våga vere om den uvissa han undervegs kjende over samarbeidsklimaet mellom dei tre partia som til slutt presenterte seg som det einaste nokolunde samla alternativet til dei raudgrøne regjeringa. Andre stader har eg skrive om kor overraska eg vart over at Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre ikkje klarte å samle seg tidlegare. Det var ikkje for i slutten av valkampen at dei klarte å overtyde kommentariatet og andre om at dette ikkje nødvendigvis berre var eit val mellom Jens og Jensen, og denne halvhjarta strategien kan tyde på at dei lenge ikkje trudde på sitt eige sentrum/høgre-prosjekt. No ser det ut som om Venstre-leiaren er klar for å stadfeste denne kjensla.

I gårsdagens intervju fortalde Sponheim nemleg om at han sjølv ikkje ville peike på Erna Solberg som statsministerkandidat før ho gjorde det klart at ho hadde eit sentrum/høgre-samarbeid som sitt førsteval. Ei slik forsikring var bakgrunnen for det no vidgjetne biletet av Sponheim og KrF-leiar Dagfinn Høybråten ved føtene til Solberg, som eit symboltungt bilete på samling, og kanskje også på styrkjetilhøvet partia imellom. I ettertid veit vi imidlertid at Solberg ikkje lot dette vere slutten på samarbeidsinvittar til FrP, og mykje av kranglinga mellom dei borgarlege etter valet har dreidd seg om kor vidt det var Høgres opne haldning til samarbeid til alle sider, eller Venstres mange ultimative krav, som gjorde mest skade for den sams saka.

Men dette er også interessant i ein annan forstand. For tenk om valresultatet hadde vorte litt annleis. Tenk om Venstre hadde karra seg over sperregrensa, sentrum/høgre hadde gripe makta med Solberg som statsminister og med Siv Jensens stillteiande godkjenning. Korleis hadde det langsiktige samarbeidsklimaet mellom regjeringspartia då vorte? Vi må jo tru at Sponheim hadde båre med seg misnøya med Solbergs manglande evne til å stå fast på plan A også sjølv om dei hadde berga fleirtalet. Resultatet kunne følgjeleg fort vore ei regjering der to av tre parti kjende seg svikta av det største partiet, alt før dei gjekk saman inn i regjeringskontora. I eit slikt lys vert det samstundes lettare å forstå det Lars Sponheim sa for rundt halvanna år sidan, då han erklærte at han ikkje kunne finne nokon borgarleg partileiar med dei samlande eigenskapane som skulle til for å leie ei koalisjonsregjering. Vi var fleire som undra oss over nett kva det var Sponheim meinte Solberg hadde gjort rett i så måte, då han i valkampinnspurten likevel peika på henne som statsminister. Etter at Sponheim i si tid avskreiv henne, hadde ho så langt eg kunne forstå ikkje gjort anna enn å gjere ei tydeleg tilnærming mellom Høgre og det partiet Venstre hadde gjort det klart at dei ikkje ville samarbeide med under noko omstende. No kan det verke som om det undrar Sponheim like mykje som det undrar meg.

Å skulle gå i regjering saman utan den naudsynte personlege tilliten seg imellom, høyrest intuitivt ut som ein dårleg ide. Difor er det kanskje også her vi finn det klaraste dømet på at Erna Solbergs freistnad på å byggje eit breiare borgarleg samarbeid var mislukka. Ikkje berre mislukkast ho i få Venstre og KrF til å nærme seg FrP, politisk så vel som kulturelt. Kva kanskje endå verre er, så kan ho ha forverra tilhøvet mellom dei tre som iallfall var meint å vere vener – Høgre, KrF og Venstre. Det er også ironisk sett i lys av den murringa som no anonymt kjem til uttrykk frå kjelder i SV om at somme ser for seg at partiet kan forlate den raudgrøne regjeringa undervegs i denne stortingsperioden, dersom veljaroppslutnaden ikkje aukar. Dei borgarlege har elska å framstille som SV som illojale og upålitelege, men ser ein på dei høgast plasserte tillitsfolka er det altså ting som tyder på at mistilliten er djupare forankringa i deira eigen leir enn hjå dei raudgrøne. Du vil aldri få høyre mishagsytringar frå Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete om nokon av dei andre. Men i Venstre vedgår ein no altså ope at ein har vanskeleg for å lite på at Erna Solberg kan respektere inngåtte (rett nok munnlege) avtalar.

Friteken for ansvaret med å byggje eit alternativ til dei raudgrøne, med dei retoriske overdrivingane det inviterer til, legg Sponheim no istaden an ein mykje meir forsonande tone andsynes særleg Arbeidarpartiet. Han understreka i Tabloid at han meiner dei beste løysingane for landet ligg ein stad i skjeringspunktet mellom sosialliberalismen og sosialdemokratiet, og han har tidlegare sagt at røynslene frå denne valkampen tilseier at Venstre no burde tone ned ønskjet om samarbeid med Høgre. Det er oppløftande dersom Sponheim no faktisk meiner at det finne stad ei tilnærming mellom Venstre og Arbeidarpartiet, men det passar samstundes nesten litt i overkant godt at han først seier det når Venstre like gjerne kan ha vorte sett utanfor avgjerande innverknad for godt.

**

Jørgen Lien

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*