Politisk TV-reklame løyser ingenting for småpartia

Av | 13. juli 2013

Ved inngangen til kvar stortingsvalkamp kjem den tilbake, diskusjonen om kva ein skal gjere med småpartia si rolle i TV-dekninga. Anten det er Kystpartiet (2001), Raudt (2005 og 2009), eller Miljøpartiet dei Grøne (2013), så finst det som regel eit småparti utan sete i nasjonalforsamlinga som kan peike meiningsmålingar som tilseier at dei har reell mandatsjanse, og difor lyt sleppe til i TV-debattar. TV-selskapa på si side kjem dei gjerne delvis i møte, slik NRK planlegg å gjere med Raudt og Dei Grøne i årets avsluttande partileiardebatt, men skulle resultatet endå ein gong bli at desse partia ikkje vinn direktemandat, kan begge sider snart nok konstatere at dei fekk litt rett, og gå tilbake til sine vante posisjonar. NRK og TV2 kan vise til at partia ikkje fekk noko mandat, og såleis hevde at dei prioriterte rett, medan småpartia sjølve vil hevde at nettopp manglande medieeksponering var medverkande til eit dårleg valresultat.

Kvar gong saka har vore debattert, har min sympati lege småpartia, og der ligg den framleis. Det verkar innlysande korrekt at eit parti som er synleg, og som kan låne den auraen av autoritet og seriøsitet som deltaking i ein nasjonal TV-debatten kan gje, vil vere lenger framme i veljarfolkets medvit enn eit parti som ikkje får ein slik sjanse. Dessutan er det truleg rett, som Roald Helgheim skriv på leiarplass i Dag og Tid denne veka, at medverknad frå Raudt og/eller Dei Grøne kan vere med på å live opp føreseielege debattar med nokre nye, og kan hende uventa synspunkt og innfallsvinklar. Det svekkjer ikkje debatten, men er heller ein styrke.

Eg har ingen illusjonar om at dette skal vere ein universalnøkkel til valskred for nokon av desse partia. Meir sannsynleg er det vel at dei vert ein slags attpåklattar i debattane, som først og fremst vil avkrevjast svar på kva dei trur og tykkjer om dette og hint regjeringsalternativ. Kanskje får dei pressa seg inn i diskusjonen om nokre av kjernetemaa deira kjem opp. Men uansett kva rolle dei får tildelt, ville det vore ein styrke.Veljarfolket fortener svar på kva Dei Grøne og Raudt vil gjere innan dei røystar på dei, og programma deira fortener å bli tekne på alvor, om det så skulle vise seg at dei sprekk der under lyskastaren.

Men desse argumenta kjenner vi trass alt godt frå tidlege holmgangar om småparti og stortingsval. Ein stad mellom det interessante og det beint fram kuriøse, finn vi derimot kommentaren frå Civita-medarbeidar Eirik Løkke i torsdagens Klassekampen: Her freistar han å overtyde lesarane om at utestenginga av småpartia er eit godt argument for å tillate politisk reklame på fjernsyn. På denne måten, meiner Løkke, kan småpartia tale direkte til veljarane, utan det filteret som innlemmingsreglane for TV-debattar representerer.

Ved første augekast er det eit tiltrekkjande argument. Om politisk TV-reklame hadde gjort rommet for politisk debatt større, ville eg også kunne ha støtta det. Underskrivne har i etter kvart mange år intatt same standpunkt som Raudt-leiar Bjørnar Moxnes: Det er i beste fall naivt å tru at småpartia har like mykje å tene på politisk reklame som store parti. Når alt kjem til alt, er det likevel meir sannsynleg at dei same mønsteret vil gjenta seg på denne marknaden som med andre reklameformer; det er dei store, pengesterke partia som vil råde grunnen, medan småpartia risikerer å drukne. Rett nok treng ikkje småpartia ha ambisjonar om å nå like mange veljarar, men spørsmålet blir då om det er den mest effektive måten å bruke svært avgrensa økonomiske ressursar på. Eg trur svaret er nei.

Som Ap-medlem burde eg kanskje ha ønskt ei slik liberalisering velkommen. Ap og Høgre har utan tvil dei økonomiske musklane som skal til for å vinne på å kunne marknadsføre seg sjølve på TV. Når eg likevel er motstandar av forslaget, er det likevel ikkje berre av omsyn til mindre parti og ønskje om at konkurrentane skal stille nokonlunde likt på iallfall eitt området. Det handlar også om at eg trur det offentlege ordskiftet har lite å tene på sjølve formatet. Å skulle koke ned ein politisk bodskap til tretti sekund etterlet lite rom for nyansar, og har i mange land som har prøvd det i årevis ført til meir skiten valkamp og medvite uvøren omgang med faktisk. Eg har vanskeleg å sjå korleis dette skal lyfte kvaliteten på ordskiftet i ein hektisk valkamp.

Då føretrekkjer eg stadig at småpartia slepp til i TV-semde debattar.Det ville gledd meg om at NRK og TV2 kunne mjuka opp på krava sine. Ikkje minst fordi sjølve tilbakevendande debatten om innlemmingskriterium byrjar bli retteleg føreseieleg og trøyttsam.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*