FrPs regjeringskabal: Kvalitetsvurdering

Av | 26. mai 2009

Dagbladet kunne i går presentera eit forslag til kven partileiar Siv Jensen vil ta med seg i ei eventuell FrP-regjering etter valet til hausten. I leiaren i same avis konstaterar avisa at «det er ei viktig oppgåve å halda partiet (FrP, red. anm.) borte frå regjeringsmakta. Med FrP og Siv Jensen ved roret, risikerar me at Noreg utviklar seg til eit strengare og meir lukka samfunn«. Underteikna har gått gjennom Dagbladets regjeringskabal og gitt den ei vurdering.

STATSMINISTER: Siv Jensen (40)

Christopher Hornsrud – my one and only man

Det sjølvskrevne regjeringskortet og statsministaremnet i ei rein FrP-regjering. Jensen er i og for seg ein dyktig retorikar, sjølv om eg samstundes vil konstatera at retorikken ho nyttar er fullstendig vonlaus og ofte overforenklande og arrogant. Det sterkt mannsdominerte FrP ville sannsynlegvis aldri hatt Siv Jensen som leiar om ikkje Os-ordførar og dåverande partinestleiar Terje Søviknes tenkte med feil hovud på eit møte i partiets ungdomsorganisasjon for nokre år tilbake. Siv Jensen slit framleis med å vinna debattar, og særleg Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre har vist seg som nærmast uoverkomelege motstandarar for den tidvis sjokkerte Oslo-dama.

UTANRIKSMINISTER: Morten Høglund (44)

– Jeg vedder på at Sovjetunionen har skiftet flagg for å lure oss!

Skrekk og gru. På denne posten vil eg vera klinkande klar: om denne mannen nokon gong blir vår utanriksminister, vil det bli den mest formidabelt inkompetente utanriksministeren landet nokon gong har hatt. Me snakkar om ein mann som i debattar med Jonas Gahr Støre mest framstår som ein heimvendt sydenturist, framleis i ouzorus, og med så lite kunnskap om internasjonale tilhøve at sjølv fedrelandet fort blir ei utfordring å plassera på kartet. Å setja Høglund til sjef for Utanriksdepartementet blir litt som å tilsetja Knut «Sputnik» Storbukås som dirigent for Oslo Filharmoniske Orkester. Enkelte ting passar rett og slett ikkje saman. Til dømes Morten Høglund og utanrikspolitikk. Nei og atter nei!

FINANSMINISTER: Tor Mikkel Wara (44)

Komodowaran med giftig fortid

Svært omstridd etter å ha tilhøyrt den heller ekstreme fløyen av Framstegspartiet rundt 1990 og utover (om det fins fløyar i FrP, vel og merke…). Likevel ein av dei meir potensielt kompetente statsrådane Siv Jensen kan velja, og Dagbladet føreslår at han kan vera ein av brubyggjarane for å landa mindretalsregjeringas politikk i Stortinget. Med bakgrunn som kommunikasjonsrådgjevar kan dette vera eit godt parlamentarisk val av Jensen.

TRANSPORTMINISTER: Per Sandberg (49)

– Akevitt og blendahvitt – det e’ Fremskrittspartiet for mæ

Eit sikkert statsrådkort. Har markert seg sterkt som leiar av Stortingets Transport- og kommunikasjonskomité, og innehar ei sentral rolle i partiet som ein av dei strategiske og politiske retningsleggjarane. Kunne vore aktuell også som justisminister, mellom anna fordi dagens justispolitiske talsmann Jan-Arild Ellingsen vert rekna som nokså tannlaus og svak, men Sandberg har ein voldsdom frå nokre år sidan som mange meinar vil hindra eit eventuelt kandidatur til Justisdepartementets høgaste post.

VELFERDSMINISTER: Carl I. Hagen (65)

General Lee has returned

Den tidligare formannen er utnemnd til/har bestemt seg for å bli (velg sjølv) Framstegspartiets eldregeneral og frontkjempar i seniorpolitikken. Han er utvilsamt ein svært flink politikar, sjølv om eg politisk står galaktisk langt vekke frå hans ståstad. Han nyter tillit i spørsmål som gjeld helse og eldre, og Siv Jensens uttalte ambisjon om å effektivisera statsforvaltinga ved å redusera talet på departement, vil kunne føra til at Hagen blir utropt til statsråd både for helse, omsorg og arbeid (?) i eit nytt Velferdsdepartement. Hagen er kanskje den beste statsråden Siv Jensen kan få, men autoritetsbalansen i ei regjering med dei to vil kunne bli ei potensiell utfordring.

FORSVARS- OG SIKKERHETSMINISTER: Hans J. Røsjorde (68)

Tyrihans

Politisk veteran og mangeårig leiar av Stortingets forsvarskomité. Røsjorde er ein dyktig parlamentarikar og vert av fleire trekt fram som ein av brubyggjarane mellom ei FrP-regjering og partia i Stortinget. Utvilsomt FrPs beste på området. Ein eventuell utfordrar til posten kunne vore Per Ove Width, som også er rekna som ein flink parlamentarikar og i tillegg relativt moderat til å vera FrP-mann.

OLJE-, ENERGI- OG MILJØMINISTER: Ketil Solvik-Olsen (37)

Sveiseblind

Rogalendingen er profilert som FrPs miljøpolitiske talsmann og er godt likt internt i partiet for arbeidet han har gjort på området. Ein sprek departementskombinasjon i kvart fall, og Solvik-Olsen vil få eit svært breitt saksområde å forholda seg til. Spennande med eit parti som ikkje trur noko særleg på dei menneskeskapte klimaendringane, men som samstundes vil bevilga ein god slump pengar til å kjempa mot dei. Sterkt!

FAMILIE- OG UTDANNINGSMINISTER: Sylvi Listhaug (31)

Eit listig val av Jensen, eit lystig val for Helga Hjetland…

Ung, men ei av få i partiet med styringserfaring. Svært populær internt. Nokså flink debattant, og heilt klart ei kvinne for framtida i partiet. Ein utdanningsminister frå Framstegspartiet skal bli svært spennande å følgja, og Sylvi skal i tråd med etternamnet styra med list om ho vil tekkast den akademiske venstresida, som i følgje FrP alltid har dominert sektoren Listhaug skal regjera over.

KOMMUNALMINISTER: Liv Røssland (48)

Til lags åt alle kan ingen gjera, og sjølv med Røssland blir det nok neppe Liv i gamle stover…

Eit under at Dagbladet foreslår henne som kommunalminister, men om Terje Søviknes vil, så er nok han ein langt sterkare kandidat til jobben. FrP foraktar alt som har med likestilling og kvotering å gjera, men vil nok samstundes prøva å i det minste ha ein kvinneandel på ein tredjedel i regjeringa. Mangelen på kvalifiserte kvinner er likevel eit stort problem for partiet.

IDRETTS- OG KULTURMINISTER: Karin Ståhl Woldseth (55)

Ingen stålkontroll, what-so-ever

Synd å seia det, men eg har ein sterk mistanke om at kvotering her har vore inne i biletet. I ei FrP-regjering. Mildt sagt imponerande. Woldseth er stortingsrepresentant frå Hordaland og utan nemneverdig merittliste. Når ho då skal styra eit departement som forvaltar eit politisk område der FrP manglar politikk, blir det vanskelig. Ja, ja, Karin. Du slepp heldigvis sitja lenge.

JUSTISMINISTER: Arve Lønnum jr. (48)

Hagens mann skal privatisera fengsels-Noreg

Ein av dei få kandidatane utanfrå den noverande politiske eliten i partiet som blir lansert. Vart i sin aktive karriere rekna som ein del av Hagen-fløyen i partiet. Har vore i bystyret for FrP i Oslo tidligare, og leiar av fylkespartiet der. Som nevnt tidligare er både Per Sandberg og Jan-Arild Ellingsen også aktuelle namn her, men Sandberg har ein voldsdom hengande over seg og Ellingsen blir rett og slett ikkje rekna som kompetent nok til posten.

NÆRINGSMINISTER: Øyvind Korsberg (49)

Fullstendig hysteri, indeed

Stortingsrepresentant med solid forankring i partiet. Tidligare klimapolitisk talsmann, og var blant dei første til å kalla rapportane frå SNs klimapanel for skremselspropaganda og fullstendig hysteri. Tydelig og god stortingsrepresentant, men som statsråd «fryktar» eg at han fell litt gjennom (på lik linje med resten av banden Siv Jensen stiller opp).

HANDELS- OG UTVIKLINGSMINISTER: Marianne Lie (47)

Rederbistand, intet ukjent fenomen for FrP

Den einaste kandidaten som ikkje har noko uttalt politisk tilhøyre, men som tidlegare topp i Rederiforbundet er det ikkje usannsynleg at ho vil plassera seg eit godt stykke ute på den politiske høgresida. Siv Jensen har sagt at ho gjerne tar med folk som ikkje frå før er ein del av det politiske miljøet, og Lie vil i kvart fall kunne nyta respekt for den kompetansen ho har opparbeidd seg gjennom arbeidserfaringa, og den bakgrunnen ho elles har.

INTEGRERINGSMINISTER: Lodve Solholm (60)

Kvifor ikkje assimileringsminister?

Gir seg på Stortinget ved valet til hausten, men har allereie fått ny jobb som fylkesmann i heimtraktene. Sekstiåringen frå Møre og Romsdal har solid stortingserfaring og vert av mange rekna som ein av dei mest tillitvekkande og sterkaste politikarane frå Framstegspartiet. På eit politisk område der partiet i mange år har spelt retorisk klespoker med dei andre partia – dog med falske kort – er det viktig å ha ein mann som kan fronta departementet og regjeringa på ein truverdig og tydeleg måte. Solholm er såleis intet dårleg val, sett frå eit Framstegsparti-synspunkt.

En tanke om “FrPs regjeringskabal: Kvalitetsvurdering

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*