GOP ’12: Kvifor fell ikkje Herman Cain?

Av | 27. oktober 2011

Det burde ikkje vere det vanskelegaste i verda å ta oppdrifta ut av Herman Cains presidentkandidatur. Dei politiske standpunkta hans skifter oftare enn sjølvaste Mitt Romneys, og dei standpunkta han faktisk har er ofte ein raud klut for ei eller fleire viktige veljargrupper på det republikanske grunnplanet.  Han har eit stort organisatorisk etterslep i dei tidlege nominasjonsstatane, som gjer det vanskeleg å sjå korleis han kan veksle inn støtte i meiningsmålingane i faktiske veljarrøyster når røystegjevinga startar om dryge to månader. Og han syner ei manglande innsikt i og kjennskap til heilt grunnleggjande politiske spørsmål som burde gje motstandarane høve til å ete han levande i TV-debattar. Så kvifor har det førebels ikkje skjedd?

Eg spør mellom anna fordi eg for to veker sidan gjekk langt i å avskrive Cain som ein døgnflue som snart ville bli sett på sidelina, slik at nominasjonsstridens eigentlege duell kan byrje; den mellom Mitt Romney og kven som helst. Eg står ved den spådommen, men no botnar den mest av alt i ein djup uvilje mot å tru at Cain kan vere ekte vare, heller enn ei genuin tiltru til vinnarsjansane til Texas-guvernør Rick Perry, som eg trekte fram som Romneys mest sannsynlege hovudrival. Men skal det bli plass til Perry, eller nokon annan, må dei første kvitte seg med Herman Cain.

Det er tilsynelatande mange måtar å gjere det på. Cains beste salspitch er også hans største potensielle veikskap som kandidat: Den såkalla ’9-9-9′-planen, som føreslår ein flat selskapsskatt på 9%, flat inntektsskatt på 9%, og ein ny, nasjonal meirverdiavgift på 9%. Cain, som inntil han lanserte denne planen forheldt seg til dei same gradvise endringane i skattesystemet som sine republikanske rivalar, har på denne måten gripe initiativet i skattedebatten. Han argumenterer med at det gjeldande skattesystemet er så komplisert at det hemmer veksten og er ved å miste legitimitet hjå veljarane, og at det difor er nyttelaust å bruke som utgangspunkt for reform. Istaden vil han altså rykke det opp med rota, avvikle alle særfrådrag, og freiste å hamre heim førestillinga om at eit flatt skattesystem er det mest amerikanske av alle idear, fordi det let alle behalde same del av eiga inntekt.

Appellen som ligg til grunn for det radikale framlegget fekk deretter leggje premissene for mykje av den påfølgjande skattedebatten. Folk over heile fjøla, frå Mitt Romney til Ron Paul, har blitt tvinga til å uttale seg positivt om prinsippet bak flat skatt, og Rick Perry, som har aller størst grunn til å sjå på Cain som eit umiddelbart trugsmål mot hans eigen kampanje, har gått så langt som til å lansere ein eigen variant av eit flatt skattesystem. Tanken er ikkje ny; Steve Forbes gjorde den til hjørnestein i sine presidentkampanjar i 1996 og 2000, og seinast i 2008 turnerte Mike Huckabee med det han kalla FairTax, som til liks med framlegget frå Cain har ein nasjonal meirverdiavgift som sentral komponent. Men sjølv om Cain har fått flytta samtalen ein smule, blir det også tydelegare at han er potensielt sårbar for kritikk av planen. Stikk imot det som er elles er melodien i republikanske krinsar – at skattemessig omfordeling botnar i misunning og vilje til å straffe folk som arbeider hardt – var kritikken plutseleg at Cains plan verka sosialt skeivdelande. Under den seinaste republikanske TV-debatten i Las Vegas var semja like overraskande brei om denne veikskapen ved Cains konkrete framlegg, som tilslutnaden til det abstrakte flatskatteprinsippet var det; heile vegen frå tidlegare senator Rick Santorum til kongressrepresentanten Michele Bachmann og nemnde Ron Paul, laut kritikken om at Cain etterlet middeklassen med rekninga. På grunn av forbruksmønsteret vil ein meirverdiavgift råke dei fattigaste hardast, samstundes som skatteletter i toppen vil auke skilnadene ytterlegare. Det var ein spesiell augneblink, som burde signalisert byrjinga på slutten av Herman Cains vekstperiode. (Cain har seinare freista komme kritikarane i møte ved å gjere justeringar i planen.)

Og kritikken stogga ikkje der. I tillegg blei han dengt frå alle sider for å ville innføre ein ny nasjonal avgift. Republikanske skatteaktivistar har i årevis hamra inn bodskapen om at ein kvar ny avgift Washington D.C. får høve til å krevje inn kjem til å bli oppfatta som eit blankomynde til å auke offentlege utgifter. Det er no er iferd med å bli ei vedteken sanning hjå mange aktivistar. Men heller ikkje andre delar av det republikanske grunnfjellet er overmåte entusiastiske over Cains framlegg. I sin iver etter å demonisere Den Store Staten har kritikarar av politisk overstyring frå hovedstaden fått vind i segla dei siste åra. No går dei til åtak på Cain for at den nye avgifta innførast over hovuda på lokale styresmakter. Ein del delstatar har allereie ein lokal moms, men mange har også valt å marknadsføre med fråveret av ein slik avgift. Under framlegget til Cain kjem den nasjonale avgifta eventuelt i tillegg til den lokale, og lågskattestatar blir tvinga med. Det høyrest ikkje så fristande ut for states rights-aktivistane.

Førebels har all kritikken tilsynelatande prella av på hovudpersonen sjølv, Herman Cain. Han står høgare i kurs på meiningsmålingane enn nokonsinne, og det er lite som tyder på at ein klar utfordrar til anti-Romney-tittelen lurer rundt hjørnet. Men skulle helle endeleg snu for Cain, er skattespørsmålet langt frå det einaste som kan felle han.

Utanrikspolitikk har vore nesten heilt vekke frå dei republikanske debattane. Underleg nok, ettersom det for første gong på lenge er visse brytningspunkt å sjå innad i partiet. Både Perry, Paul og tidlegare Utah-guvernør Jon Huntsman har i forskjellige ordelag gjeve uttrykk for at USA bør byrje planlegginga av tilbaketrekking frå Afghanistan, medan kandidatar som Romney og Santorum har marknadsført seg som tradisjonsberarar for den meir tradisjonelle nykonservative posisjonen. Noko som bringer oss til Herman Cain. Då han blei spurt av NBCs David Gregory på Meet the Press, svara Cain at han ikkje kjende til den nykonservative retninga i republikansk utanrikspolitisk tenking, for somme eit klipp som sendte tankane attende til Sarah Palins tilsynelatande manglande kjennskap til Bush-doktrinen i 2008. Cain er ikkje åleine om å vere ustø på det utanrikspolitiske området, men han verkar nesten opsett på å omfamne sin eigen manglande kunnskap. Han har mange gonger svara på utanrikspolitiske spørsmål ved å syne til at han ikkje kan ta stilling til dei før han har blitt vald og sit med alle rådgjevarane og fakta framføre seg, og han varsla at han ville freista å snu detaljspørsmål om utanrikspolitikk (“kva heiter presidenten i Ubeki-beki-beki-stan-stan?”) til ein anklage om at å bry seg med slikt er ei avsporing når det viktigaste er å kjempe imot arbeidsløysa. Cain må berre håpe at den vedtekne sanninga om at utanrikspolitikk ikkje avgjer nominasjonsval held stikk. Viss ikkje, er det utan tvil Cains største veikskap.

Då han erklærte kandidaturet sitt, blei det sagt om Cain at han berre var med for å selje bøker, auka sin eigen marknadsverdi som føredragshaldar, eller skaffe seg ein post i den neste administrasjonen. Det er sjølvsagt mogleg at denne nominasjonskampen er heilt unik, og at den viser seg å vere den første nokonsinne kor korkje manglande politisk substans, ein ikkje-eksisterande valkamporganisasjon på grunnplanet eller skepsis frå partieliten er nok til å hindre ein populistisk ikkje-politikar i å nå heilt til topps. Men når ein ser på korleis han har handtert kampanjen så langt, verkar desse innleiiande mistankane framleis sannsynlege, mellom anna fordi dei kan forklare hans svært uortodokse tilnærmingane til alle sider ved kandidaturet. Difor den republikanske nominasjonen ender opp som ein duell mellom Mitt Romney og Herman Cain, seier det difor i mine augo meir om motkandidatar utan evne til å felle Cain, enn det seier om Cains eige geni.

4 tanker om “GOP ’12: Kvifor fell ikkje Herman Cain?

  1. Tilbakeping: GOP ’12: Så falt Herman Cain

  2. Tilbakeping: Så falt Herman Cain | popcultpolitics

  3. Tilbakeping: GOP ’12: Har ikke Herman Cain lært noe som helst av John Edwards?

  4. Tilbakeping: Har ikke Herman Cain lært noenting av John Edwards? | popcultpolitics

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*