Obama: What a night, what a sight!

Av | 5. november 2008

Natta som ligg bak oss kjem til å verta hugsa som ei av dei viktigaste og mest banebrytande nettene i historien. Som kollektivfrende Thorsen så korrekt oppsummerar, har det amerikanske folket vald Barack Obama til deira neste president, og Joe Biden til deira neste visepresident. Det er eit usedvanleg godt val. Ikkje berre i dette radarparet som sådan. Men i høve til kva følgjene ville blitt om amerikanarane hadde vald John McCain og Sarah Palin til å leia nasjonen dei neste fire åra.

Amerikanarar flest, Demokratane inkludert, har på mange måtar eit nokså annleis verdigrunnlag enn kva sentrum og venstrefløy i norsk politikk kan identifisera seg med. Likevel hyllar me no Barack Obama som ein frelsar – ein messias som endeleg har komen for å redda planeten frå sorg og elende.

Det skjer nok ikkje.

Men Barack Obama er utvilsamt den av dei to presidentkandidatane som er best moralsk rusta til å ta fatt på dei store utfordringane ein i verda har i dag. Og med Joe Biden ved si side har han den nødvendige tyngden for å på ny etablera USA som ein konstruktiv deltakar på den internasjonale diplomatiske arena.

Då eg i natt helte nedpå cola, Ole O. Moen, Minde-sjokolade og eit hundretals prognoser, forsto eg etter kvart at denne natta i seg sjølv er grunn nok til å få barneborn – rett og slett for å kunne ha nokon å fortelja om det som skjedde. Så banebrytande. Så sterkt. Så gripande stort.

– Vermont! Pennsylvania! Ohio! New Mexico! Colorado! Indiana! North Carolina! Nevada! Florida! Iowa!

Det rant inn resultat som stadfesta det alle på førehand hadde trudd: den førtifjerde presidenten i USA blir ein advokat fødd på Hawaii, senator frå Illinois og symbol på den gneldrande gneista som i folket blafrar iherdig av sinne etter siste åtte års fadese. Barack Obama er namnet, changorama er gavnet. Om fire år kan Obamas motstandar vera eit forkvakla kvinnfolk av ei førkje frå Alaska som ser Russland frå huset sitt. С удовольствием! seier russarane. Gjerne! seier eg.

Berre kom med det. Med Obama ved roret verkar intet umogleg, og den grasrotrørsla som nasjonalt og globalt har drive han fram er unik i sitt slag og har vist kva styrke og glød som bur djupt i befolkninga som kjenner konsekvensane av vanstyre på kroppen. Det er først og framst desse Barack Obama kan takka for den velfortente sigeren. For vem kan vel segla förutan vind?

Ei lang natt kulminerte med det resultatet me alle håpa på. Pålandsvinden tok med seg ei høgtidskjensle innover Vestlandet tidleg i dag tidleg, og sliten og sentimental kan vel ingen skiljast från Ole O. Moen utan att fälla tåror?

Ei stor natt. Ein stor mann. Ei stor framtid.

Obama, that is.

Kategori: Politikk & Samfunn Stikkord: , ,
Tore Eikeland

Om Tore Eikeland

Tore Eikeland, født 18.mai 1990, var skribent for Skrivekollektivet, og politisk kommentator med hovedblikk på Latin-Amerika og landene i og rundt den gamle Sovjetunionen. Den 22.juli 2011 ble Tore Eikeland frarøvet oss, i så altfor, altfor ung alder i forbindelse med massakren på Utøya.

En tanke om “Obama: What a night, what a sight!

  1. Tilbakeping: Det Tore skrev – SKRIVEKOLLEKTIVET

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*