Omkamp om statsministerposten?

Av | 17. oktober 2014

Borgarleg statsministerkaos var ein av dei tinga som i si tid lærte meg å skrive om norsk politikk, så eg vart både glad og nesten nostalgisk då Siv Jensen i eit VG-intervju på torsdag ikkje ville avvise at ho kan gje Erna Solberg kamp om statsministerposten etter neste stortingsval. Nær og fjern politisk historie er breiddfull av borgarlege koalisjonar som er nær ved å gå dukken på grunn av uavklarte mannskaps- og samarbeidsspørsmål.

Då Per Bortens uforsiktige omgang med fortulege dokument tvinga Senterpartiet til å gje frå seg statsministeren i den borgarlege samlingsregjering som ein gang for alle endte Gerhardsen-epoken, klarte ikkje Venstre og Kristeleg Folkeparti å einast om anna enn at dei ikkje ville gje toppjobben til Høgre. Til slutt sat Odd Bondevik att såra og vonbroten, og Venstre-hovdingen Bent Røiseland vart biografert som «statsministeren vi ikke fikk». Etter rekordvalet i 1993 lanserte Senterpartiet ikkje berre tanken om ei ny sentrumsregjering etter Korvald-støyp, men dessutan Anne Enger som regjeringssjef. Sp byrja å diskutere person istadenfor politikk, og tapte på det. Når sentrumsregjeringa likevel såg dagslys i 1997, var det med Kjell Magne Bondevik som statsminister. Og heilt harmonisk var det heller ikkje då Bondevik vart insett som statsminister for andre gong. I 2001 gjekk KrF til val på ei ny sentrumsregjering, medan Høgre planla for Jan Petersen som statsminister i ei regjering som skulle bli KrFs plan B. Det løyste seg slik, men ikkje før KrF hadde brukt opp store, politiske kapitalreserver på å kapre statsministerstolen i ei annan regjeringskonstellasjon enn den dei hadde lova veljarane. Dei vart godt og grundig straffa for det i 2005.

Men det mest graverande dømet på at splitting i statsministerspørsmålet kan koste dyrt, kom i 2009. FrP flaug høgt på meiningsmålingane i året fram mot valet, og Arbeidarpartiet og FrP treivst glimrande med å utrope «Jens mot Jensen» til den naturlege statsministerduellen. Det underspelte dog at KrF og Venstre den gongen ikkje kunne gå med på andre enn Erna Solberg som regjeringssjef, og sjølv den avklaringa kom i seinaste laget. Venstre lak veljarar på ein uklar «garanti» mot FrP-innverknad, og for å gjere det borgarlege statsministerkaoset komplett hadde Lars Sponheim tidlegare sagt at ingen av dei borgarlege partileiarane hadde dei naudsynte eigenskapane til å bli ein samlande statsminister. Sponheim og Dagfinn Høybråten vart til slutt stilt opp ved føtene til Erna, men kommentariatet var meir oppteke av ein rasande Siv Jensen som skulda Solberg for løgn og svik. Dei raud-grøne fekk attval, på håret.

Alle desse er likevel døme på usikre statsministerdiskusjonar frå opposisjon (sjølv om Kjell Bondevik er eit grensetilfelle). Det nye og interessante er at Siv Jensen no opnar for omkamp om toppjobben medan partiet sit i regjering. Den mest nærliggjande parallellen kan i så måte vere Carl I. Hagens veto mot å gje Kjell Magne Bondevik fire nye år i 2005. Framstegspartiet utelukka ikkje framleis støtte til ei borgarleg regjering, men det var eit ufråvikeleg krav at den ikkje skulle leiast av Bondevik. Samanlikninga halter, naturlegvis. Jensens lansering av seg sjølv som statsministerkandidat i 2017 handlar, iallfall ikkje førebels om mistru til Erna Solberg, slik tilfellet var med Carl I. Hagens svartelisting av Kjell Magne Bondevik. Det mest trulege er at Jensen berre vil gje FrP-veljarane eit signal om partiet ikkje er nøgd med å spele andrefiolin i dagens regjering. Det kan ho gjere ved å varsle at FrP er klart til å styre skuta, om veljarane vil.

Ikkje dermed sagt at intervjuet utelukkande fungerer i ein slik kontekst. For H-FrP-regjeringas støtteparti, KrF og Venstre, er det noko mellom eit håplaust tankeeksperiment og ein subtil provokasjon. Dei har meir enn nok med å svelgje unna eit statsbudsjettframlegg som har sett sinna i kok i begge partia. Venstre gløder av raseri mot vantande klimasatsing, KrF saknar ein sosial profil, og begge er frustrert over medvitne omkampar om til dømes bistand og kulturpolitikk som rykkjer det politiske spelet tilbake til start. Veteranar i KrF gjekk denne ut i Vårt Land og bad KrF vurdere om partiet i det heile har noko å forhandle med regjeringspartia om, og så vel Venstre-leiar Trine Skei Grande som Unge Venstres Tord Hustvedt har uttalt at budsjettet gjer dei mindre lystne på regjeringssamarbeid.

Men kven veit: Kanskje kan Jensens offentlege statsministerdraumar vere det som smir ein defensiv allianse mellom KrF og regjeringspartia? Medan dei fleste andre held auge med Jonas Gahr Støres blikk i Knut Arid Hareides retning, argumenterer nemleg Bergens tidlegare byutviklingsbyråd og tidlegare stortingsvara for KrF, Filip Rygg, motsett: Det dårlege budsjettet frå Solberg & Jensen tyder ikkje at KrF bør halde avstand, men at partiet må vurdere om det kan få meir gjennomslag ved å gå inn i regjeringa og påverke frå grunnen av.

Det er eit synspunkt som treng tid til å synke inn, nett som tanken på statsminister Siv Jensen. Men om den nære førhistoria er nokon guide, så er det tvilsamt om veljarane vil bli meir positivt innstilt til FrP, eller kven som helst annan veslebror i ei koalisjonsregjering, etter kvart som dei lærer den betre å kjenne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*