Proporsjonar i ytringsfridomsdebatten

Dagsavisens kommentator Hege Ulstein har nokre heilt nødvendige innvendingar mot retninga debatten om ytringsfridomen har teke etter ei veke med heftig ordskifte kring Fritt Ords pengestøtte til den hatefulle meiningsmannen Peder Nøstvold Jensen. Det handlar om å setje ting i perspektiv.

Å ha rett til å ytre seg og å få betalt for å gjøre det er to helt forskjellige ting. Hvis bare vi som får penger for å mene har ytringsfrihet, har vi sannelig trange kår for det frie ord i Norge. Slik er det heldigvis og naturligvis ikke. Og videre: Å mene at ytringsfrihet har noe som helst med å få betalt å gjøre, er en hån mot dem som har kjent på kroppen hva mangel på ytringsfrihet virkelig er.

Peder Nøstvold Jensens ytringsfridom er ikkje truga, uansett om han får pengar frå ei privat stifting til å skrive ei bok om sitt syn på 22. juli-rettssaka eller ikkje. Faktisk kan det argumenterast for at Jensen, nettopp fordi han er ein ekstremist som skreiv noko av det ideologiske grunnlaget Anders Behring Breivik tok til seg, har lettare tilgong til media enn andre med mindre ekstreme standpunkt. Somme vil seie at media allereie overoppfyller plikta si til å lufte ut ekstreme synspunkt, og Nøstvold Jensen har, i varierande grad, fått komme fram både med eigne meiningar og med korleis han kjenner det å bli kopla til ei grusom terrorhandling, i så vel lesarbrev og kronikkar som i ei bok om han (som han rett nok sjølv var djupt misnøgd med). Er det då, som mange av dei som forsvarar løyvinga til Jensens bokprosjekt tykkjest å meine, eit åtak på ytringsfridomen å ta til motmæle mot den implisitte legitimeringa av synspunkta hans?

Sjølvsagt ikkje. Men det er det som skjer. Ved ei høgprofilert tildeling som denne, sender Fritt Ord eit signal om at Nøstvold Jensen sine meiningar kanskje er ekstreme, men fordi dei er interessante og vesentlege innanfor ein spesifikk kontekst, så fortener dei pengestøtte. Ulstein trekkjer fram Ole Jørgen Anfindsen som døme på kvar dette kan leie oss. Også Anfindsen har fått støtte frå Fritt Ord, og har sakte men sikkert funne ein plass i innvandringsdebatten kor det blir underspelt at mannen er raseteoretikar, mellom anna fordi det finst andre røyster der ute som har endå meir ekstreme meiningar enn han sjølv. Viss lakmustesten din for eit sunt og velfungerande demokrati hovudsakleg baserer seg på at ekstremistar vil sprekke som troll i sollys om dei berre får den offentlege samtalens lyskastarar på seg, er dette vel og bra. Eg er ikkje heilt usamd, heller. Men vi må vere medvitne om at kostnaden til ein slik strategi mellom anna er at grensene for kva som er ekstremt flyttar seg.

Noko av det som skil Anfindsen frå Nøstvold Jensen, er at førstnemnde ikkje oppmodar til væpna motstand mot innvandring. Dei har likevel noko vesentleg til felles: Evne og vilje til å klage offentleg over kor vondt og vanskeleg det er å gå ut med ytterleggåande standpunkt i debattar. Men då er vi tilbake ved Hege Ulsteins kommentar. Hennar hovuddøme på kva og kven eit omgrep som ytringsfridom meir enn anna er til for, er ein avisteiknar i Bangladesh som har vorte fengsla og deretter kjeppjagd frå heimlandet for å ha teikna ein katt ved namn Muhammed. Han risikerte liv og lekam for ytringa si.

At ytringsfridomen må famne om både kontroversielle og ukontroversielle utsegner, både dristige og mindre dristige offentlege intervensjonar, er sjølvsagt. Poenget er berre det at samtalen om ytringsfridom bør finne stad innanfor rimelege proporsjonar. Ingen vil nekte Peder Nøstvold Jensen å skrive ei bok, ei heller å gje den ut, på eiga hand eller ved hjelp av andre. Og viss Ole Jørgen Anfindsen misser jobben på grunn av lovlege ytringar, er det problematisk. Vi treng berre ikkje late som at det å ta til orde mot sponsing av bokprosjektet til Jensen er å likne med eit åtak på ytringsfridomen. Så lenge ytringar ikkje i seg sjølv oppmodar til vald har dei eit soleklart vern, som Jensen nyttar seg av. Men ei anna side av ytringsfridomen er at du ikkje har rett til å forvente at ingen vert såra eller tek til motmæle mot deg for det du skriv. Å innta ekstreme standpunkt i offentleg ordskifte må og bør møtast med skarp kritikk, uansett om det er behageleg for avsendaren eller ikkje. Det i seg sjølv tyder likevel ikkje at vedkommande er i same posisjon som til dømes ein hundsa og valdstruga avisteiknar i Bangladesh.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*