Newcastle United: There goes my everything

Eg simpelthen elskar å dra inn gamle slagarar som bakteppe for det eg skriv om, og dette innlegget er intet unnatak. Difor vil eg oppmoda lesaren om å setja på denne songen i bakgrunnen når resten av teksten skal forserast. Dette innlegget er nemlig tileigna den fotballklubben eg mest av alt held av og bryr meg om. Dette innlegget er tileigna Newcastle United.

Få ting og for den saks skuld òg personar har eg hatt eit like romantisk forhold til som Newcastle. Seks år gammal og i sølvrus var fotballframtida til underteikna meisla i granitt. Med sølvrus tenkjer eg ikkje på den vesle fornikla statuetten samtlige deltakarar så inklusivt vart tildelte i Hausvik Cup ’96, men på det edle metallet som ein gong pryda storlaget til Kevin Keegan omtrent på same tid. Med Alan Shearer, Steve Howey, Les Ferdinand og Pavel Srnicek blafrande over fjernsynsskjermen, supplert av Sidsel Wold-sveisen til Darren Peacock og Phillippe Alberts grasiøse gasellesprang opp og ned langs kanten, var det lita tvil om kva lag eg skulle velja.

Eg reknar meg sjølv som fotballsupportar, og dei som hevdar at dei heier på to lag frå same land, kan vanskeleg kallast ekte supporterar. Difor har eg òg kun eitt lag. Men medan fotballinteressen min berre såvidt hadde begynt å titta inn garderobedøra på St. James’ Park, hadde eg òg eit vakent auge på onsdagslaget frå Sheffield – eit lag som med fengande spelestil og sterkt karismatiske spelarar tiltrekte seg mi merksemd. Alt frå keeperbamsen Kevin Pressmann, via Paolo Di Canio og Benito Carbone til forsvarsheltane Dan Petrescu og evigunge Des Walker. Men det er altså Newcastle United som vart, og er, laget.

Om du kjente ein eim av sukking då punktum i førre setning var vel fordøyd, er intuisjonsevna di meir kvinneleg enn ein skulle tru. For det er sukk og stønn som brøytar seg fram frå kjensleregisteret når laget ditt kavar i botnen av verdas kanskje aller beste fotballiga.

Å sjå Newcastle United under nedrykksstreken er som å kjenna skjærsilden spraka i mellomgolvet. Å sjå JFK, eventuelt Joe Kinnear på fagsproget, prøva å mana fram det beste i gutane på laget – utan å lukkast i nemneverdig grad, er vondt.

Sir Bobby Robson.

Graeme Souness.

Glenn Roeder.

Sam Allardyce.

Kevin Keegan.

Joe Kinnear.

Seks managarar på fire år. To av dei i kategorien «framifrå«. Begge kasta ut av klubben på sensasjonelt merkverdige tidspunkt.

Om Kevin Keegan vil eg difor berre seia som det heiter i den gode, gamle slagaren:
There goes my reason for living
There goes the one of my dreams
There goes my only possession
There goes my everything

1 comment for “Newcastle United: There goes my everything

  1. Pingback: Det Tore skrev

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*