Kategoriarkiv: Uncategorized

Danmark: Løkke og Frederiksen snur regjeringsslitasje til styringstillegg

Av | 27. januar 2026

Skjer noko to gonger kan det vere eit tilfelle, men den tredje gongen er det ein trend, heiter det seg. Om så er, tenderer danske veljarar til å flokke seg om regjeringspartia Socialdemokratiet og Moderaterne under og etter dei siste vekenes tilspissing av konflikten mellom Danmark og USA om framtida til Grønland. Måndag for ei… Les mer »

Danmark: Lars Løkke aukar innsatsen i spelet om Mette Frederiksen i NATO

Av | 4. juni 2023

Rykteflaumen kring Mette Frederiksens moglege kandidatur til generalsekretærposten i NATO har berre auka i styrke den siste veka. Først blei det kjent at den danske statsministeren skal nytte nasjonaldagen til å møte USAs president, Joe Biden, i Washington D.C. Lat gå at dette er noko det har vore arbeidd for og med sidan ho blei… Les mer »

Snart folketingsval: Alternativet, Frie Grønne

Av | 21. september 2022

Statsvitaren Kasper Møller Hansen kalla si store bok om folketingsvalet i 2019 for «Klimavalget». Skulestreikar og klimabrøl forplanta seg i ei kraftig opp-priotering av klimapolitikken då veljarane skulle ta stilling i valet. Frå venstre til høgre lova partia opptil 70% reduksjon av klimagassutsleppa. I ein uuttalt koalisjon med slitarar på leit etter eit verdig pensjonistliv… Les mer »

Danmark: Folkerøysting om forsvarspolitikken

Av | 8. mars 2022

Sjeldan har det vore mindre naturleg å setje opp noko tydeleg skilje mellom innanriks- og utanrikspolitikk enn nett no, og det illustrerer det nye danske forsvarsforliket til fulle. Etter at fleirtalet sa nei til å knytte Danmark til EUs sams justispolitikk i ei folkerøysting i 2015, har ideen om å avskaffe dansk reservasjon mot EUs… Les mer »

Danmark: Stormer som skal komme

Av | 17. november 2016

Det finst nokre budsjettavtalar det går gjetord om mellom politiske nerdar av ein viss alder. Kvar var du då du fekk vite at Det Konservative Folkepartis (K) leiar, Hans Engell, hadde gått bak ryggen på Venstres (V) Uffe Ellemann Jensen og tinga statsbudsjett med Poul Nyrup Rasmussens sosialdemokratisk-radikale regjering i 1995, kan dei til dømes… Les mer »

Danmark: DF er ikkje usårleg lenger

Av | 29. oktober 2016

Eg var i det lengste skeptisk til om saka om feilaktig bruk av EU-midlar kom til å bli ei reell hovudpine for Dansk Folkeparti. Sjølvsagt var det ugreitt at nettet snørte seg kring gullguten Morten Messerschmidt, EU-parlamentarikaren med nær ein halv million (!) personrøyster i førre EU-val, men var det ikkje helst slik at ingen… Les mer »

Danmark: Viss dei aller rikaste er viktigast

Av | 8. september 2016

Skattestriden i det borgarlege Danmark minner om ei vidgjeten scene0 frå ein kandidatdebatt i den republikanske presidentnominasjonsvalkampen i 2011. Programleiaren ville vite om kandidatane kunne gå med på eit kompromiss der dei fekk ni dollar i kutt for kvar dollar som gjekk til nye offentlege investeringar. Den underliggjande premissen var at ei slik gåve måtte… Les mer »