Stikkordarkiv: Lars Løkke Rasmussen

Danmark: SVM-regjeringa mister sitt faste fleirtal. Det er berre vekas nest viktigaste politiske hending

Av | 18. november 2023

I september fekk statsminister Mette Frederiksen eit trumfkort å spele ut mot dei i Socialdemokratiet (S) som framleis meinte at ho burde testa det latente sentrum-venstre-fleirtalet etter folketingsvalet, i staden for å skipe ei historisk fleirtalsregjering med den borgarlege erkerivalen Venstre (V) og eks-statsminister Lars Løkke Rasmussens nye parti, Moderaterne (M): Då Theresa Scavenius melde… Les mer »

Danmark: Regjeringsprosjektet skal «genbekræftes», og no snakkar dei ope om etterfølgjarar i S

Av | 16. juni 2023

Utanriksminister Lars Løkke Rasmussen (Moderaterne) var langt frå ferdig med å tenkje høgt om SVM-regjeringas framtid etter at han delte sine «overvejelser» kring at statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) skal vere mellom favorittane til å verte ny generalsekretær i NATO. Etter å ha understreka at han oppfatta regjeringsprosjektet som «personbåret», la han i eit intervju på… Les mer »

Danmark: Lars Løkke aukar innsatsen i spelet om Mette Frederiksen i NATO

Av | 4. juni 2023

Rykteflaumen kring Mette Frederiksens moglege kandidatur til generalsekretærposten i NATO har berre auka i styrke den siste veka. Først blei det kjent at den danske statsministeren skal nytte nasjonaldagen til å møte USAs president, Joe Biden, i Washington D.C. Lat gå at dette er noko det har vore arbeidd for og med sidan ho blei… Les mer »

Danmark: Murphys lov eller Matteus’ effekt?

Av | 18. april 2023

Det finst ikkje nokon demokratisk instans som fordeler byrdene jamt ut over den politiske landskapen i Danmark. Medan Socialdemokratiet og Venstres veljarstøtte har rast etter fire månader i regjering, har regjeringspartnaren Moderaterne meir eller mindre halde stillinga, trass i at dei vert dømde på den same, tilsynelatende upopulære politikken. På liknande vis irriterer det openbert… Les mer »

Før den nye samlingsregjeringa kan skipast må Ellemann stogga grasrotopprøret mot midten

Av | 12. desember 2022

I kveld er det kalla inn til ekstraordinært sentralstyremøte i Venstre (V). Her kjem partileiar Jakob Ellemann-Jensen etter å dømme til å presentere regjeringserklæringa som er tinga fram mellom V, Socialdemokratiet (S), Moderaterne (M) og Det Radikale Venstre (R). Framleis er det mykje me ikkje veit: Skal R og M vere med i ei fleirtalsregjering?… Les mer »

Etter folketingsvalet: Moderaterne

Av | 24. november 2022

Lars Løkke Rasmussen har aldri vore engsteleg for å spele høgt, så lenge den potensielle gevinsten er stor nok. Då han var i ferd med å verta felt som partileiar i 2014 fortelte han utfordraren, Kristian Jensen, at han var klar til å ta ei kampvotering. Den kunne han snøgt ha tapt, men Jensen våga… Les mer »

Danmark: Ustø start for Mette Frederiksens «raude» fleirtal

Av | 6. november 2022

Ved lønsjtid fredag stadfesta Danmarks Statistik som venta eit valresultat som tyder at det er vald 90 mandat som har sagt at dei vil ha Socialdemokratiets Mette Frederiksen som statsminister for ei ny regjering (S, Socialistisk Folkeparti, Enhedslisten, Radikale Venstre, Alternativet, IA, Siumut, Javnadarflokkurin). Men berre på dei få dagane som er gått, har det… Les mer »