DNAs landsmøte: Tove Paule, Arne Strand og LionPopChoc

Underteikna sit for augneblinken midt i Arbeidarpartiets tidvis kokande landsmøtesal, og som førstereisgut på partiets høgste samkome kan eg ikkje gjera anna enn å karakterisera det heile som ei vedunderleg oppleving.

Stemninga i salen er klisjéaktig nok til å ta og føla på. Sjølverklært løvinne og Hordalandsdelegat Joril Christensen nyttar den pågåande pausa til å knaska «LionPopChoc», medan Rune Gerhardsen les gjennom talearka sine med gestikulerande rørsler. Delegatar spring rundt og leiter etter fylkesfeller og NTP-kopiar. Pressa og websatsinga sit også sitt preg på landsmøtet. Ein enorm kamerakran har i heile dag bevega seg att og fram i lokalet, og det skal visstnok vera registrert rundt 200 akkrediterte journalistar.

Det gjer noko med ein når ein oppheld seg i ein atmosfære der mediemoskusane Marie Simonsen og Arne Strand vandrar rundt i lettliven passiar, der ein treff statsrådar i kioskkøen og får tildelt brosjyrer og velvalde ord av idrettspresident Tove Paule ved inngongen.

Statsminister Jens Stoltenbergs innleiing var av det solide slaget og bar preg av grundig regi og strategi. Den einaste verkelege statsministerkandidaten i Noreg framsto som handlekraftig, besluttsom og sterk, og langa ut akkurat passeleg sviande spark til opposisjonen. Stoltenberg viste til hausten 2005 då høgresida lova veljarane å samla seg om eit alternativt regjeringsbyggverk – ja, dei ville attpåtil byggja stein på stein.

Det Jens Stoltenberg karakteriserte som eit uferdig byggverk, fylgde LO-leiar Roar Flåthen opp og sa: «Viss samlingsforsøket på borgarleg side hadde vore ein byggeplass, ville Arbeidstilsynet stengt den for lenge sidan», til munter begeistring blant tilhøyrarane i salen.

Klokka syner 19:16 og folk byrjer atter å samlast i salen til politisk verkstad. Frå dirigentbordet ringer Terje Ohnstad med bjølla og debatten skal halda fram. Følg mi dekning frå landsmøtet løpande på http://twitter.com/teikeland.

GULLKORNET:
Dgt. nr. 26 Kobla Agbota (Akershus):
– Jeg håper det ikke er noen sensasjon at jeg står her. Jeg får av og til komplimenter der de sier til meg: «Du snakker bra norsk!»
Da svarer jeg: «Jo, takk i like måte!»

2 comments for “DNAs landsmøte: Tove Paule, Arne Strand og LionPopChoc

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*