Ein ny og betre Obama?

Av | 26. januar 2013

Den offisielle innsetjinga av Barack Obama skjedde søndag ettermiddag amerikansk tid, i pakt grunnlovas forskrifter, men det var ikkje før måndag at ålmenta fekk del i storhendinga for alvor. Og skal vi dømme etter mediemottakinga, var det mest som om ein heilt ny president no talte til borgarane. Herda av røynsle med republikansk obstruksjon, og med eit vakent auge til historia og ettermælet, høyrdest den tidlegare så nøysamt brubyggjande Obama plutseleg ut som ein hardtslåande liberalar. Borte var varmhjarta pauseinnslag om tverrpolitisk samling; her fanst istaden ein klar politisk dagsorden, med våpenreguleringar, klimapolitikk og innvandringsreform som målstolpar.

Min eigen reaksjon var samansett. På den eine sida kjende eg glede og optimisme. Ved valet i november tok herværende side kraftfullt til orde for at Obama burde leggje vekk alle moglege attverande illusjonar om at republikanarane i botnen er eit kompromissvillig samarbeidsparti. No har Obama lært, så heretter kan ein vona at han kjem til forhandlingar med reelle primærstandpunkt, ikkje ferdigsnikra, forsiktige kompromiss som republikanarane deretter kan vatne ut og trekkje til høgre. Dinest kjende eg meg omgåande att i Noam Scheibers påstand om at Obama eigentleg har vore ein liberalar heile vegen, utan heilt å våge stå ved det. Og til sist kosta eg på meg ein dose kynisme. Ein del ting kan gjerast frå presidentembetet åleine; i nokre saker kan ein få til kompromiss; og vonleg vil ein ny og fotbetra Obama stundom jamvel lukkast i å få folket til å reagere dersom republikanarane går stikk imot folkevilja; men til sjuande og sist er ikkje stoda fundamentalt endra. Demokratane styrer Senatet og Det Kvite Huset, men Representanthuset har framleis solid republikansk fleirtal. Når demokratane i tillegg med opne auge sølte vekk sjansen til å få betre arbeidsvilkår i Senatet, er det stadig klare grenser for kva Obama kan oppnå.

Mykje av dynamikken i Washington D.C. vil avgjerast av to faktorar. For det første, i kva grad Obama lukkast i å vri seg ut av den kontinuerlege, utmattande og destruktive drakampen med republikanarane om gjeldstaket, velferdsreformer og statsbudsjett. Førebels har opposisjonspartiet akseptert ei heving av gjeldstaket utan motytingar, men spørsmålet kjem uansett opp att i løpet av våren. Skal han få reell arbeidsro til å ta i tu med dei store tinga, treng han ei permanent løysing på desse meiningslause kranglane, kor republikanarane i praksis trugar å slå erklære at den amerikanske staten ikkje kjem til å betale gjelda si, gjennom å nekte å utbetale pengar dei allereie har løyvd.

Den andre faktoren er tid. Presidentperiode nummer to vert som regel farga av merksemda ganske raskt vender seg mot midtvegsvalet, kor presidentens parti tradisjonelt gjer det svakt, og så i retning nominasjonsprosessen til neste presidentval. Om det ikkje nødvendigvis stemmer at presidenten berre har maksimalt eitt år til å få igjennom sakslista si før han sakte men sikkert vert ein “lame duck”, så har han, med sin nye og ambisiøse dagsorden, ingen tid å misse.

Eg held med panelet i Slate’s Political Gabfest om at våpenreguleringar og innvandringsreform er dei to felta der det er størst sjanse for at det skjer noko. I våpenspørsmålet må det uansett verte handling medan saka framleis er i minnet hjå veljarane, og presidenten har sagt frå klart og tydeleg at han vil prioritere det. Nokre gonger er omstenda alt, og her har ei særleg gruoppvekkjande hending tvinga Obama til å ompriotitere. Sjølv om det framleis er heilt uvisst kor mange av reformframlegga (bakgrunnssjekk, ammunisjonsavgrensing, mental helse) som kan tråkle seg veg gjennom Kongressen, er det grunn til å gle seg over at Obama har innsett alvoret. Tagnaden og den politisk kalkulerte feigskapen frå administrasjonen var ein av dei store unnvikarsyndene i første valperioden.

Innvandringsreform er om mogleg eit endå vanskelegare og meir komplisert felt, og noko Obamas føregjengar, George W. Bush, også brant seg på etter attvalet. Bush tok opp ei tverrpolitisk innvandringsreform etter at privatiseringsframstøyten andsynes folketrygda gjekk i stå, men oppdaga etter kvart at han låg til venstre for sitt eige parti i dette spørsmålet. Også denne gongen vil ein stor del av republikanarane, moglegvis eit betydeleg fleirtal, åtvare om at ei omfattande innvandringsreform vil innebere eit “amnesti” for illegale innvandrarar, men med den sviktande oppslutnaden mellom latinoveljarar in mente kan moderate røyster i partiet kanskje likevel hevde seg. Florida-senator Marco Rubio, som av mange reknast som ein sannsynlegvis presidentkandidat i 2016, har signalisert vilje til å agere kompromissmakar på republikansk side, men dei strenge føresetnadene han må setje for å trekkje med seg eige parti, kan gjere kompromisset vanskeleg å svelgje for demokratane.

Desse to store løfta etterlet truleg lite handlingsrom i klimaspørsmålet. Optimistane vil hevde at Obama her har høvet til å bruke presidentmakta til å gå rundt Kongressen, men det er uklart i kva grad han på dette viset kan setje i verk tiltak som verkeleg monner. Obama veit nok sjølv at store framsteg i klimapolitikken er usannsynlege, og kynisk sett kan det tenkjast at han mest la inn referansar til klimaspørsmålet for å sende eit signal til eige grunnfjell om at han ikkje har gjeve opp på førehand. Det går dessutan fint ihop med den overordna bodskapen om at ein ny og meir slagkraftig Obama er villig til å gjere det som krevst, uansett om det er tverrpolitisk populært eller ikkje.

Ting endrar seg kjapt i ein andre presidentperiode. Ideelt sett bør vi kunne sjå konturane av ei klar prioriteringslista allereie i samband med den store årlege talen om rikets tilstand i midten av februar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*