Alan Akbar!

Av | 6. april 2009

Kjenningsmelodien til Den Store Klassefesten kan sannsynlegvis ta knekken på dei fleste artar som er føreslått verna i den komande naturmangfaldlova, og programleiaren sjølv kan nok skapa krøll for den mest hardbarka furulegg. Furete leggar upåverka av Dan Børge Akerø spring uavhengig av norsk, kjernefamilietilpassa laurdagsunderhaldning rundt på ei vinterprega grasmatte i Newcastle med eit nedrykksspøkelse hengande over seg – eit spøkelse som kan få den mest darwinistiske skeptikar til å bli Facebook-fan av TV Noregs ”alternative tysdag”-seanse.

Med eit trykknivå på hjartekammera som får Bravo-utblåsninga til å verka som ei hissig tekanne, falt interimmanager Joe Kinnear ut av sjefsstolen på St. James’ Park. Tilbake sat den tidlegare Tottenham-duoen Chris Hughton og Colin Calderwood med ansvaret for den syttande rikaste klubben i verda, ein klubb som tok sitt siste seriegull i same tiår som den førre finanskrisa slo inn over verda. Ein klubb som skiftar manager oftare enn Sir Alex skiftar tyggegummismak. Ein klubb som har farga livet mitt i svart og kvitt i ein dryg dekade. Ein klubb som i år har gitt ein elles så munter attenåring sine første grå stenk i tinningen.

Då Dagbladet for vel eit år sidan ringte underteikna og fortalde om Kevin Keegans mirakuløse tilbakekomst var godorda mange: – Fantastisk! Helt vilt! Noe av det største som har skjedd klubben! Ekstatisk! Utrolig! Strålende!

Same underteikna hadde i same kulturradikale avis nokre dagar tidligare uttalt følgjande ved Sam Allardyces avskjed: – Fullstendig hodeløst! Ledelseskulturen i klubben har fullstendig gått av skaftet.

Og den kulturen viste lite teikn til endring. Det skulle nemlig ikkje gå meir enn åtte månader før Keegans ferd var over for denne gong. Då Anne Aasheim atter ein gong befalte sine disiplar om å hiva seg på tråden, spådde eg følgjande på spørsmål om Alan Shearer no var ein aktuell kandidat: – Alan Shearer vil alltid være med i en diskusjon når slikt oppstår. Det vil slett ikke forundre meg om Ashley spør Shearer, men det spørs om han er den rette nå.

Sju månadar etter dette sit Alan Shearer i sjefsstolen på St. James’ Park.

Borte er Kevin Keegan. Gone by the wind er også verneverdige Terry McDermott.

Då eg på spinkle barnebein klistra min første glinsande Les Ferdinand-poster på veggen på guterommet, var min framtidige fotballagnad i det store og heile avgjord. Newcastle var klubben, og Phillippe Albert var det levande beviset på at bart er kult. Det er ingen løyndom at Alan Shearer i mine auge er den største helten St. James’ Park nokon gong har hatt, og at nettopp denne mannen no saman med Iain Dowie skal redda klubben frå nedrykk, er ei innsprøyting sjølv hesten Camiro ville meina var av det uvanleg sterke slaget.

På Alan Shearers fanside på Facebook, administrert av underteikna, har til no over 30.000 supporterar organisert si støtte til den legendariske managerdebutanten, som med sine 38 år er Premier Leagues yngste lagleiar. Dei fleste er samde om at Shearer har eit – etter tilhøva – ypparleg utgangspunkt. Om han mot formodning ikkje skulle klara å berga Newcastle frå nedrykk, vil ein vanskeleg kunne peika på det som Shearers feil. I så måte ligg alt til rette for at Shearer skal føra klubben opp igjen, med ein klubb bygd opp etter hans prinsipp. Likevel: det er ingen tvil om at tårene vil flyta tett hjå fleire enn meg om klubben ved enden av sesongen ligg på ein plass som kvalifiserar til nedrykk. Og om ikkje Shearer-effekten kjem allereie i bortekampen mot Stoke til helga, vil det sjå vanskeleg ut med tanke på resten av sesongen. Kampprogrammet er alt anna enn lett, og ein eventuell snuoperasjon vil kvalifisera til både eit assortert utval Nobelprisar, Kongens fortenestmedalje i gull og Landsskyttarstemnets heiderspris.

Eg avsluttar med å gjera Kris Kristoffersons ord til mine, med ei bøn til Alan Shearer:

Yesterday is dead and gone and tomorrow’s out of sight
And it’s sad to be alone. Help me make it through the night
___________________________________________________________________________
Newcastle-entusiast Tore Eikeland blir kollektivets Championship-korrespondent neste sesong om ikkje Alan Shearer hjelper han og alle andre med hjartet ved elva Tyne gjennom natta.

En tanke om “Alan Akbar!

  1. Tilbakeping: Det Tore skrev – SKRIVEKOLLEKTIVET

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*