Borgarleg råskap, egoisme og arroganse

Millionar av menneske over heile verda bur i land utan velfungerande demokrati, og såleis er me heldige her til lands som har både røysterett og ein relativt folkeleg politikarstand. I motsetnad til engelskmenna treng me ikkje noko Overhus, og heller ikkje det amerikanske senatet er ein modell som appellerar til den norske parlamentariske folkesjela. Når me då er så heldige at me er velsigna med både røysterett og eit godt demokrati, er det i grunnen like mykje ein plikt som ein rett at ein nyttar denne røysteretten. Det perfekte parti fins ikkje for nokon av oss, og utfordringa er såleis å finna det partiet ein synes ein er mest samd med. Det kan vera vanskeleg nok, men uavhengig av dette er min hovudbodskap i alle høve at ein faktisk stiller opp på valdagen og røyster, uansett kva parti ein føretrekkjer.

Stortingsvalet til hausten kan oppsummerast med to regjeringsalternativ: ei raudgrøn fleirtalsregjering beståande av Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet med Jens Stoltenberg som statsminister, eller eit borgarleg eksperiment utan å vita sikkert kva parti ein får i regjering eller kven som blir statsminister. Spørsmålet ein som veljar bør stilla seg, er då kven som kan sørgja for mest tryggleik i kvardagen. For den politiske debatten kokar gjerne ned til dette med tryggleik i kvardagen. Det handlar om å trygga ei god utdanning for alle, uavhengig av kor mykje pengar foreldra til kvar enkelt elev har. Det handlar om å sikra bestemor ein trygg alderdom utan økonomiske bekymringar, og å sørgja for at lommeboka ikkje skal avgjera kor god behandling du får når du blir sjuk og treng medisinsk hjelp. Det handlar om å kjempa mot både kriminalitet og klimaendringar, for å sikra eit trygt samfunn for våre born og dei kommande generasjonar.

Dei raudgrønes oppskrift på tryggleik i kvardagen handlar om at ein skal ha omtanke for kvarandre og at alle skal bidra etter evne til fellesskapet, og på den måten syta for ein trygg kvardag for alle uavhengig av enkeltmenneskets økonomiske og sosiale situasjon. Dei borgarleges oppskrift er noko uklar, men ein del av den består i å kutta skattane til dei absolutt rikaste i landet. Skattekutt betyr også velferdskutt, og korleis velferdskutt skal syta for meir tryggleik i kvardagen for vanlege folk, har eg vanskeleg for å forstå. For det er nemlig ganske enkel matematikk i at når ein kuttar ein plass, så blir det mindre pengar att til å bruka på andre ting. Når ein gir dei desidert rikaste menneska her i Noreg skattelette, blir det mindre pengar att for staten til å bruka på å sikra oss vanlege folk ein god skule, eit godt arbeidsliv, eit solid vegnett og ein verdig eldreomsorg.

Eg vil ikkje nemna andre parti ved namn, men fleire av partia på den borgarlege sida tar faktisk til orde for å kutta i bistanden til dei aller, aller fattigaste menneska i verda, slik at ein skal kunne finansiera skattekutt til milliardærane våre her heime. Det er i grunnen ganske grotesk politikk. Me har soleklart mange utfordringar å ta tak i her til lands, men det betyr ikkje at me bør kutta livlina til dei menneska her på planeten som har det absolutt verst. Om me som bur i verdas rikaste land ikkje skal bidra til å løfta dei vanskelegast stilte ut av fattigdom, kven skal då gjera det? Det handlar om medmenneskeleg politikk og solidaritet med dei som frå før har det verste utgangspunktet.

Når eg kjører innom bensinstasjonen for å fylla bensin, hendar det eg ser personar som stønnar over bensinprisane. Her har me altså Europas billigaste bensinprisar, og likevel klagar folk. Meinar desse menneska at me bør kutta i løyvingane til eldreomsorga, politiet og helsestasjonar for ungdom for å gjera Europas billigaste bensin endå billigare? Det får i så fall stå for deira rekning. For min eigen del synes eg det er langt viktigare å syta for at alle ungdommar har eit skikkeleg fritidstilbod og at vegnettet blir rusta opp, framfor kosmetiske kutt i diverse avgifter. Kva hjelper det med kutt i alkoholavgiftene når 120.000 born kvar einaste veke slit med å konsentrera seg på skulen fordi dei gruar seg intenst til kva foreldra deira skal finna på til helga grunna omfattande alkoholproblem? Om du ikkje nyttar røysteretten din, kan du få deg ei ubehageleg oppleving når det skal eksperimenterast i regjeringskontora.

For når du då vaknar opp med ei borgarleg regjering etter valdagen 14. september og plutseleg ser at jobben din gjennom tjue år står i fare, at gode, gamle bestemor blir kasteball mellom private sjukeheimar, at sonen din får rusproblem på grunn av manglande fritidstilbod, at skulane står til forfall grunna pengemangel og at du risikerar å kjøra av vegen grunna manglande pengar til trafikktryggingstiltak – då er det ei nokså mager trøst å vita at du kan drikka deg full veldig billig for å gløyma alt.

Dislaimer: Tore Eikeland er

1 comment for “Borgarleg råskap, egoisme og arroganse

  1. Johanna
    28. juli, 2016 at 9:02 am

    Tänk att dom här orden är lika sanna, nu nästan 7 år senare. Det är så tragiskt att anledningen till att jag läser dom är för att en man bestämde sig för att försöka tysta demokratin. Hade inte det hänt hade det förmodligen dröjt många fler år innan jag insett vilken fantastisk människa detta var. För jag har inga tvivel om att hela världen hade fått veta vem Tore Eikeland var om han bara hade fått leva. Den inspiration han har gett mig är helt otrolig. En totalt främmande människa som jag bara fått glimtar av, från det som lever kvar på internet. Jag kan inte ens tänka mig hur det har slitit itu alla dom som kände honom.
    Jag har blivit så tagen av alla människoöden som drabbade samman den där dagen för fem år sedan. Jag hoppas ni som är nära vet att den här sorgen bär vi alla, för vi kommer aldrig att glömma. Vi kommer aldrig att sluta kämpa för att värderingarna dessa människor hade ska leva, inspirera och växa. Vi kommer aldrig att glömma <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*