Kald, borgarleg business

Neste år er det atter stortingsval, og ein skal gjera opp rekneskap for regjeringsperioden til dei raudgrøne og finna ut om dei er skikka til å halda fram i fire nye år. I 2005 la dei raudgrøne fram ein politisk plattform – Soria Moria-erklæringa – som ein ville gå til val på. Denne velferdsvenlege erklæringa falt i god jord hjå veljarane, og såleis valde fleirtalet av det norske folk å røysta raudgrønt.

No, snart tre år etter, har mange meiningsmålingar vist svake resultat for regjeringspartia, og krigsoverskrifter om til dømes bensinprisar pregar mediebiletet. Men ser ein på Soria Moria-erklæringa har faktisk den raudgrøne regjeringa oppfylt forbausande mange av dei tinga ein lova å få gjennomført i 2005. Fleire område er til og med overoppfylt, til dømes når det gjeld talet på nye årsverk innan omsorg. Dette seier ikkje at me ikkje framleis har store utfordringar på mange område, til dømes innan skule, utdanning og samferdsle, men kvar einaste dag jobbar ein knallhardt for å nå dei måla ein sette seg i 2005, for eit betre og varmare samfunn. Fleire borgarlege politikarar snakkar om ei ”usynlig rødgrønn regjering”. Dette tykkjer eg verkeleg er lågmål frå opposisjonen. Ein treng ikkje smørja fjesa sine opp i pressa dagleg slik Lars Sponheim gjer for å utgjera ein forskjell for folk.

Våre eldre, funksjonshemma og andre pleietrengande merkar kvar einaste dag ein forskjell med tusenvis av nye årsverk i omsorgssektoren, og om det er usynleg for Erna og Siv, så er det ikkje det for våre pleietrengande. Arbeidsløysa er rekordlåg, med over 200.000 fleire sysselsette. Er dette usynleg for opposisjonen? Politikk handlar ikkje berre om fiffige oppslag i tabloidane. Politikk handlar faktisk om å gjera folks liv betre der det trengs. Og det er nettopp det dei raudgrøne framfor alt er opptekne av.

Korkje Erna Solberg eller Siv Jensen snakkar særleg høgt om skattelette for dei rikaste eller omfattande privatisering og konkurranseutsetjing av velferdsgoda våre, når dei skal overtyda oss om å røysta mørkeblått neste haust. Nei, dei vel å retta sitt fokus mot å hakka på saker der regjeringa enno ikkje har oppfylt sine løfter fullstendig og å snakka om kor grove manglar regjeringa har på viktige område innan politikken. Ja, dei klagar til og med på nokre av Europas aller billigaste bensinprisar, sett i høve til inntekt, og det i verdas rikaste land. Det finn eg arrogant og småleg. Rett nok er det svært viktig at opposisjonen òg er vaktbikkjer og passar på at regjeringa jobbar for å oppnå løfta sine, men fram mot valet neste år – når Erna og Siv vert tvungne til å snakka om at dei prioriterar skattelette for dei rikaste framfor ei vidareutvikling av velferdsstaten – vil det koma tydeleg fram kva alternativet til dagens regjeringskoalisjon er.

Ei rein Høgre- og FrP-regjering er ein skremmande tanke. Korleis skal me kunne forsvara vår rolle som eit føregangsland i miljøpolitikken, med ein statsminister som ikkje trur på dei menneskeskapte klimaendringane? Korleis skal me kunne forsvara vårt globale ansvar som eit av verdas rikaste land, med ein statsminister som praktisk talt vil fjerna all form for u-hjelp og bistand til fattige land? Og kva er det som tyder på at Erna Solberg vil gjera noko anna enn å sultefora kommune-Noreg slik ho gjorde sist ho sat ved makta?

Valet neste haust vil avgjera om alle våre eldre skal få sjukeheimsplass på same vilkår, om alle våre born framleis skal gå i den same fellesskulen, og om me føretrekkjer ei framleis satsing på dei offentlege velferdsgoda som alle nyt godt av, eller om me skal prioritera skattelette for dei som allereie har mest og ei privatisering som berre gagnar dei få.

Røyst for eit velferdssamfunn for alle, og ikkje ein velferdsmarknad for dei få! Røyst raudgrønt i 2009!
_________________________________________________________________________________
Dette lesarbrevet var på trykk i Klassekampen onsdag 30. juli, og i Bergensavisen fredag 1. august, og er òg å finna på bloggen Statskanalen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*