Uruguay: Pensjonert geriljasosialist mot seier

Av | 25. oktober 2009

Når uruguayanarane i dag sundag går til urnene for å velja ny president og ny nasjonalforsamling, er det knytt stor spenning til dei ulike kandidatane. Dei fleste føler seg sikre på at det må to valomgongar til for å utpeika ein vinnar, men den leiande kandidaten representerar sentrum-venstre-blokka som har regjert landet sidan 2004 (Frente Amplio) då Tabaré Vásquez vart vald til president.

Landet har tradisjonelt sett vore dominert av to store parti gjennom mange tiår: Colorado-partiet, som er flammande raudt i partifargen, men politisk sett er eit slags sentrum-høgre-parti som famnar om liberalistar, moderate «sosialdemokratar» og liberalkonservative. Det andre store partiet er det meir tydelege høgrepartiet Partido Nacional. PN er eit moderat høgreparti med store grupperingar av både sosialkonservative kristendemokratar og meir liberalt orienterte nykonservative.

I 2004 braut Frente Amplio hegemoniet til dei to store partia, og landet fekk for første gong ei tydeleg sentrum-venstre-regjering. Frente Amplio er ein brei front som samlar både kommunistar, sosialistar, sosialdemokratar, kristendemokratar og andre uavhengige på venstresida, men med eit ganske sosialdemokratisk tyngdepunkt. Det var eit ganske brått skilje ein fekk etter mange år med sentrum-høgre-styre då denne gjengen vann valet i 2004.

Ein representant for organisasjonen Ovejas Negras (Svarte får), som arbeider for homofiles rettigheiter, seier at ein snakkar om tida før og etter Frente Amplio. Så stor er skilnaden. No står Uruguay i front i Latin-Amerika for liberale standpunkt, og homofile kan til dømes no både adoptera og inngå partnarskap. I eit område der den romersk-katolske kyrkja har stått sterkt i alle tider, er dette heilt eineståande. Dei siste åra har kyrkja hatt ei svekka rolle i latinamerikansk politikk, og særleg i Uruguay er dette tydeleg, noko også Antonio Cardarello ved La República-universitetet i Montevideo kan fortelja. Det er no lovleg å bytta kjønn, og kvinner blir også kvotert inn i kongressen.

Presidentkandidaten til Frente Amplio er den 74 år gamle tidligare geriljakjempa og noverande senator José «Pepe» Mujica. Vidar Lønn-Arnesen i Seniorsaken ville nok vore frå seg av begeistring over at det endeleg kan komma ein regjeringssjef i verda som løyser honnørbillett på bussen – sjølv om Uruguay kanskje er eit ukjent landnamn for ein mann som verkar å ha vakse opp i det ottomanske rikets stordomstid.

Mujica er svært karismatisk, og veldig populær i Uruguay. Han er kjent for å seia ting som dei er, og legg ingenting i mellom. Under Vásquez’ regjeringsperiode har Mujica vore minister for fiskeri og landbruk (fram til 2008). Tabaré Vásquez kunne definitivt vorte attvald om konstitusjonen hadde tillete han å stilla på nytt, men som i fleire andre latinamerikanske land har ikkje presidenten høve til å stilla til val to periodar på rad. Vásquez har i likskap med president Bachelet i Chile og president Lula i Brasil styrka si stilling under embetet, og har ei høg stjerne i befolkninga med over 60 % oppslutnad om sitt arbeid.

Mujica er skulda for å vera altfor radikal for embetet, og har vorte samanlikna med meir radikale venstrekrefter i området, som Chávez i Venezuela og Morales i Bolivia. Med fare for å skremma vekk veljarar i ein eventuell andre valomgong, har Mujica klart og tydeleg sagt at han legg seg på ei langt meir moderat linje enn kva skarpe høgrekrititikarar skal ha det til – med ei orientering meir lik den til Lula i Brasil og Michelle Bachelet i Chile (begge sistnemnde er for øvrig snart ferdige med sine periodar).

Den tidligare Tupamaro-geriljasoldaten José Mujica har hatt ein tydeleg sosialistisk profil gjennom sine år som politikar, og vann primærvala mot den meir moderate Danilo Astori tidligare i år. Astori spelte ei sentral rolle i valkampen i 2004 som sikra Frente Amplio seieren, fordi han allereie før valet vart erklært som kommande finansminister om dei vann. Dette skal ha vore ein sterkt medverkande faktor til at mange sentrumsorienterte veljarar valde å røysta raudare enn dei vanlegvis tør. Danilo Astori er også i år ein viktig del av strategien til den breie sentrum-venstre-fronten, som Mujicas visepresidentkandidat. Politisk er Astori ein nokså moderat sosialdemokrat, med meir sentrumsforankring enn nokon klar venstreprofil. Men det er ikkje mange dagane sidan han proklamerte:

«Uruguay treng framleis ei venstreregjering slik at ein kan fortsetja det viktige arbeidet som er sett i gong i same retning. Trass i den internasjonale finansuroen, har Uruguay klart seg godt og det er stabilitet i økonomien.»

Ein av avtroppande Tabaré Vásquez’ sterkaste eigenskapar som president har vore evnen til å verka samlande på tradisjonelt ganske forskjellige figurar som til dømes gamle gerilja-Mujica og revisor-Astori. Det kan bli eit spennande moment ved ein eventuell valsiger om venstreblokka klarar å halda saman under ein heller radikal karismatikar som José Mujica.

Høgresida har plukka fram advokat og tidligare president Luis Alberto Lacalle (64), som tente som landets stats- og regjeringssjef i fem år frå 1990 til 1995 for PN. Med seg på laget har han visepresident Jorge Larrañaga, som tapte valet i 2004 for Vásquez. Larrañaga tapte også den interne striden i PN om å bli presidentkandidat denne gongen, men er heilt klart hanka inn for å bistå Lacalle i den knallharde kampen om sentrumsveljarar.

Personleg trur eg ikkje ein skal overvurdera viktigheita av å vinna sentrum. Vel så viktig er det for begge kandidatar å få mobilisert sine kjerneveljarar til å gå å røysta, og sjølvsagt å overtyda den relativt store gruppa av menneske som enno ikkje heilt har bestemt seg. Eg er nokså overtydd om at José Mujica blir Uruguays nye president, og at nasjonen som vann fotball-VM på heimebane i 1930 og igjen i 1950 får ei fornya sosialdemokratisk venstreregjering. Det kan godt henda at han i motsetnad til forgjengar og avtroppande president Tabaré Vásquez kjem til å trenga to valomgongar, men eg er villig til å setja ganske mykje pengar på at det er han som står att til slutt.

Ein av dei eigenskapane lokale politiske kommentatorar framheld som hans sterkaste, er ærligheita og den tillitvekkande tonen han legg opp til i framføringa av sin bodskap. Eit døme på dette er ein kommentar han kom med tidleg i valkampen:

I am not the apocalypse or the Promised Land. This is a choice, not a war. Whatever happens, the country will keep going.

Ei tafatt uruguayansk høgreside når ikkje opp mot hans karisma, og sjølv i eit relativt velståande latinamerikansk land utan dei altfor store klassemotsetnadane og utan dei altfor store folkelege protestrørslene, er det ein tydeleg sosialistkandidat som vinn fram blant folket. Også blant den breie middelklassen. Det er faktisk ikkje heilt urealistisk å samanlikna Frente Amplio-prosjektet med våre raudgrøne Soria Moria-kameratar her heime. Mujica leier med 45 % på målingane mot 34 % for Lacalle og 9 % for Pedro Bordaberry, kandidaten til Colorado-partiet.

Underteikna oppmodar alle uruguayanarar om å røysta på Frente Amplio og sørga for at José Mujica vert Uruguays neste president.

Landet treng eit fortsatt tydeleg venstrestyre, og sosialisten Mujica har gode føresetnadar for å følgja opp det gode arbeidet Tabaré Vásquez har lagt ned.

Valet i Uruguay er i dag 25. oktober.

__________________________________________________________
Tore Eikeland kommenterar den politiske situasjonen i Latin-Amerika, Aust-Europa og Sentral-Asia for Skrivekollektivet

En tanke om “Uruguay: Pensjonert geriljasosialist mot seier

  1. Tilbakeping: Det Tore skrev – SKRIVEKOLLEKTIVET

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*