Dan Jørgensen er Danmarks kommisjonskandidat

Av | 28. august 2024

Eit utal spektakulære namn har vore nemnde, frå tidlegare statsminister Helle Thorning-Schmidt (Socialdemokratiet) og utanriksminister Lars Løkke Rasmussen (Moderaterne) til statsministeren sjølv, men til sjuande og sist gjekk Mette Frederiksen for det trygge og driftssikre; Danmarks kandidat til Ursula von der Leyens nye EU-kommisjon er utviklings- og global klimapolitisk minister, Dan Jørgensen.

Heilt sidan skiping av SVM-regjeringa varsla at Margrethe Vestagers (Radikale Venstre) dagar som kommissær var ved å vere talte, har dei fleste rekna med at Socialdemokratiet akta å peika ut ein av sine eigne som hennar etterfølgjar, og då var Jørgensen det mest nærliggjande valet. Han kjenner EU frå innsida som tidlegare parlamentarikar, og med statsrådserfaring frå tre regjeringar og fleire saksfelt (landbruk, bistand og klimapolitikk heime og ute) har han fagleg tyngd og breitt kontaktnett, ikkje minst gjennom rolla som omreisande apostel for Danmarks klimaambisjonar.

Enno veit me ikkje kva ansvarområde Dan Jørgensen får. Mette Frederiksen understreka at ho trur han kjem til å få ein «tung post» i kommisjonen, men noko tyder likevel på at danskane denne gongen må innrette seg på å hamne eit stykke ned i hierarkiet, særleg jamført med Vestagers glansdagar som nestleiar i kommisjonen. (Bent Winther, Berlingske, 22.08.) Det er ingen løyndom at von der Leyen har etterlyst fleire kvinnelege kandidatar fra medlemslanda, men heller ikkje Danmark altså oppfylte ønskjet om ein kandidat av kvart kjønn. Under pressekonferansen kunne statsministeren sjølvsagt ikkje akseptere premissen om at hadde stilt sterkare med ei kvinne. I tillegg til å rose Jørgensen, hevda ho at Danmark har vore betre enn dei fleste til å nominere kvinner. (Ho har rett: Me må heilt tilbake til Poul Nelson (S) i 1999 for å finne den førre mannen.)

Uansett om EU-parlamentarikarane Stine Bosse (Moderaterne) og Kira Marie Peter-Hansen (SF) synest det er «pinlig» at Danmark berre nominerer ein mann (Berlingske, 28/08), så er det få som har noko å utsetje på Dan Jørgensens kvalifikasjonar. På ein måte er det som om han «kjem heim» når han no byter ut dansk politikk med EU. Gjennombrotet som politikar fekk han som protesjeen til tidlegare statsminister Poul Nyrup Rasmussen i EU-parlamentet. Eit imponerande personleg røystetal i EU-valet i 2009 var ei medverkande årsak til at han blei henta til rikspolitikken mot slutten av Helle Thorning-Schmidts regjeringstid.

Heilt fritt for spenning er det heller ikkje at førehandsfavoritten fer til Strasbourg: I morgon får me etter planen vite mellom kven som tek over saksfeltet hans i regjeringa. Ei gissing er at ansvaret fell på utanriksministeren. Mest merksemd kjem det til å bli kring tre nye ministerpostar, for tryggleik og beredskap, europapolitikk og gjennomføringa av den store trepartsavtalen om skogreising og eit grønare landbruk, som miljø- og landbruksorganisasjonane forhandla fram med regjeringa på forsommaren.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*