Danmark: Kva meiner DF om «brexit»?

Av | 22. juni 2016

For danske parti flest, er det lett å svare på kva utfall dei ønskjer av britane si folkerøysting om framleis EU-medlemskap på torsdag. Enhedslisten er imot EU-prosjektet i seg sjølv, og tilrår at britane forlet unionen (ofte kalla «brexit»). Alle dei vanlegvis EU-positive partia – Socialdemokraterne, Venstre, Dei Radikale, Dei Konservative og Socialistisk Folkeparti – vonar at det endar med at britane held fram som medlemer. Men i Dansk Folkeparti er stoda annleis. I Danmarks tradisjonelt mest EU-kritiske borgarlege parti klarer ikkje framståande tillitsfolk å framstå som samla om haldninga til folkerøystinga, eller kva om kva følgjer den kan få. Dei er ikkje nødvendigvis usamde, dei les berre ulike talepunkt.

Morten Messerschmidt er Danmarks i særklasse mest populære EU-parlamentarikar. Hans ord er ofte lov når DF skal leggje linja i EU-spørsmål. Difor vekte det oppsikt at Messerschmidt tidlegare i år sa at den britiske folkerøystinga var den første EU-røystinga der han ville tilrå at EU-sida vann. Sidan den gongen har han presisert at sjølv om han personleg kan ha stor sympati for å gå ut av EU, så har Danmark mest å tene på at Storbritannia blir verande og får innført nokre av dei atterhalda og unnataka som statsminister David Cameron fekk tinga fram i den pakka han no bed britane taka stilling til: «Som brite ville eg kanskje røysta nei, men som danske ville eg røysta ja», oppsummerte Messerschmidt i eit intervju.

Partileiar Kristian Thulesen Dahl og EU-politisk talsperson i Folketinget, Kenneth Kristensen Berth, har på si side lege sterkare vekt på at både eit ja og eit nei kan innebere «spennande nye perspektiv» for EU og Danmark. Eit britisk ja gjev til dømes landet høve til å innføre strengare reglar for når innvandrarar kan få del i offentlege velferdsytingar, ei mangeårig kampsak for DF. Ifall ei britisk utmelding kan EU-skeptikarane sjå føre seg to, i deira augo positive, scenarier: Anten at sjokket fører til at EU-leiarane tek lærdom av signalet frå Storbritannia, innser at integrasjonen i Europa har gått for langt og mista foket på vegen, og difor opnar for meir nasjonalstatleg sjølvstyre. Og/eller at eit frittståande Storbtitannia kan leggje ned grunnsteinen til ein annan type meir avgrensa europeisk samarbeid, som Danmark med tida kan slutte seg til. Korkje Thulesen Dahl eller Kristensen Berth er likevel særleg interesserte i å diskutere slike konkrete utfall. Inntil vidare er bodskapen at ein tek tida til hjelp. Sjølv om britane skulle røyste for å forlate EU på torsdag kjem prosessen med å tinge fram skilsmålsvilkåra uansett til å ta minst to år.

Denne tekniske detaljen blei også livlina til folketingsmedlemmen og den røynde DF-strategen Søren Espersen, då han nyleg svarte på eit hypotetisk spørsmål om kor vidt Danmark burde halde ei eiga folkerøysting om EU-medlemskapen dersom britane om eitt er i gang med å skape eit alternativ til EU. Espersen gav inntrykk av at Danmark nærast per definisjon laut følgje britane. Når Espersen ikkje avviste premissen om folkerøysting, så burde han istaden ha feidd vekk spørsmålet fordi vegkartet tilseier at det tek meir enn eitt år å fullføre utmeldingsprosessen, korrigerte partifellen Morten Messeschmidt. Det er ein tåkeleggingsstrategi, men det er den einaste DF har til rådvelde nett no.

Når det kjem til substansen i det partiet seier, er det faktisk ein styrke at summen av all uklar kommunikasjon er at DF held moglegheitane opne. Det borgar for at det kan tilpasse seg situasjonen og ikkje låse seg til eit standpunkt same kva i ein uavklart situasjon. Men andsynes veljarane er det uvanleg slett kommunikasjonsarbeid. Det er vanlegvis tilsikta når DF etterlet veljarane med ein bodskap som varierer alt etter kva mottakaren helst vil at den skal tyde. Her er det likevel uvisst kvar den forsiktige dobbeltkommunikasjonen sluttar, og blir erstatta av rein, skjær forvirring.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*