Demokratisk dynamitt

Av | 27. august 2008

Forandring fryder, heitte det i programtittelen til Hilde Hummelvolls hus og hage-herlegheit på NRK. Om det var der senatoren frå Illinois fann inspirasjon til valkampslagordet sitt, ja, kanskje heile presidentkampanjen, vitast ikkje. Er kanskje Hilde Hummelvoll tungt inne i det demokratiske valkampmaskineriet? La oss ikkje spekulera unødig. Men slagordet har fenga millionar av Bush-leie amerikanarar.

Likevel: Det er dei som hevdar at Demokratanes presidentkandidat, Barack Obama, og hans popularitet no har fått seg ein knekk over sommaren. Ein viser til meiningsmålingar som visar nesten daudt løp mellom Obama og hans republikanske motstandar John McCain.

Men då Obama lanserte sin våpendragar i Joe Biden for nokre dagar sidan, rekna ekspertane med at populariteten igjen ville stiga. Dette skjedde ikkje.

Dei same ekspertane meina at opninga av Demokratanes konvent skulle ha same effekten. Så skjedde heller ikkje.

Eg var overtydd av begge eksperttipsa, og om lag like overraska kvar gong det ikkje slo til. Så kva er det med fenomenet Obama? Eller kanskje heller; fenomenet amerikansk valkamp?

I dag tidleg har velinformerte ekspertar nok ein gong overtydd meg. Denne gongen om at Hillary Clinton kan ha sikra valsiger for Obama gjennom det mange omtalar som hennar viktigaste, og beste, tale nokonsinne. På det demokratiske konventet i natt norsk tid hald den tidligare førstedama ein eksplosjon av ein tale, så blomstrande brakande at Obama-vennlege delegatar jublande kunne konstatera at samlinga av partiet – samlinga av nasjonen – var i gong. Clinton sende eit tydeleg signal om at alle stridigheitar om person og tidlegare småkjekling innad i partiet no var tileigna historikarane, medan eit samla demokratisk parti skal kasta ut republikanarane av det kvite hus. Eit særs klokt val av Clinton – eit val som får dei fleste nordmenn til å trekkja eit lettingas sukk.

For nokre månadar sidan hadde få, om nokon, tru på at den relativt sentrumsvenlege republikanaren John McCain, overmoden for pensjonisttilveret, hadde nokon som helst sjanse mot den unge, framadstormande ordkunstnaren og reformatoren Barack Obama. Men det har vorte meir change i denne situasjonen enn kva demokratiske tilhengjarar likar.

Likevel:
Joe Biden treng ingen nærmare presentasjon. Han er eit supert val av Obama, og eg har stor tru på at Obama/Biden er ein meget god kombinasjon. Hank inn John Edwards som justisminister, og eg skal vera nøgd. Dog har kanskje ikkje Edwards same moglegheiter som for nokre vekebladutgåver sidan.

Den skandalen kan få grusomme følgjer for alle formar for høve son of a millworker har i den politiske verda. Den strålande, liberale demokraten, med det upåklageleg uforanderlege håret hadde fortent ein betre lagnad.

Men med Barack Obama og Joe Biden i front, kan Demokratane ha starta byggjinga av eit superlag i landet der person gjerne har så uendeleg mykje meir å seia enn politiske prinsipp – når alt kjem til alt. Kjør inn Bill Richardson, smell gjerne inn Sebelius òg. Angrip Johnnyboy med alt tilgjengeleg mannskap, helst i ein 4-3-3-formasjon med mannsmarkering og offsidefeller i fleng. USA treng gjennombrotshissigheit, ikkje Gøril Kringen in disguise.

Såleis, kjære vener, kastar eg meg inn i den amerikanske presidentvalkampen med liv og lemmer, og kan stolt avsløra kven underteikna ser for seg som dei rette til å leia amerikanarane i åra som kjem (om det skulle vera noko klasebombe): OBAMA/BIDEN ’08! Det er no det gjeld.

Forandring fryder…
___________________________________________________________________
Dette innlegget er òg publisert på bloggen Statskanalen.

Kategori: Politikk & Samfunn Stikkord: , , ,
Tore Eikeland

Om Tore Eikeland

Tore Eikeland, født 18.mai 1990, var skribent for Skrivekollektivet, og politisk kommentator med hovedblikk på Latin-Amerika og landene i og rundt den gamle Sovjetunionen. Den 22.juli 2011 ble Tore Eikeland frarøvet oss, i så altfor, altfor ung alder i forbindelse med massakren på Utøya.

En tanke om “Demokratisk dynamitt

  1. Tilbakeping: Det Tore skrev

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*