Slik gikk det sist: Republikanerne etter Iowa, 2008

I natt norsk tid avholdes de første nominasjonsmøtene i den republikanske presidentnominasjonen foran valget i november, i delstaten Iowa. Vi kommer tilbake til resultatene de nærmeste dagene, men aller først tar vi et blikk tilbake, til samme sted for fire år siden, like etter at tidligere Arkansas-guvernør Mike Huckabee hadde vunnet nominasjonsvalget i Iowa foran Mitt Romney. Nedenfor gjengir vi en analyse skrevet for bloggen No Surface, All Feeling, 4. januar 2008. (Det er gjort små oppklaringer og språklige endringer i teksten, men meningsinnholdet er stadig det samme.

***

Den som trudde og vona at nominasjonsmøta i Iowa skulle gjere det republikanske feltet meir oversiktleg, må ha blitt vonbroten. Den som ikkje nødvendigvis ønskte det, men som trudde at Mitt Romney skulle vinne på bakgrunn av sitt enorme økonomiske og organisasjonsmessige overtak, blei vel først og fremst overraska.

Det kunne sett mykje klarare ut no. Dersom Romney hadde vunne Iowa, og dermed truleg parkert Mike Huckabees sjansar, kunne han ha reist til New Hampshire på ei bølgje av momentum som i neste omgong kunne ha sikre han sigeren over hovudutfordraren John McCain. Om McCain likevel hadde vunne i N.H., ville Romney vore svekkja, men sannsynet for at vi då hadde sedd på eit tovegsløp mellom McCain og Romney er likevel overvegande, fordi Giuliani nok hadde kome for seint i spel. Når ingenting av det enno har materialisert seg er det berre ein ting som ser sikker ut. Romneys veg til nominasjonen ser plutseleg veldig mykje lengre ut, mellom anna fordi det no er vanskeleg å sjå på han som favoritt i New Hampshire.

Romneys nederlag i Iowa er sannsynlegvis større og meir øydeleggjande enn det Hillary Clinton opplevde på demokratisk side. Det står no ganske klart at Romney ikkje vil vere istand til å konkurrere om å vere den sosialkonservative kandidaten, rett og slett fordi dette er eit spel som Huckabee kjenner og som til og med Fred Thompson gjerne speler betre enn han. Romney står i umiddelbar fare for å forskreve seg, noko han har risikert lenge. På den eine sida skal han appellere til moglege McCain-veljarane med sin løysingsorienterte pragmatisme. På motsett kant kan han ikkje sleppe Huckabee av syne, dersom han skal ha von om å vinne i South Carolina. Spagaten kan bli vond.

Likevel vil eg vere tilbakehalden med å overdrive kor viktig sigeren i Iowa er for Mike Huckabees eige kandidatur. Vi må avvente meiningsmålingar frå N.H. før vi får sjå korleis den verkar inn der, og han har førebels ikkje klart å fungere som den samlande krafta han har potensiale til å bli. NH er også ein ganske annan type stat enn Iowa. Dei religiøst konservative er ikkje like mange der, og det skal særs mykje til for at Huckabee blir betre enn nummer tre. Det vil rett nok vere eit respektabelt utgangspunkt, men han risikerer å drukne i duellen mellom McCain og Romney, dersom den same konstellasjonen er klar for omkamp i Michigan nokre dagar etter N.H.

Her er også Romneys beste veg tilbake til frontrunner-status gøymt. Han er no nøydd for å underspele kor stor og viktig sigeren til Huckabee i Iowa faktisk var, og heller hamre inn påstanden om at han er den beste konservative kandidaten som kan appellere også til andre enn dei religiøst konservative. Valdagsmålingane frå Iowa syner at Huckabee vann først og fremst fordi frammøtet mellom evangelical voters og gjenfødde kristne var mykje større enn venta. Romney hadde sameleis mykje breiare støtte mellom ikkje-religiøse veljarar enn Huckabee. Det kan høyrest absurd ut, ettersom Romney er ein uforbetreleg flip-flopper, men valgbarhetskortet kan fort vise seg å vere det beste Romney har på handa. Men atter eit anna problem er at dette argumentet kanskje fungerer mot Huckabee, men det gjev ikkje noko svar på kvifor moderate veljarane som vil stogge Huckabee skal velje Romney istaden for McCain, som konsekvent gjer det mykje betre i match-ups mot moglege demokratiske motkandidatar. I mine auge vil McCain vere den einaste som kan gå generalvalet i møte med eit svakt favorittstempel.

For sin eigen del har McCain før øvrig all grunn til å vere nøgd med innsatsen. Det er ikkje mange månadene sidan han blei fullstendig avskriven i Iowa, og å dele tredjeplassen med Fred Thompson er godt gjort. Om det gjev han så mykje ekstra momentum inn mot NH er usikkert, men svekkjinga av Romney kan ha gjort den jobben uansett. Og for ikkje lenge sidan var altså det store spørsmål korleis McCain skulle kunne reise seg frå ei total audmjuking i Iowa til å vinne New Hampshire. Utgangspunktet har blitt sterkt betra. Den største utfordringa no kan faktiske vise seg å vere ei veksande forvetning om at han ikkje berre skal slå ein svekkja Romney i N.H., men at han skal slå han med klar margin.

Til slutt må eg få knyte nokre kommentarar til dei to soleklare taparane i Iowa: Fred Thompson og Rudy Giuliani. Om den delte tredjeplassen var ei vitaminsprøyte for McCain, er den noko nær dødsstøytten for Thompson. Han hadde vona å kunne innkassere ein tredjeplass som gav han kontakt med Huckabee og Romney, for (i det minste) å halde namnet sitt lunka fram til South California held det første sørstatsprimærvalet i slutten av januar. Heller ikkje dette verka vasstett (eg har stendig problem med å forstå korleis Thompson skulle kunne omsetje stripevis med tredje- og fjerdeplassar i ein plutseleg førsteplass, sjølv om han er den mest klassiske sørstatskonservative kandidaten), men det var det næraste han kom ein strategi etter at han hadde venta ut entusiasmen i Iowa ved å bli sitjande på gjerdet fram til september. Ein eller annen gong skal eg setje meg ned og tenkje over kva som hadde skjedd dersom Thompson faktisk hadde erklært kandidaturet sitt i juni, som han burde, og hatt tid til å byggje seg opp til den symbolsk viktige straw pollen i Ames i august. Kunne han ha samla opp dei sosialkonservative og stengt den luka som Huckabee fann då han først tok andreplassen i Ames, og deretter vann straw pollen på verdiveljar-konferansen ein stund etterpå?

Rudy Giulianis resultat er på si side elendig på ein heilt annan måte enn Thompsons. Rudy kunne berre notere skalpen (han er ein sheriff-aktig tøffing, og samler gjerne på slikt?) til ikkje-kandidaten Duncan Hunter i beltet, og han blei knust av Ron Paul. Konsekvensane av miseren blir imidlertid ikkje like dramatiske for Giuliani som for Thompson – enno. Rudy har aldri eigentleg satsa på Iowa, og i motsetnad til hans nesten schizofrene valkampstrategi i New Hampshire, er det difor ikkje sikkert han blir særleg svekt av denne. Men han møter likevel nokre av dei same utfordringane som Thompson. Dersom han ikkje får eit einaste oppløftande resultat før Florida (som kjem etter South Carolina igjen), er det vanskeleg å sjå kvifor han plutseleg skal vere mellom favorittane. Det er ein modig, men kanskje dumdristig strategi, fordi den baserer seg både på at vanleg momentum-tenking skal vise seg irrelevant, og at feltet skal vere like spreidd og lite oversiktleg etter fem-seks statar som det er no. Om ikkje Rudy forrekner seg nett no, så trur eg han gjør det dersom Thompson trekkjer seg etter N.H., og ber sine folk støtte McCain, som han hadde eit godt samarbeid med i Senatet. Viss McCain vinn New Hampshire og får Thompson i ryggen, er det sannsynlegvis McCain som er anti-Huckabee-kandidaten (Huck er forakta av mange utanrikspolitiske haukar og økonomisk-konservative. McCain sjølv har grep om den første gruppa, og Thompson kan hjelpe han med den andre) – ikkje Romney eller Giuliani.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*